Den mest skjelsettande opplevinga i eit langt liv.

50 år sidan «Lance II» katastrofen.

På mirakuløst vis bergar to menn livet. Elleve andre omkjem i det iskalde frodande havet.

Skrive av Johannes Bjarne Alme

Klokka 05:12 om morgonen måndag 11. februar 1974 kallar skipper Oddvar Simonsen på «Lance II» opp Vardø Radio og fortel at dei har grunnstøytt på veg frå Vadsø til Båtsfjord, i nærleiken av Makkaur. Han ber om at fartøy i nærleiken kjem til unnsetning

Fleire snurparar set kursen i mot den litt unøyaktige posisjonen, mellom andre «Salarøy» frå Tromsø og «Artus» frå Herøy på Sunnmøre, samt redningsskøyta «Hjalmar Bjørge» som er stasjonert i Vardø.

Om bord «Lance II» har heile mannskapet med unntak av ein mann samla seg i styrehuset. Skuta har allereie fått hard medfart, hovudmotoren har stoppa, og det er berre naudlysa på batteri som fungera. Skuta kastar valdsamt på seg. Maskinassistent Roald Martinsen, fekk med at botnen på skuta nærast vart riven vekk under hovudmotoren då han kika ned i maskinrommet.
Ti minutt etter, er skipperen på ny i radioen og poengterer at her står det om liv. Bas Gudmund Skogvik sender opp fleire naudrakettar, som får båtane som kjem i mot på rett kurse rett. «Salarøy» slår då fast at «Lance II» ligg 7-8 nautiske mil (kvartmil) sør for Makkaur, ved Syltefjordstaurane.

«Lance II», foto Yksnøy. Ishavsmuseet

Vinterloddefisket: Etter at det tradisjonelle vintersildfisket på Møre tok slutt sist på 60-talet, vart vinterloddefisket berginga for snurparane. Det var store kvanta med lodde som vart fiska, og sildoljefabrikkane heilt sør til Rogaland heldt hjula i gang med å male opp lodde. Det vart fiska både med snurpenot og trål etter lodda den gongen.

«Lance II»: Kombinert ishavsskute og snurpar, bygd på Kaarbø i Harstad i 1966, forlenga i 1969. Sidan den var bygd som selfangar, var det ein sterkbygd båt. I 1974 hadde skuta desse måla: LOA 45,5 m, LPP 40,14 m, BSPANT 8,10 m, DRISS 4,51 m. Motoren var ein MaK PÅ 1500 HK. Lastekapasiteten var knappa 4800 hl. Eigd av Enok Martinsen.

«Artus»: Bygd som kvalbåten D/S «Pol XV» i 1951. Seinare ombygd til linebåt med namnet «Severin Roald». Kjøpt til Herøy, bygd om til snurpar og fekk namnet «Artus» i 1971/72. Hadde då måla Lengde: 52,33m, Bredde: 9,05m og Djuptgåande: 4,29m. Hovudmotoren var ein MaK PÅ 1100 HK. Lastekapasiteten var kring 8300 hl. Eigd av Arthus K Sævik P/R.

«Salarøy»: Bygd i 1959, Lengde 124,6 fot – 38,0 meter. Bredde 7,35 meter og djuptgåande 3, 62 meter. Hovudmotoren var ein Wichmann på 700 hk. Eigar var Ragnar Kvitberg m.fl.
Veret: Første del av sesongen har det vore mykje dårleg ver, og lite fiskeri. Fredag 8.februar forliser den store britiske trålaren «Gaul» med 36 mann på Nordkappbanken i storm og tung sjø.
Syltefjordstauran er eit ugjestmildt fjellparti på om lag 3 kilometer. I sjøen framfor berget er der ein del grunnar og skjer. Namnet har kome frå dei karakteristiske vertikale staurane i fjellet. Syltefjordstauran er eit av Noregs største fuglefjell.

Norgeskart, merka om lag der «Lance II» trefte land

Det hadde vore mykje landligge første månaden for loddeflåten. Det var korkje ver eller noko særleg å fangste på. Men torsdag 7. februar gjorde «Lance II» eit bra kast, på om lag 2 800 hl med lodde. Dei er ikkje lasta, så dei held fram å leite. Dagen etter vert det meldt sterk storm og skipperen bestemmer seg for å melde inn, og går mot land. Dei vert dirigert til Vadsø for lossing. Etter lossinga, vert dei liggande i Vadsø før dei søndag vil gå til Båtsfjord som er nærmare fiskefeltet og vente på betre ver.

Skipperen har sagt avgang frå Vadsø tidleg kveld. Klokka 21 manglar framleis maskinsjefen. Dette var svært uvanleg, han var alltid til å stole på. Det endar med at politiet vert kontakta, frykta var at han hadde falle i sjøen. Klokka 22:15 kjem maskinsjefen. Berre broren, maskinassistent Roald, får vite at han har vore på eit religiøst møte. Så langt Roald visste, var dette heilt uvanleg.
Så snart maskina er i gang, kastar dei loss. Klokka er omlag 22:30 når «Lance II» går frå Vadsø med kurs for Båtsfjord. Det er det litt vind, snøbyer, men rolegare ver enn då dei kom inn før helga. Framleis er det noko tungsjø etter stormen, men ikkje noko som betyr noko for skuta.
Klokka to på natta er det vaktskifte på brua, skipperen går av og bestmannen kjem på. Det er mørkt med snøbyer, men bra sikt. I tretida passerer dei Vardø, no merkar dei meir til den tunge sjøen, men alt går sin vante gang.

Ein gong rundt klokka fem på morgonen sit maskinassistent Roald Martinsen i messa og tek seg ei skive og les avis. Då brakar det valdsamt, og han merkar at dei har gått på grunn. Har spring ut av messa og purrar alle mann i akterskipet. Basen – Gudmund Skogvik vaknar av braket og kjem seg ut av køya. I berre underbuksa kjem han på brua. Alle mann akter er no vakne, Gudmund Skogvik går attende på lugaren sin, kler på seg og tek på redningsvesten.
Maskinsjefen vil ned i maskinrommet, men maskinassistent Roald stoppar han. Han hadde sette at botnen var borte, så der var ikkje noko å gjer.

Etter kvart samlar alle seg på brua. Alle mann som budde framme, vakna av alarmen, dei kler seg og tek på redningsvest. Ein mann ser dei ikkje, dei ropar og bankar på døra, dei får heller ikkje opp døra. Dei håpar og konkluderer med at han må ha gått tidleg i messa. Når dei opnar døra under bakken fossar vatnet inn. Bårene slår over dekket og skuta hiv på seg i kvar dønning. Då sistemann skal springe over dekket, har ei antenne losna på styrehustaket og treff han i hovudet. Han får eit stort kutt. Kameratane tek han mellom seg og ber han på brua.
Den siste av karane som budde framme, kom aldri på brua. Dei frykta at han aldri kom seg ut frå lugaren, ev. at han kom seg ut på dekk og vart teken av sjøen og kasta over bord.

Det er mørkt, frå aust bles det ein sur vind og det er enkelt snøbyer.
Skipperen kallar på Vardø radio og fortel at dei har grunnstøytt. Bestmannen og utkiken har problem med å gjere grei for kvar dei er, dei peikar på kartet ein stad mellom Sandfjord og Makkaur. Skipperen formidlar dette.

«Lance II» har kome innføre dei første grunnane som bryt, og skuta ligg på bergnabba og vert kasta hit og dit av sjøen. Mannskapet skjønar at det vil ikkje gå så svært lang tid før skuta vil verte mala i stykke. Alle på brua med unntak av skipperen har på livbelte. Han fekk ikkje opp skapdøra på lugaren der beltet låg. På radioen høyrer dei at fleire båtar set kursen i mot dei. Bas Gudmund opnar vindauget og stikk handa ut og sender opp naudrakettar, for at andre fartøy skal kunne peile kvar «Lance II» ligg. Det vert då klart at dei ligg ved Syltefjordstauran. Fleire av karane som har kome akter, har lite kle på seg. Skipperen som har lugar akter for bestikken, går på lugaren og finn kle til dei som har lite.

Etter ei tid, går skipperen saman med to mann går på styrehustaket og vil prøve å løyse ut flåtane. Ein ide er å sette ein på båtdekk bak styrehuset og så vente til «Lance II» går ned. Ideen vart aldri prøvd, så snart flåtane har blese seg opp, slitnar lina i den eine i den urolege sjøen. Den andre vert punktert mellom sjøen og skuta. Medan karane held på med flåtane, tek bas Gudmund kontakt med Vardø radio, der han i klartekst ber om helikopterassistanse. «Her står det om liv», avsluttar han.

Lettbåten heng ikkje på plass i davitane. Seinare ser dei han høgt oppe i berget på land, det er vanskeleg å forstå korleis den har kome dit.
Klokka 06:10 får Hovudredningssentralen i Bodø oppdatert posisjon for «Lance II» frå «Salarøy».
Med unntak for den skada mannen som sit i bestikken, står dei øvrige samla i styrehuset. Det er vanskeleg å halde balansen slik tungsjøen stadig skyl over og kastar på farkosten. Etter kvart som sjøen arbeidar, legg den seg meir og meir over. Ute er det iskald og sur vind i frå aust, og snødrev i lufta. Det er tøft å stå slik å vente på hjelpa. I lyset frå naudrakettane hadde dei sett litt av landskapet, og dei veit at det kan vere vanskeleg for andre fartøy å kome inn til dei. I land såg dei loddrette Syltefjordstaurane slett ikkje ut som nokon stad for berging. Det er roleg i styrehuset, karane har god tru på berging.

«Salarøy kjem fram til havaristen klokka 06:25. Mannskapet ser at sjøen driv å mala «Lance II» i stykke. Dei ser også skjera og brota mellom seg sjølve og «Lance II». Det er mest som havaristen ligg i ei slags lagune, mellom skjera som bryt og bergveggen. «Salarøy» har ikkje redningsgevær om bord, men dei sjøset lettbåten og bles opp ein flåte. Med hjelp av lettbåten forsøker dei å styre flåten inn til havaristen. Lettbåten er fast i «Salarøy» med ein vaier. Fleire av mannskapet på «Lance II» står klar på babord side av styrehuset for å få tak i flåten. Dei har meir enn nok med å halde seg faste i dei store brota som konstant slår over dei. Det vert ein skuffande forsøk, flåten punkterer i møtet med «Lance II» og revet. Det har vorte sagt at sidan vart det forsøkt det same med å bruke ei blåse i staden for redningsflåte, utan at det heller lukkast.

No har også sunnmørsbåten «Artus» kome fram. Dei har redningsgevær. Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ei redning via line skal gå til i desse forholda, men skipper Per Sævik og mannskapet gjer alt dei kan for å berge folka. Dei set lettbåten på sjøen, med to mann, basen Magne Sævik og fiskar Hilmar Leine. Dei går så nær som råd er før sei skyt lina over. Fleire av mannskapet på «Lance II» er på styrehustaket og klare til å ta i mot. Lina treff som ønska over styrehustaket. I mørket og snøkave er det vanskeleg å sjå lina, og før nokon får fatt i den, kastar sjøen «Lance II» slik at lina forsvinn utanfor rekkevidde.

«Artus» – foto frå Sævikfamilien

Både «Artus» og «Salarøy» slepp ut olje for å roe den urolege sjøen.
I 7- tida på morgonen kjem redningsskøyta «Hjalmar Bjørge». Den også går så nær inntil som råd, og nye liner vert skote over, men dei tunge dønningane kastar ustanseleg på «Lance II» og inga line vert fanga. Det er fire slitne karar om bord «Lance II» som må gi opp dette håpet og gå attende til styrehuset.

«Artus», «Salarøy» og «Hjalmar Bjørge» ligg eit steinkast, kanskje så nært som 50-60 meter unna. Dei har forsøkt på alle tenkelege måtar å få over ei line til havaristen, utan å lykkast. Gjennom lyset frå lyskastarane ser dei folka i snødrevet obord havaristen. Dei kjenner alle på maktesløyse og stor fortviling. Håpet er at helikopteret kjem fram før skuta vert mala sund i brota.

«Lance II» vert sakte men sikkert malt sund, og legg seg meir og meir vekk. I styrehuset vert det trongare og trongare, eine døra vert skyld vekk. Det kjem meir og meir vatn inn på sida. Skuta kastar valdsamt på seg og ein mann vert hardt skada i brystet då han vert slengt mot det store rattet. Han vert plassert i bestikken saman med den andre skada. Skipperen er saman med dei. Heilt tida sidan grunnstøytinga har mannskapet vore rolege, det er ingen teikn til panikk.

Etter kvart som skuta vert riven sund og legg seg meir og meir vekk, kjenner Gudmund Skogvik seg ikkje trygg på brua. Han er redd for at dei alle skal drukne der dei står. Håpet er berging med helikopter, men det tek si tid. Han oppfordrar dei andre om å vere med på styrehustaket. Fem mann vert med, sidan kjem truleg tre til. Dei to skada saman med skipperen er attende i bestikken. På styrehustaket vurder Gudmund situasjonen for skroget til «Lance II» som kritisk, og kjenner at det er på tide å gå frå borde. Han ser seg rundt i lyset frå lyskastarane frå dei andre fartøya. Dei bratte Syltefjordsstaurane går nesten loddrett i havet, ja dei er skremmande når bårene slå i mot. Så tenker han på det iskalde sjøvatnet og han registrer at den store nota ligg i havet bak skuta.

Likevel ser han sjøen som berginga. Når skuta legg seg over, ser han at det er berre nokre få meter ned til land frå aktermastra. Så om han klatrar opp og slepp seg, så kan det vere ein sjanse til berging. Han klatrar opp, men ser at der han ev. vil lande, er det ulent og glatt, så han vurdere det for farleg å forsøke det.

Usikkerheita med å vere om bord, gjer at han likevel bestemmer seg for å kaste seg på havet når båra kjem, han gjer det. I det han møter havet forsvinn redningsvesten over hovudet på han. Bårene kastar han vidare og han endar på ei berghylle og karar seg vidare opp i tryggheit. Då snur han seg i mot dei andre og gjer teikn til at dette gjekk bra og dei må berre forsøke.

Maskinassistent Roald ser han og vil følgje eksempelet, og kastar seg på båra. Han er redd for å verte fast i nota, så han tek ein kniv mellom tennene om han skulle verte fast. Han får retteleg med juling i sjøen, men kjem til seg sjølv så og seie naken på ei berghylle. Han snur seg og ser etter dei andre. Han ser fire mann på båtdekket, tre av dei klamrar seg til radarmasta, medan den fjerde går mot rekka. Roald snur seg så og klivrar vidare opp til Gudmund og sikkerheit.

Dei to karane snur seg og ser mot kameratane på båtdekket. Då er det som om heile skuta berre smuldrar bort. Først forsvinn forskipet , masta med tønna kjem susande, og snart forsvinn resten av skuta med styrehuset og skipskameratane i eit einaste inferno av sjø og råk.
«Artus» ligg framleis så nær som råd er. Dei ser først at skroget til «Lance II» brotnar framfor styrehuset og masta med tønna fell akterover. Like etter er det som om akterskipet med styrehuset, aktermasta og dei attverande om bord forsvinn frå havets overflate i eit einaste råk. Der dei for kort tid sidan såg folk, er det no berre eit inferno av vrak og sjøsprøyt.
Frå dei bratte Syltefjordsstaurane har dei to overlevande med vantru registrert det som hendte. Sjølve er dei iskalde, den kalde austanvinden formeleg syg varmen ut av dei delvis nakne kroppane. Dei held seg i bevegelse og ventar på at helikopteret skal kome. Roald er så å seie naken, og han har fått hardast medfart på turen i sjøen, Gudmund masserer han for at han skal halde litt på varmen. Det går omlag ein halv time før dei høyrer helikopteret.

Bergingsmannen vert raskt fira ned til dei, og dei vert heisa opp i helikopteret.
Helikopteret søker så ut over havet og ser to mann i sjøen. Redningsmannen går ned, og begge to vert henta opp. Dessverre er begge døde. Så set helikopteret kursen sett i mot Vardø for å få dei to overlevande på sjukehus.

Klokka 08:10 vert ein omkomen plukka opp av fiskebåten «Geir Johansen». Ytterlegare ein omkomen vert sidan funnen og plukka opp av redningshelikopteret.
Av mannskapet på 13, berga to mann livet. Fire vart funne omkomne. Dei andre sju fekk ei våt grav. (Fleire månadar etter vart det funne beinrestar. Dei etterlatne som vart kontakta av politiet følte det var ei stor ekstra belastning å verte kontakte lenge etter forliset med spørsmål om støvelmerke og skostørrelsar til deira kjære.)

Roald Martinsen og Gudmund Skogvik berga livet.
Dei som omkom var: Oddvar Simonsen, Ingemar Nilsson, Ernst Martinsen, Jan Valter Jensen, Kjell Fosshaug, Rudolf Mikkelsen, Kastor Johnsen, Karstein Andreassen, Knut Thomassen, Helge Hanssen og Oddmund Johnsen.

Minnestøtta ved Gratangen Kirke – Årsatein. Foto Idar Eklund.

Kva var årsaka til grunnstøytinga og forliset? Sjøforklaringa der dei to overlevande gav sine forklaringar, gav ikkje noko godt svar på kvifor «Lance II» forliste. Maskinassistent Roald peika på at vakthavande truleg ikkje var på brua når skuta grunnstøyte, sidan han ikkje visste kvar dei var. Utkiken var ein førstereis på 17 år, han var ikkje å klandre. Trass mørke og snøbyer meinte vitnet at det villa vore mogleg å sjå brota før ein gjekk på grunn.
Bas Gudmund fortalte at på tur inn til Vadsø tre dagar tidlegare hadde autopiloten slått seg ut, noko som aldri hadde skjedd tidlegare. Autopiloten vart undersøkt, utan at ein fant nokon feil. Detta kunna skjedd igjen. Dersom dette hadde skjedd og skuta hadde kome ut at kurs ville den gitt alarm og det burda vorte oppdaga.

Det kan og tenkast at det var menneskeleg svikt.
Februar 1974 var i redningshelikoptera i Noreg si tidlege tid. Helikopteret i Finnmark var stasjonert på Banak, som er langt inne i Finnmark, ikkje ute med kysten. Responstida var ein time, altså skulle helikopteret vere i lufta innan ein time etter alarmen gjekk. Kravet til responstid for redningshelikoptera i dag (2024) er 15 minutt.

Vidare var det uver og dårleg sikt, så helikopteret kunne ikkje flyge kortaste vegen, men måtte gå langs kysten. Det tek altså knappe to timar frå helikopteralarmen gjekk til det var framme i posisjonen til havaristen. Bas Gudmund var i sjøforklaringa kritisk til plasseringa av helikopteret, særskild i månadane Finnmarkskysten var full av loddesnurparar.

I media går også innbyggarane i Syltefjorden og det vesle fiskeværet Nordfjord ut med kritikk av redningsleiinga sidan folka i Nordfjord ikkje vart varsla. Folk frå Nordfjord villa kunne vore på plass på land ved «Lance II» i løpet av ein halv time. Det vert forklara med misforståing mellom Hovudredningssentralen som koordinerte hjelpa på sjø og i lufta, og politimeisteren som skulle koordinere på landsida. (Det vart skulda på ein nyinnsett Politimeister som ikkje kjente til tilgjengelege resursar.) Innbyggarane i fiskeværet poengterte at dei ikkje kunne seie at fleire ville vorte berga, men med folk i fjøra med line som vart kasta om bord «Lance II», så var det mogleg at fleire kunna vorte berga.

Foto Hagbart Nilsen

I eit avisinnlegg, med adresse til sjøfartsstyresmaktene, fortalte Gudmund Skogvik at når han hoppa i havet, så glei redningsvesten over hovudet og av han. Redningsvesten hadde ikkje stroppar til å ha mellom beina, og i det kalde veret var det ei utfordring for Gudmund å klare å stramme dei glatte nylonstroppene godt nok. Gudmund ber om at understropper vert påbode. Via via får Gudmund til svar at stropper under livet ville kunne gjere folk som hoppa i havet steril. Lakonisk kommenterte Gudmund om dei meinte det var verre å vere død enn steril….
Betre vert det ikkje for Gudmund i 1999. Han ser på nyheitene hurtigbåten «Sleipner» forlise, og 11 personar omkjem. På fjernsynet ser han at «Sleipner» hadde same redningsvestane som «Lance II» hadde 25 år tidlegare.

I dag (2024) er det stroppar under livet på redningsvestane.
I boka «Kald morgon» vert det skipper Per Sævik og bestmann Kåre Sævik på «Artus», sitert på at «Lance II» hadde maksimal uflaks. Hadde skuta treft land 50 – 100 meter lenger mot styrbord, villa dei gått opp på det som såg ut som ei sandstrand. Hadde treft tilsvarande til babord, hadde dei gått klar Syltefjordstaurane.

Nærmare 50 år etter den dramatiske morgonen på Finnmarkskysten hadde eg ein samtale med skipper Per Sævik på «Artus» om hendinga.

Per Sævik -foto Havila

Sidan den gongen har Per vore fiskebåtreiar, starta tre offshorereiarlag. Han har vore ordførar og sete på Stortinget for KrF. Vidare leia både Fiskebåtreiarane og Rederiforbundet, og sist, og ikkje minst, starta Havila Kystruten. I 2012 var han utnemnte til riddar av St. Olavs Orden for hans innsats for skipsfartsnæringa.

Per fortalte roleg og detaljert om den morgonen. «Artus» kom også frå Vadsø og hadde nesten fram til Båtsfjord når naudmeldinga kom. Per hadde hatt frivakt om natta. «Artus» snudde med ein gong og sette full fart mot Makkaur og Syltefjordstaurane.

Per prata fleire gongar med «Lance II» på turen, og i førstninga verka dei så rolege at han skjønte kanskje ikkje heilt alvoret. Etter kvart vart det fleire gongar poengtert at her sto det om liv.
Det var mørkt då dei kom fram, så dei brukte lyskastaren. Dei såg «Lance II» ligge heilt opp i fjøra med akterenden mot land. «Artus» vurderte det som uråd å kome heilt inn til skuta i fjøra, dei pumpa ut olje for å roe sjøen. Lettbåten med to mann vart sett ut. Denne gjekk så nært som råd og skaut over ei line som gjekk over styrehustaket. I lysa frå lyskastaren såg dei folka i bakmastra kome ned og forsøkte å knipe lina, men vraket kasta slik på seg at dei klarte det ikkje før lina forsvann.

«Sjølv om karane om bord «Lance II» hadde klart å få tak i lina, er det slett ikkje sikkert vi hadde klart å berga dei. Det var tung sjø og som braut på fleire plassar, så det hadde vorte tøft å få nokon gjennom havet i live.

Ei stund etter såg vi at to mann hadde kome opp i land, men omtrent samstundes brotna skuta framfor styrehuset, og heile skuta gjekk under på eit augneblink.
Det tok enda ei tid før helikopteret frå Banak kom. Då såg vi at dei to i land raskt vart plukka opp.
Det var tøft å ligge så nær og same korleis vi forsøkte så var vi makteslause, vi klarte ikkje å berge folka trass vi vi var så nære.
Vi gjekk i området utover formiddagen og leita etter overlevande og omkomne» fortalte Per Sævik.
Avslutninga på samtalen med Per Sævik var slik:
«Etter eit langt og innhaldsrikt liv på sjø og land, er dette den mest skjelsettande opplevinga som sit fremst i hjerneborken».

Kjelder:
Sjøforklaringa etter forliset til Lance II
Boka «Kald Morgon» – Layton / Sætra
Avisene Bladet Tromsø, Finnmark Dagblad, Harstad Tidene
Samtaler og epost med Idar Eklund
Samtale med skipper Per Sævik om bord «Havila Castor» 02.06.2022, samt epostar seinare.
SMS og samtale med Øyvind Sævik. Om bord «Artus» på veg til jobben som maskinsjef på «Geitung».
Samtaler og epost Anton Sævik

 

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *