Vesleper

Andre namnNorvegia (1927-1931) Kvitøy (1931)
Eigar1919 A/S Freda, Oslo, (disp. av Winge & Co, oslo v/Halfdan og Peter Bugge)
1927 Bryde og Dahls Hvalfangerselskap A/S (Lars Christensen)
1931 A/S Kvitøy, Vartdal (Paal Aarseth)
FartytypeSelfangar - ekspedisjonsskip
Reg. merkeK 6 K (1920)
O 6 O (1925)
M 3 VD (1931)
HeimehamnOslo - Vartdal
ByggeverftJakob M. Iversen, Son (etter teikningar av Chr. Jensen, Vollen i Asker)
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår114,3 fot
Mål i lengde etter ombygging125 fot
Mål i breidde, byggeår26,7 fot
Mål i djupne, byggeår13,9 fot
Tonnasje250 brt
285 brt
294 brt etter ombyggingar
Maskin, orginaltSkiens Verksteder 2 syl. comp 350 hk
SkipperarAnton Sulebakk
Ragnvald Abrahamsen (1919 og 1922-1923)
Nils Larsen
Martinussen (1920)
Isak Remø (1932-1933)
Ombyggingar VerftCape Town 1930, ny stormast og nytt dekkshus
ForlistForliste i Kvitsjøen 19. mars 1933
Utfyllande opplysningar

Kring byggeplassen i Son fekk skuta på folkemunne namnet «Trassigper». Dette kom av at slippen for bygginga var for liten til den store skuta, vanlegvis hadde dei bygd berre mindre båtar på slippen. Ved sjøsettinga gjorde dette at skuta vart ståande fast i leire utfor byggeplassen ved sjøsetting. Det vart gjort mange forsøk på å drage den av, men først etter ei veke, med hjelp av Marinens flytekran, fekk ein skuta laus.

Første tur på fangst gjekk til områda på Vest-Grønland i 1919. Det vart dårleg fangst dette året, men i 1920 hadde dei 28 kval. Seinare i 1920 var den også på kvalfangst ved Gibraltar. I 1923 fart fangsten på Vest-Grønland 22 kval.

I 1924 vert «Vesleper» liggande faste i Kvitsjøen i 9 veker. Likevel hadde den mest fangst av skutene i Kvitsjøen dette året med 7500 sel og 1300 tønner spekk. Dei hadde også med heim mannskapa på «Blomen», «Kap Flora» og «Drangen» som alle hadde forlist.

Norvegia-ekspedisjonane 1927-1931: Kvalfangstreiar Lars Christensen i Sandefjord stod bak fire ekspedisjonar til farvatna rundt Antarktis med ishavsskuta DS Norvegia. Ekspedisjonane gjaldt i første rekkje søk etter nye felt for kvalfangst, men gjaldt også alle typar observasjonar, oppdaging, kartlegging og forsking.

Christensen si avgjerande rolle førte til at på Bouvetøya og Peter I Øy er namn knytte til Sandefjord, Norvegia og Christensen-familien komne på karta.

Første norske landstiging på øya skal ha vore ved Norvegia-ekspedisjonen si annektering i februar 1929. Ekspedisjoneleiar, zoologen Ola Olstad frå Øyer i Gudbrandsdalen, skal visstnok ha vore første menneske som sette føtene på land på Peter I Øy.

DS Norvegia: Skuta vart bygd i 1919 i Son og levert til Skips AS Freda i Kristiania som Vesleper. Foretaket Winge i Kristiania disponerte Vesleper saman med DS Veslekari, som også tilhøyrde Skips AS Freda.

Då Freda gjekk konkurs i 1926, kjøpte Lars Christensen Vesleper og gav skuta namnet Norvegia. Skipper på første Norvegia-ekspedisjonen var Harald Horntvedt. Nils Larsen frå Sandar var styrmann på den første og skipper på dei tre andre Norvegia-ekspedisjonane.

I 1931, etter den fjerde Norvegia-ekspedisjonen, selde Christensen Norvegia til Elling Aarseth m.fl., Vartdal/Ålesund. Christensen ville ikkje gje frå seg Norvegia-namnet. Derfor fekk skuta namnet Kvitøy, og med det namnet forliste ho under selfangst i Kvitsjøen i 1933.

Forliste i Kvitsjøen 19. mars 1933 med 7500 dyr om bord. Dagen før, den 18. mars, vart dei liggande faste i isen. Dei prøvde å kome seg lause ved å drage ankeret bakover på isen og bruke vinsja i tillegg til maskin, men det nytta ikkje. Skruinga berre auka på, og dei brukte no dynamitt for å sprenge isen langs skutesidene. Men isen pressa på og det vart lekkasje. Vatnet i maskinromet auka til trass for at alle lensepumper var i sving. Til slutt var det ikkje anna råd enn å pakke utstyr og litt proviant å gå på isen.Klokka 22.15 sokk skuta i havet. Dei berga 3 av dei 4 fangstbåtane og ein del proviant, i tillegg til litt anna mindre utstyr og to segl. Omlag 40 meter frå der «Kvitøy» sokk la dei fangstbåtane i ein trekant og trekte segla over. Her overnatta havaristane i storm og 18 kuldegrader. Neste dag klarna veret og dei oppdaga ei skute 6 kvartmil borte, og dei sette straks kursen mot denne.

Mannskapet på 25 kjem seg etter ein marsj over isen på nær 5 timar seg ombord i «Quest». Denne skuta ligg også faste, men etter ei tid kjem hjelpeskipet «Fridtjof Nansen» og baugar dei lause. Mannskapet på «Kvitøy» hadde ei von om å få gå ombord der for heimreise, men ombord i «Fridtjof Nansen» visste dei at det var lus ombord i «Quest» så dei fekk ikkje kome ombord der.

LitteraturIs, skuter og folk Isflaket fleire utgåver Gunnar Isachsen: Norvegia rundt sydpollandet