Dilemma på Hamilton Inlet

Av ishavsskipper Sigmund Bøe

For ei tid sidan kunne ein lese i aviser og høyre i radio om fraktebåten «Remito», som dreiv på land i området ved Kvitneset på Stadt. Årsaka var at straumforsyninga svikta, og dei hadde berre elektrisk styring, so sjølv om motoren gjekk so enda dei likevel opp inne på grunnane, og båten totalforliste.

Polarhav

            Det var då der dukka opp frå «gløymslehavet» minne om ei sjølvopplevd episode som hadde same årsak og som på hengande hår hadde enda med katastrofe. Det var på selfangstfeltet ved Labrador det hende. Det var ellers ikkje so sjeldan der kunne oppstå dramatiske hendingar på feltet der. Det var særleg dei åra det var lite is  og mykje nordostleg vind som pakka isen inn mot land so den vart liggande tettpakka i eit belte som kanskje var 20-30 mil breitt. Selen måtte då finne seg kasteplass nær land, ofte inne mellom holmar og grunnar. Det var svært vanskeleg, for ikkje å seie umuleg å kome seg inn dit, og om vi kom inn so vart det for oss norske å balansere med ein fot på kvar side av territorialgrensa. Ofte enda det med at vi fekk ein storm som sette isen i drift so vi kunne verte liggande fastskrudd og seile avgarde med isen mellom holmar og grunnar og isfjell som stod på grunn. Det såg ofte nifst ut, men vi hadde etter kvart vorte vane til at det helst ville gå bra, so vi tok vel stundom sjansar som vi ikkje burde ha teke.

            Det året eg her skal fortelje om var nett eit slikt år med lite is og mykje nordostleg vind. Vi hadde gått langs iskanten frå Belle Isle og nordover til Hamilton Inlet, der var berre ei smal stripe med is langs Labradorlandet og vi låg no utfor Hamilton og venta på rapport frå rekognoseringsflyet som var ute og leita etter sel. Dei fann til slutt selkastet langt inne på Hamilton Inlet, innom dei ytste øyane og holmane. Vi rekna med at det var innafor grensa og ikkje noko for oss å gjere, men vi visste at isen kunne fort kome i drift og kanskje kome utover, so saman med «Polarsirkel» la vi på isbaksen og braut oss gjennom. På nordsida av Hamiltonbukta er der ei rekkje av øyar som stikk 15-20 mil utover og endar med White Bear Island. På sørsida av disse øyane trefte vi eit nokso stort område med reint ope hav, men innafor dette hadde det laga seg til ein strak, tett iskant so rett som ein linjal i nord-sydretning. Vi gjekk so langt inn at vi fekk sjå kvar selen låg. Vi fann at det var for langt inne for oss, so vi gjekk utover att og la oss til ved iskanten eg før nemnde.

            Her fann vi ein morgon det vi i populærspråket kalla for  eit «spuns» med sel som vi arbeidde med den dagen fram til omlag middag. Då var det opprenska og eg styrte utfor kanten og gjekk nordover langs kanten i ope vatn for å sjå om der var meir fangst å finne. Eg ga beskjed til karane at dei kunne gå og få seg middag so dei var klar om det skulle verte noko meir. «Polarsirkel» arbeidde i eit liknande spuns litt nord om oss og hadde mannskapet i arbeid nokso samla like inn for iskanten. Eg styrte ca to skutelengder frå kanten, det var svartestille og lettskya ver og sjøen so smul som inne på ein fjord. Det var ein av disse dagane då ein kunne freistast å synge «Oh what a beautiful morning» osv. Rorvatnet låg som ein strek etter oss, eg stod for det meste med kikerten for augo og kikra om eg skulle sjå meir sel.

Vi nærma oss der «Polarsirkel» låg i arbeid då eg såg at skuta tok til å svinge ganske fint inn mot kanten. Eg skubba bort i styrehendelen for å justere, men ingen ting skjedde. Eg såg då at rorindikatoren var ute og samtidig høyrde eg styremaskinalarmen i styrehuset.  Javel, tenkte eg, eg får stoppe litt til det kjem i orden att. Eg drog maskinkontrollen på stopp, men ingen ting skjedde no heller, straumen var vekk og ingen ting verka, heller ikkje intercomanlegget. Eg gjekk ut på tønneplattforma og ropte ned til dekk og bru, men ingen høyrde. Eg skreik so eg var blå i trynet, men til inga nytte. Eg tok eit lynraskt overblikk og såg at den svake svingen til babord ville sette oss midt inn mellom folka til «Polarsirkel». Eg visste at det ville ikkje verte lenge før straumen kom att eller at dei stoppa, men kunne eg vente på det? Det var ein av disse situasjonane då du må ta ei beslutning på sekundet, og den bør helst vere den rette.

Eg greip tak om toppstaget og heiv meg ut, det gjekk på glatt ned til dekket. Dei 25 metrane tok nok mindre enn fem sekund, men det stod blå røyk av skinnvottane før eg kom ned.

Med same eg nådde dekk låg eg i full spurt, i full tønnemundur med storetrøye og treskostøvlar, over dekk og opp trappene til styrehuset, kasta meg over hendelen på rattsøyla og kobla over til manuell styring. Eg drog rattet so det kvein, samstundes drog eg stopp på den gamle maskintelegrafen, som ellers aldri var brukt. Baugen peika midt inn mellom fangstfolka, som arbeidde ei knapp skutelengd innfor iskanten, men skuta lystra momentant og svinga so iskanten berre sovidt skrubba mot babordsida. Eg retta opp langs kanten, og no lente eg meg over rattet og pusta ut, det var som ei bør på fleire tonn var letta av meg.Like etter stoppa dei maskina, og karane kom rennande ut på dekk og ville vite om dei skulle på isen att. Då eg fortalde at vi på hengande hår hadde baua ned folka til «Polarsirkel», trudde dei visst ikkje so mykje på det. Det høyrest utruleg ut at av dei 28 mann ombord var eg den einaste som visste kor nær vi var katastrofe, det ville nok ikkje vorte so lett å verte trudd i ein sjøforklaringsituasjon. Eg rusla meg stilt og roleg opp i tønna att og fortsette vidare, men der gjekk nok ei takkeadresse ut på samtlige frekvensar til eit eller anna vesen ein eller annan stad der ute i rommet som vonleg tok mot og kvitterte.

Dei fleste kjenner vel Jakob Sande sin klassikar om Kallen og katten, der det enda med at kallen» kappsprang med døden mot løda, og slo han med knapt eit sekund». Slett so knapp margin var det vel ikkje med meg, men når eg seier at eg slo han med knapt eit minutt, so er det nok inga overdriving.

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *