17. mai feiring i Kvitsjøen

Det var i 1927 og vi gjekk frå Ålesund med «Furenak» den 16. februar. Nordover langs kysten fekk vi nokså dårleg vêr og då vi kom til Vardø låg frostrøyken tjukk som skodde i fjorden. Men vi heldt fram austover og då vi kom inn mot isen i Kvitesjøen fekk vi nordvest storm. Inne ved land var det likevel ope (isfritt)  så vi kom oss inn til Kapp Orlov, og på ei fin bukt der ankra vi opp for natta.

KS118 Furenak

Men den natta small han stormen så voldsamt at ankerkjettingen vart kutta så vi dreiv til havs, og då var det ikkje anna råd enn å gå inn i isbaksen. Dette gjekk bra til å byrje med, men så fikk vi større is og vart til slutt liggande heilt faste i over ei veke med mykje skruing. Heldigvis var isen så lav at han skrua skuta opp, og omsider kom vi oss ut i lausare is, og kom i gang med fangstinga. Men så vart det ny storm og ny skruing, og så hard at rekka låg ca. 30 grader utover, og der vart opningar i dekket så vi såg ned i rommet.

Vi rekna med at fekk vi meir av dette slaget, så var vi ferdige og kom til å forlise.

Neste dag fekk vi imidlertid ei ny skruing, men den var lenger oppe, slik at rekka og dollbordet vart pressa på plass att så skuta vart heilt tett. Men då vi kom heim viste det seg at 23 spant var knekte!

Skuta heldt altså, og fangstinga kunne fortsette. Til slutt hadde vi full last i skuta, og vi var klare til på gå heim den 15. mai. Då small han brått til med ein ny vestavind-storm, og isen vart stuva saman slik at vi vart liggande faste i fleire dagar.

Heim til 17. mai kom vi altså ikkje dette året, men at grunnlovsdagen skulle feirast var vi alle samde om. Alle fekk oppdrag med arrangementet, og så hadde vi eit songkor om bord. Det var mange av mannskapet som var flinke til å syngje, og som song når dei hadde høve til det, og i periodar med lite fangsting heldt dei korøving både i lugaren og på dekk. Det var han Gran frå Ørsta som var leiar og dirigent, og dei to Åmbakk-gutane Odd og Einar var gode til å synge. Det var også fleire av mannskapet.

Etter middagen tok 17. mai feiringa til. Først song koret to songar. Deretter heldt skipperen tale for Kongen. Neste talar talte for Eidsvollmennene og ein tredje heldt foredrag om selens bevegelse i havet. Deretter skifte det med innslag både i alvor og gaman, og kvar mann hadde sitt innslag i programmet, stort eller lite. Til slutt song koret på nytt to songar, og med det same dei var ferdige sprang han som hadde talt for Eidsvollmennene oppatt på talarstolen og ropte; «Enig og tro til isen slakker».

To dagar etter slakka isen, og vi kunne endeleg ta på heimveg. Då vi kom til Vardø fekk vi telegrafere heim, då hadde vi ikkje hatt kontakt heim sidan vi gjekk frå Tromsø på nord 20. februar. Sørover kysten fekk vi fint vêr, og så vi kom til Brønnøysund såg vi at skogen tok til å grønast, og den vart grønare og grønare til lenger sør vi kom.

Då vi var komne heim og fått lossa og vaska skuta, gjekk vi inn til verkstedet på Sørneset og fekk den slippa der. Då karane hadde pakka sekkane sine og stod samla ved skuterekka, stilte koret opp og song to fine avskjedssongar, både til seg sjøølve og til oss andre av mannskapet. På verkstedet stod alt stille medan dei song, og ein av dei som høyrde songen var skulestyrar Kalsnes og han sa at dette var noko av det finaste han hadde høyrt.

Vi som var att om bord var glade og takksame for at dei tok desse songane før dei drog heim kvar til sitt – no er dei fleste borte.

Fortalt av Oskar Garnes (1893-1981)

 

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *