Vesterisen
Eigar | 1907 H. Koppernæs og Peder K. Trandal, Ålesund 1915, oktober, Peder K. Trandal, Hjørundfjord/Ålesund 1918 AS Vesterisen, Ivar Øveraas m.fl., Kristiansund 1921 partsreiarlag med Ivar Øveraas, Ole Hoem, Peder Berg og Marie Aarnes |
Fartytype | slupp |
Reg. merke | M 83 K |
Heimehamn | Ålesund - Kristiansund |
Byggeverft | Gravdal, Opsanger |
Byggeår | 1907 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 72,4 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 90,3 fot |
Mål i breidde, byggeår | 19,9 fot |
Mål i djupne, byggeår | 8,4 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 8,2 |
Tonnasje | 60,63 brt 83,65 brt |
Maskin, ny | 1912 Aalesunds MV 2 syl. comp 75 ihk |
Skipperar | Peder Trandal (1907-1915) Hans Holmeslet (1918) |
Ombyggingar Verft | 1912 forlengd og ombygd til D/S |
Forlist | Forliste i Kvitsjøen 25. april 1924 |
Utfyllande opplysningar | Saman med «Sjøblomsten» første skute som fanga i Stetet i 1908. I 1908 fekk «Vesterisen», «Sjøblomsten» og «Havfruen» i oppdrag å levere post til «Danmark-ekspedisjonen» som hadde overvintra på Grønland i 2 år. Men det hadde ikkje kome livsteikn frå dei sidan dei drog. På Shannon-øya finn skipper Trandal ein metall sylinder som fortel om kvar ekspedisjonen er. Trandal oppsøker no dei andre skutene og dei bestemmer seg for å ta seg fram til danskane. Først gjekk «Vesterisen» nordover med dobbelt mannskap, men greidde ikkje kome seg gjennom den vanskelege isen. Seinare gjekk alle skutene i lag. No hadde dei hellet med seg og fann overvintringshamna til danskane. Seinare har Trandal fortalt om denne ferda gjennom isen som ungdommeleg uforstand som han aldri ville ha gjort ein gong til. Det var «Havfruen» som først kom attende til Noreg med melding om kva som hadde hendt med Danmark-ekspedisjonen. Mellom anna hadde leiar Mylius Erichsen og to andre omkome på sledetur. Den danske stat sette pris på innsatsen frå dei tre skutene, og dei tre skipperane fekk kvar sitt gullur med inskripsjon. Resten av mannskapa fekk 2.000 kroner på deling. I 1924 kom «Vesterisen» fram til fangstfeltet i Kvitsjøen den 21. mars. 24. april hadde dei 930 dyr ombord og låg faste i isen som førte dei fram og tilbake langs landet utanfor Kapp Gorodetskij. Isen skrua kraftig. Utpå kvelden auka skruinga på og pressa skuta opp akterut og den byrja å leke. Men førebels greidde dei å halde den lens med pumpene. Utover natta 25. april var mest heile skuta skrua opp på isen, roret og rorstilken vart brotne bort, og skuta fekk hol i akterenden under vasslinja. «Vesterisen» var skrua så høgt at det kom ikkje vatn inn gjennom holet, men når isen slepte taket ville skuta søkkje. Ein fangstbåt med proviant vart sett på isen og dregen mot land. Ut på dagen bestemmer dei seg for å forlate skuta og ta seg fram til fyret på Kapp Gorodetskij. Men dei må gje opp å ta seg inn der då isbaksen gjekk med stor fart langs den faste landisen. Mannskapet på 14 vende tilbake til skuta, kokar seg kaffi og ventar på at straumen skal snu. Seinare på kvelden kom dei seg i land etter ein tre timers slitsom tur over isen.
|