«Aarvak» miste propellen.

Av Webjørn Landmark

Ved minst åtte høve har «Aarvak» mista eller skada propellen slik at det har vorte naudsynt med skifte av propell i isen.

I arbeid med å skifte propell i isen. Ukjent skute.

Dette var noko dei fleste skuter opplevde å måtte gjere før eller sidan, men «Aarvak» innehar truleg ein liten uoffisiell rekord her.  «Aarvak» var særs utsett for propellskade med den akterenden ho hadde.

Vebjørn Landmark skifte propell i alle fall to gonger. Dei miste propellen både i 1918 og 1919. Johan S. Brandal skifte seinare propell på «Aarvak» seks gongar.

Avskrift frå notisbok til skipper Vebjørn Landmark:

Det var i slutten på sesongen i Stredet. «Aarvak» var siste skute på det vestligste feltet, da den mistet propellen.

Da det var fin is å slakk is blev seil satt, for att seile oss ut av isen. Det gikk også bra til vi kom så langt at vi kunne se åpent vatn, da kom skodda og dønningen satte inn og slo kanten tett.

Dønningen vokste fort og da det var stor is blev det stor påkjenning på skuten. Når vi satte planker eller stokker mellom skutesiden og de skarpeste iskantene, blev de klippet av med en gang.

Det var bare ett at gjøre, vi måtte se at komme oss innover unna dønningene. Da isen var satt sammen måtte vi hive oss frem med hjelp av vaier og isanker. Det gikk smått men det smalnet da litt i senn.

Neste dag var vi kommet så langt at vi fikk det smult. Så var spørsmålet; Kan vi klare å sette på ny propell?

Vi trakk inn den brukne aksling, satte inn ny aksling å mauret propellen på. Stoppmutter for propellen hadde vi ikke, men vi boret hull i akslingen fremfor propellen å satte i en jernsplint. Alt foregikk under vatn.

Vi turde ikke slå akterover i maskinen av frykt for å miste propellen på nytt.

Vi kom da oss ut av isen og hjem uten flere uhell.

 

Johan S. Brandal, «Hau-Johan», tok over skipperjobben på «Aarvak» etter Vebjørn Landmark i 1923. Johan skifta propell på «Aarvak» heile seks gonger. Denne soga har han fortalt til Ole Røyseth Brende:

-De skifte propell oppe i isen ein gong har eg høyrt?

-Ein gong? Vi skifte propell 6 gongar i isen om bord i «Aarvak».

Ja visst, no hugsar eg frå den tida eg sjølv reiste på ishavet at det ordet gjekk om «Aarvak» at ho var svært utsett for propellskade med den atterenden sin.

-De lasta ho vel ned på bakken då for å få ho opp bak? Slippa ho på isføter o.l.?

-Vi gjorde det første gongene. Men siden slutta vi med det. Og det viste seg at det gjekk like godt og sparde oss for arbeid.

-Det tok vel si tid likevel?

-Nei, eg er viss på at Hjørungavåg Mek. ikkje ville ha greitt det snarare. Så lo skjemtekroken att.

-Det høyres lett ut, men vi veit det var litt av ei bragd.

-Nei farr, bragd? Kva ville du kalle det han Vebjørn Landmark gjorde då? Han fekk bend på akslingen og fekk han ikkje inn gjennom hylsa. Dei saga difor av akslingen med et skjerfilblad surra på ei bambustroe. Det gjekk det med.

-Litt av eit tolmodsarbeid vil eg tru.

«Hau-Johan» fortel også om ein gong dei skifte propell i Kvitsjøen:

Vi hadde lege i fangst ei tid i Kvitsjøen. Så ein dag var vi uheldige og fekk bøygd akslingen. Vi hadde tru på at vi kunne få retta han. Eg konfererte med skipperen på «Sverre», og så la vi ein plan. Vi tok ei virestropp på eine propellvengen, så skulle «Sverre» rykkje, og på den måten få akslingen rett att. Brått vart det eit fælt brak, og når vi skulle til og undersøkje viste det seg at hylsa var av.

Å gå med berre ei bering på akslingen gikk ikkje. Vi måtte ta ei virestropp nedom akslingen og opp i halgattet, strekke fram på vinsjekoppen og stramme opp. Slik klarte vi og ta tyngda av akslingen og vi starta på heimtur.

Skuta hadde full last. Det gjekk bra eit stykke på veg, men så ville vieren berre slakne av same kva vi stramma inn på vinsja. Løysinga vart og skifte vieren med kjetting. Slik gjekk vi heile vegen inn til Tromsø. «Fangstmand» heldt lag med oss på vegen. Komne til lands fekk vi sjå at kjettingen hadde gnaga hol i ishuda av all vibrasjonen.

Det som berga oss frå lekkasje var at skuta var bygd på ein spesiell sterk måte. Hylsestokken på «Aarvak» var fasttømra i stilken og at hylsa sat så tett i hylsestokken at der ikkje vart lekkasje.

-Vi vart etter kvart trena på å setje på ny propell sjølve, fortel «Hau-Johan». Framgangsmåten var som regel slik: Først var det og finne ut om akslingen var brotna rett av slik at det gjekk og drage han inn i maskinromet. Då kopla vi han av og drog han så langt inn at han sat berre i innste beringa medan vi fikk laga ei trepropp og drive inn att i hylsa attanifrå. Denne proppa pressa sjøen inn sjølv, berre ho trefte holet så nokon lunde rett. Så hogde vi ut kilesporet slik at kilen gjekk inn når han stod fast i propellen.

Dette høyres enkelt ut når ein fortel om det, men når alt skal gjerast nede i sjøen, og ein skal halde på med bambustroer som verktøy, då er det straks verre.

Ein gong dei heldt på å skifte propell i Kvitsjøen laut dei ha seg ei pause for å få i seg noko mat. Dei hadde fått mutteren fire gjengar inn på og følte dei var berga så langt. Men brått sette det til med kraftig is-skruing, og då det gav seg var alt frose i hop så det var uråd å nå i propellen. Slik låg dei i fire dagar før isen slakka opp att. Då var sjøen så grumsete og full av is-sørpe at dei såg ingen verdens ting. Dei fikk etter kvart tjora noko tau inn mellom akslingen og propellen så pass dei turte å starte opp. Det gjekk bra, men dei våga ikkje slå attover i maskina på mange dagar.

Johan S. Brandal vart etter kvart så trena med å skifte propell i isen at han også hjelpte andre skuter som hadde mista propellen i isen.

Reparerte propellen med dynamitt

Anton Pilskog tok over som skipper etter Vesteristuren med «Aarvak» i 1952 og hadde den til 1958. Til Sunnmørsposten fortalde han i 1981 ei episode om propellen på «Aarvak»:

-Eg minnest godt den turen med «Aarvak» i midten av 50-åra då eine propellbladet hadde vorte så skeivt at motoren ikkje kunne gå. Vi låg midt inne i isen, så gode råd var dyre. Redninga vart å feste ein dynamittgubbe på ei troe og stikke han ned til propellbladet. Hadde ladninga vore berre litt større, hadde vi vorte propell lause, men ladinga var nett stor nok til at bladet vart utretta og vi fekk maskina i gang att.

Rett nok var ikkje propellen så god at vi kunne gå med full fart resten av turen, men vi kom no heim den turen også.

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *