Skipper Olaf Toresen Nedrelid og medisinkista til ”Hird”.

Olaf Nedrelid, fødd i 1870, vaks opp på Nedrelid i Hjørungavåg. Der hadde han to samnamningar og Olaf tok dermed mellomnamnet Torsen. Etter som han vart ein kjent skipper vart nemninga på Olaf berre for ”han Torsen”.

Stella Maris

Av Webjørn Landmark

Han vaks opp i ei brytningstid i det yrket han hadde valt. Til den tid var det sunnmørsåttringen som var den vanlege fiskebåten, og seglskutene var den store draumen. Utviklinga for fiskebåtane var svær desse åra. Han Torsen byrja som fiskar på Nedrelid-åttringen, men han var ein av desse unge som fylgde interessert med på utviklinga med fiskebåtar. Han var overtydd om at åttringen ikkje hadde framtida for seg. Ute på bankane såg han etter kvart fleire av desse større, dekka fiskefartøya, og skøyter med ei anna seglføring. Den smidige åttringen med råsegl var framleis lett å ro i vindstille, men det var eit slitsamt liv i storm og stille.

Han ville vere aktivt med i det nye som var kome, og han meldte seg på navigasjonsskule og fekk sertifikat for ”føring av skip med uavgrensa storleik”. I 1895 kjøpte han seg sin første båt som fekk namnet ”Elida”. Skal tru kva slags kjensler han hadde då han stolt svinga inn på Hjørungavågen som skipper på ny, eiga skute berre 25 år gamal.

Olaf Torsen Nedrelid

Turane gikk til fiskefelta i Nordsjøen etter sild og makrell, og til Island etter sild og torsk. 1905 var på mange måtar eit dramatisk år. Så også for dei som låg på fiske ved Island. Mykje kuling og storm seinka heimturen, men dei kunne ikkje ligge der for lenge, dei sette kursen heim i  sterk vind og stor sjø. Sjølve storstormen kom om ettermiddagen 14. september. Nord-Atlanteren såg ut som eit skummande landskap med rullande fjellryggar, som store knyttnevar som slo inn over båtane. Men ”Elida” var ei god skute med ein dyktig skipper. Desse seglskutene hadde ikkje noko rorhus å krype inn i når det rasa som verst, så når havet velta seg inn over skuta som verst batt han Torsen seg fast i roret og kjempa mot havet i tre døgn. Tre andre skuter var i same farvatn på veg heim til Hareid. Det var ”Heim”, ”Vonheim” og ”Heimdal”. Den siste klarte ikkje å ri av stormen, men vart igjen der ute i det frodande havet.

Denne storstormen hadde gitt han Torsen tankar om større båt.

 

Mot slutten av 1905 selde han difor ”Elida” og reiste til England på jakt etter ny og større båt. Med seg på denne turen hadde han Ludvik Rise. Han hadde vore mange år i Amerika og kunne prate flytande engelsk, og hadde sett og høyrt meir enn dei fleste i bygda.  Dei kom over ei skute der borte, ei treskute med dampmaskin som bar namnet ”Advance”. Den låg ferdig utrusta for tur, men etter ein del forhandlingar fekk dei take over skuta.

Ved heimkomsten vart skuta omdøypt til D/S ”Dag” og vart isforsterka med tanke på fangst i isen. Med denne skuta gjorde han Torsen mange gode turar på ishavet og på fiskefelta.

Pål Lillenes eigde i 1915 ein tremastra skonnert som han nytta til kvalfangst. Han Torsen ville no ha ei større skute og reiste ut til Pål i Tjørvågane for å gjere ein handel. Han hadde også planar for å bygge om skuta. Dette skulle gjerast på Stord, i Sagvåg. Skipperen på slepebåten som skulle take dei dit kom ut av kurs på Stadhavet i skodde og dårleg sikt. Han Torsen forstod at dette bar gale avstad og purra dottera Borghild og Svigerinna Augusta som var med på turen. Desse sette han no til rors, sette sjølv lettbåten på havet og rodde fram til slepebåten for å gi beskjed. Dei kom seg fram velberga denne gongen også.

Den nye båten til Torsen fikk namnet ”Bos” og vart nytta til fraktefarty og oppkjøparfarty for fisk.

I 1918 var det igjen tid for han Torsen og skaffe seg ny båt. Han reiste til Gunvald Ottesen på Stord og fekk bygt D/S ”Sæl” – M 35 HD. Maskinen var ei Brunholmen maskin på 135 ind.hk.

Denne skuta fekk ei  dramatisk historie, og i 1923 må han Torsen selje partar i skuta då konkursen er nær. Elias Nørve, Elling Aarseth og Peder E. Aarseth kjem inn som partsreiarar, og skuta vert registrert med M 9 VD.

I september 1940 går skuta seg på ei mine.  Frå sjøforklaringa kan vi lese;

Vi hadde ein tur til Namsos etter trelast til Ålesund. Skuta var maksimalt lasta på dekk og i gangane så berre babord utgang kunne nyttast. Om kvelden den 5. september kl. 20.15 var vi i trondheimsleia mellom Hemnskjel og Terningen fyr då det kom eit voldsamt brak. Eg svima vist av eit ble, men kom meg snart opp på dekk. Ør av eksplosjonen og sjokket var det langt frå lett og orientere seg, skuta stod no nesten rett ned med akterenden. Det var et under at ingen var skada eller hadde falle over bord. Formasta var splintra og blåst bakover båtdekk der livbåtane var snudde opp ned. Vinsjen var sameleis heilt borte. Alt såg temmeleg vonlaust ut i kveldsmørkret men trelasten heldt skuta flytande. Vi fann det tryggast og stå der på havaristen til evt. hjelp kom. Vi var berre fem mann på denne turen; Skipper Hans Rasmussen, stuert Olav Apelseth, Arnljot og Torsten Nedrelid, sistnemnde var son til han Torsen. Vi såg at der var eit fartøy i nærleiken og vona at hjelpa var nær. Vi viste ikkje at inne på Josteinøya hadde to ungdomar sett minesprenginga  og sett ut færingen for å kome oss til hjelp. Vi var bra snare og entre færingen til desse to karane som hadde sprengrodd mot oss. Fartøyet vi hadde sett i nærleiken, og som vi venta hjelp av, var M/S ”O.C.” frå Oslo. Dei hadde observert kva som hadde skjedd og sette ut livbåt som kom roande mot oss. Ei røyst sa meg at vi skulle følgje færingen til land. Skipperen var litt usikker, men då eg var så bestemt gav han samtykke til det. Livbåten til M/S ”O.C.” vende tilbake og ein halvtime seinare såg vi stikkflammen frå mina som råka dei. Av mannskapet på sju vart berre to redda.

Det vart eg som måtte ringe han Torsen og fortelje kva som hadde hendt, men han var berre glad for at folket var berga, forutan sonen Torstein var granneguten Arnljot.

Eit par år etter vart ”Sæl” heva, reparert og ombygd. Statens krigsforsikring var då med og nye interesser kom med. Det var partsreiarlaget Veidemann, Vartdal der Per Kvien var primus motor. Han var også skipper på den ombygde båten som no fekk namnet ”Veidemann”.  Skuta enda sine dagar i Vesterisen 27. mars 1951.

Han Torsen var ein mann med mange jarn i elden. På ein sørlandstur i 1916 kom han over eit engelsk lystfartøy, M/S ”Stella Maris”. Dette ei stasleg skute med blankpussa messing og polert mahogni. Dette kunne ikkje han Torsen motstå, så han kjøpte denne skuta som var til sals. Skuta strauk for fulle segl nordetter kysten, og svinga inn ”vågen” for fulle segl. Folket i Hjørungavåg tenkte at dette var ein av dei engelske lordane som tidvis kom rekande for tidtrøyte. Men då skuta vel var ankra opp kom han Torsen til syne i trelappstøvlar og vanleg kvardagshabitt. Men ”lorden i Torsengarden” let ikkje skuta berre ligge der. Ein søndag det var ungdomsstemne i Sykkylven baud han med alle som ville til å vere med ”Stella Maris” på stemne.

I 1916 var han Torsen med å skipa Hjørungavåg Kullkompani AS. Dei fekk hit ein gjeng med svenskar som skulle bygge ut anlegget. Desse budde om bord i ”Stella Maris” under byggetida.  Han Torsen var også hamnelos, og tok seinare desse kolbåtane inn til lageret. Han Torsen fekk det travelt på kollageret. Han måtte ha folk der heile døgnet til å skipe ut kol. Særleg hektisk var det i sildefiska. No fekk han lite tid til å bruke ”Stella Maris”, og han selde den difor til Ørsta Tønnefabrikk. Ei tid seinare vart den pårend i Vartdalsfjorden og sokk. To mann kom vekk.

Men alle desse båtane som hadde kome til no trengde også vedlikehald. Såleis var han Torsen med å skipa Hjørungavåg Verkstad AS i 1917.

Etter første verdskrig kom fiske og fangst næringa i vanskar, det vart nedgangstider. Han Torsen gjekk difor inn i handelsflåten og seila nokre år i Norsjø og Austersjø-fart. På slutten av første verdskrig var han med i eit partsreiarlag som kjøpte T/S ”Trålfisk” i England.  Denne vart etter kort tid seld vidare til Haugesund, under namnet D/S ”Lyn”.

Under første verdskrig fekk han også tid til å stå for ein fangstekspedisjon til Svalbard, i første rekkje for å fange kvitrev.

Då han hadde runda dei seksti, var framleis hugen etter sjølivet der, så i lag med et par andre karar var han med på å kjøpe ishavsskuta M/S ”Helgehorn”.  No slo han seg til ro på land. Han hadde framleis det dagelege ansvaret på kollageret, og han hadde bygt seg to sjøhus i Hjørungavåg. I bygda var han Torsen kjend for å vere ein klok og framsynt mann med vilje og handlekraft. I 1942 vert han sjuk og døydde etter eit kort tids sjukeleie 72 år gamal.

”Hird”

”Hird” var ein liten fiskebåt frå Mauseidvåg på 49 fot. Den hadde ein 40 hk. Bolinder motor. Det var seks karar som hadde gått saman om å kjøpe denne båten, og formålet var overvintring på Aust-Grønland. Dei seks karane var; August Hansen, Peder Sulebakk, Herman Andresen, Jørgen Furnes, Peder Røbekk og Jonas Karlsbakk. Dei hadde til saman gått inn med ein kapital på kr. 35.000,- til føremålet og satsa alt dei eigde på dette. ”Hird” var ein liten båt, og var nok ikkje i alt for god stand.

  1. juli 1927 legg båten til kai i Ålesund for å få om bord det siste nødvendige utstyr før ekspedisjonen kunne gå ut. Dei var søkklasta med utstyr, dekket låg helt i vatn, og dei hadde med materialar til å bygge to fangsthytter.

Medan dei låg i Ålesund kom skipskontrollen og politi på kaia. Dei hadde fatta interesse for denne skrale båten som låg der søkklasta. Skipskontrollen kravde til slutt at skuta måtte lossast og settast på slipp for nærare kontroll. Dette likte ikkje karane, skuta var skral, og dei rekna ikkje med at den ville stå for ein kontroll. Skipskontrollen tok så med seg medisinkista på land for å hindre at karane på ”Hird” skulle stikke til havs. Det vart også sett sivil politivakt på kaia. Men karane på ”Hird” kunne ikkje gi seg no! Dei hadde satsa alt dei eigde på denne ekspedisjonen, eventyrlysta var også stor og dei hadde heller ikkje midlar til ei slippsetting. Ikkje hadde dei tid heller, sommaren er kort på Aust-Grønland og dei måtte kome seg gjennom isen før det var for seint. Karane diskuterte saka og vart samde om at dei ville gå uansett, løyve eller ikkje.

I løynd går mannskapet ein etter ein rundt på  apoteka i Ålesund og får kjøpe det mest nødvendige til ei ny medisinkiste.  I ly av det vesle nattemørke som er passar dei på når politivakta tek ein runde på kaiene, dei kastar laust og går for full maskin ut av hamna i Ålesund ved midnattstider.

Jonas Karlsbakk førte dagbok frå turen og på første side kan vi lese;

Med M/S ”Hird” av Måseidvåg går vi i dag den 13de juli kl. 12 natt fra Ålesund til Grønland for vintring. ”…” torsdag 14de 1927. Loggen settes og kl. er 6fm. Vi er nu i vårt element og humøret står bra trods den lange turs foreståen og jeg hører der lyder sang fra lugaren.

”Farvel O moder Noreg nu reiser jeg fra dig, hav tak fordi du kaver og har opfostret mig. Du blev for knap med kosten imot din fiskerflok, du finner oss på Grønland, der får vi mer enn nok”.

I siste linje i dette verset kan vi kanskje også finne ein av grunnane til at dei var så ivrige etter å kome seg til havs?

Det gjekk bra med dei over havet og den 25. juli kjem dei under land ved Kap Mary.  Vesle ”Hird” var ikkje noko ishavsskute så det var nok av spaning då dei skulle forsere isbelte inn til land. Det var 17 år sidan ein sunnmørsekspedisjon hadde overvintra i området her. Då var det Webjørn Landmark d.e. med ”7de Juni” ekspedisjonen. Dei finn fort denne fangststasjonen frå 1909-10 der skuta hadde ligge i vinteropplag ved Germania Havn. ”Hird” måtte også finne seg ei vinterhamn før isen la seg. Meininga deira var at dei skulle gå til Sabineøya for å finne vinterhamn til ”Hird”. På Sabine finn dei eit dansk hus som dei bestemmer seg for å bruke inntil vidare. Men den 28. juli får dei tilfeldig besøk på ”Fangstmand” som er på kvalrossfangst i området, og der om bord var det tilfeldigvis Webjørn Landmark som overvintra der for 17 år sidan, som var skipper denne turen. Som 1. skyttar var Sverre Nybø Bigset med. Landmark frå rår dei til å ta i bruk danskehytta då dei kan risikere trøbbel frå danskane.

”Hird” karane følgjer rådet og bestemmer seg for å gå til Kapp Herschell og setje opp hus der på syd kysten av  Wollaston Forland. i staden. Seinare reiser dei tilbake til Claveringsøya og set opp hus der også. Dei fordelar seg med tre mann på kvar stasjon.

Etter å ha ført i land alt utstyret frå ”Hird” legg dei båten i hamn  på nordvestsida av Finchøya. Dei fortøyer godt med to anker og fleire vaierar, tek ned all laus rigg og gjer skuta klar til vinteropplag. 16. august kjem dei første kuldegradene og dei ventar på at skuta skal fryse inne.

Men så, i slutten av august, kjem eit forrykande uver med sterk storm som heldt på å skylje fangststasjonen på Claveringsøya på sjøen. Då stormen hadde løya og dei skulle inspisere ”Hird” var det eit trist syn som møtte dei. Skuta hadde slite seg i uveret, og drive på land og havarert. Heile skutesida var slegen inn og det var uråd og reparere. Skuta sokk seinare her.

Karane frå ”Hird” ekspedisjonen gjorde ein god fangst. Sjølv om dei miste skuta, som ikkje var forsikra, hadde dei eit bra overskot etter turen. Dei hadde 348 dyr, forutan levande ungar av bjørn og moskus. Hadde dei hatt mange rare opplevingar desse to åra, så vart det ikkje betre no når dei skulle ha desse levende moskuskalvane om bord i ”Veslekari”. Ein av karane hadde ein hard tørn når han tok band på ein moskuskalv og ville leie den ned til skuta. Eit stykke var det kalven som drog mannen, og eit stykke måtte mannen drage kalven. Komne ned til strandkanten kom brått fem polarulv settandes mot dei, og i forskrekkelsen slepte mannen bandet i kalven. Men denne kalven føretrakk nok mannen fram for ulven, så moskuskalven søkte beskyttelse mellom beina på mannen. Mannen hadde ikkje våpen på seg, så det såg dramatisk ut ei stund. Men så gav han seg til å kaste stein etter ulveflokken og klarte å skremme dei vekk.

Bruttoresultatet etter dei to åra var på kr. 60.000,- Skuta som gjekk tapt, og ikkje var forsikra, hadde kosta dei 20.000,- Resten av utrustninga hadde kosta dei om lag 15.000,- Nettoen etter dei to åra var såleis kring 25.000,- Dette eit brukandes resultat når vi veit at ei årsinntekt til ein fiskar låg på mellom 1200 – 1600,- kr. Dei kom heim med ”Veslekari” i 1929, bortsett få August Hansen som fann seg  skyss heim med ein annan farkost i 1928.

Framleis kan ein sjå vrakrestane av ”Hird” der den sokk i 1927. I 1990 fann ”Havella” ekspedisjonen restane på 3-4 meters djupne, seinare i 2003 var Svein Torske med ”Polar Star” til same området og fotograferte vraket. Jonas Karlsbakk var bestefar til Torske.

Men så var det skipper Olaf Toresen Nedrelid og medisinkista til ”Hird”. Denne medisinkista som skipskontrollen hadde teke beslag i så ikkje ”Hird” skulle kunne stikke til havs. Ein skulle tru at etter alle desse åra så var den tapt for alltid.

Men så, i januar 2005 får Ishavsmuseet ein førespurnad frå Henry Skeide på Hjørungavåg med spørsmål om museet kunne vere interesserte i ei medisinkiste han hadde hand om. Sidan medisinkista var intakt med alt utstyr var dette av interesse for oss.

Når vi så igjen har kontakt med Skeide for å avtale å få denne kista, kan han fortelje at det på loket i kista står skrive ”Hird”!! Kan det verkeleg vere sant? Kan dette verkeleg vere denne medisin kista frå ”Hird” som vi har høyrt så mykje om og som skipskontrollen tok på land i 1927? I så fall ville det vere ein unik gjenstand vi hadde fått hand om. Jau, det stemmer. På loket i kista står det verkeleg ”Hird”. Forklaringa må vere at skipper Torsen har kome over denne kista med skipskontrollen i Ålesund, og fått overtatt den til ein av båtane han disponerte.

Kjelder for den som vil lese meir:

Ishavsmuseets arkiv

Hareid Historielag årsskrift 1980

Ishavsliv, Frode Rogne 1981

Nordøst-Grønland 1908-60, Peter Schmidt Mikkelsen

Dagboksnotata frå Henrik Landmark, ”Havella” ekspedisjonen 1990

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *