Frå samlingane – Kanonkule frå 1810

Av Webjørn Landmark

I samlingane til Ishavsmuseet finn vi tre kanonkuler. Ei stor, omkrets 44,5 cm og 11 kg., og to som er noko mindre.

Kula på bilde, som er ei eldre kanonkule, er funnet i heimen til Ole S. Brandal, «Lunheim» i Brandal av sonen, Johan O. Brandal. Johan O. Brandal gav i 1986 kula til Ishavsmuseet. Opphavet til kula skal skrive seg frå ei hending som skjedde i 1810 i Breisundet og utfor Brandal. Dei to andre kanonkulene er også funne i Brandal.

«De engelske kugler fløy rundt om vore kannonbaade som haggel»

Den 17. mai 1810 gjekk dei to engelske fregattane «Belvedere» (42 kanoner og 280 mann) og «Nemesis» (32 kanoner og 205 mann) ut frå orlogshamna i Leith. Ordren var å halde auge med grønlandsfararane eller skutene som var i Ishavet på kval og selfangst, meir uoffisielt var det også truleg eit forsøk på å skaffe norske sjøfolk til den engelske marinen. På grunn av krigen var det stor mangel på sjøfolk i England. Etter og ha kryssa nord for Stad, vore innom Jan Mayen, så set dei to skipa atter kursen mot norskekysten.

I juli er engelskmennene i land på Stadlandet. Dei byter til seg ein del tørrfisk i byte mot tobakk og brød, men dei gjer ikkje noko skade. Kystvernet lurer fienden til å tru at landgangen deira er meldt til styremaktene i Kristiansund, og at norske skip og soldatar er ventande. Engelskmennene dreg seg derfor tilbake.

  1. juli sender fregattane barkassene sine mot Runde. Målet var å øydelegge telegrafen der. Flotiljesjefen i Ålesund, løytnant J. J. Lund ror ut med kanonbåtane for å avskjere barkassene.

«Belvedere» held seg nord for Stad og om morgonen den 8. august ligg den ved Godøya. To båtar vert sette ut for å jage ei nordlandsjekt utfor Flø. Jekta er lasta med stokkfisk og er på veg til Bergen. Telegrafistane ved Grasøya er sikre på at stasjonen deira vert angripen og dei rømmer unna, mot Flø.

Med heile styrken, ein skonnert og fem sjaluppar, ror difor Lund ut Giskesundet og mot Runde for å skjere av barkassene frå fregatten.

Etter kvart frisknar det på med veret, båtane må gje opp jakta og lenser unna inn mot Kvitneset. Fregatten seglar seg opp til lovart og sender av «…mellom 200 og 300 Skud Granater, Kugler og Skraa (Sprengkuler)…»

Fleire av desse kulene hamnar i land frå Kvitneset og innover mot Brandal. Så snart Lund har fri sikt mellom Kvitneset og Nøringset, formar han ei frontlinje, heiser kampflagget «…og begynte at fyre hastigen efter Fregaten. Uagtet de engelske Kugler fløy rundt om vore Kanonbaade som Haggel, tog dog hverken Kanonbaade eller Mandskab nogen skade…» heiter det i ein rapport frå Kystværnet.

Kanonbåtane prøvde å lokke fregatten inn i vindstilla under Sulalandet. Kaptein Richard Byron og offiserane hans er fulle av undring av sjømannskapet og motet til dei norske styrkane.

På land er det no slått full alarm, og kystvernet samlar seg på begge sider av Breisundet. Brått kjem skodda sigande, og det vert vanskeleg og få oversikt.

Frå Vartdal vert det fortalt at kjerringane for attiveia og gret då mennene for av garde og skulle krige. Dette var midt i hardaste slåtten, men då var det ei gammal legdekjerring som sa; «Berre tei dokke, lide ut på dagen så kjøme karane attende å hjelpe oss med høyet». Ut på kvelden, då det bles opp, kom riktig nok karane seglande heim, like heile.

Same dagen når dette hende skulle sunnmørsfuten, Andreas Landmark i Brandal, inn i Hjørundfjorden å krevje inn skatt saman med skrivaren sin. Men dei kom seg ikkje av garde. «…Fyrerne tændte, saavel paa det saakaldte Kvitnæs, nær ved min bopæl, som og paa fleire Stæder her omkring, samt Kystværnet derved sammenkaldet mod Fienden…»

I futegarden vert det fortalt at dei grov ned sølvsakene i ein møkkadunge og rømde så til fjells.

Det var ved dette høve fru Landmark vart sitjande landfast i Sula. Ho hadde vore nord i Borgund då krigsskipet kom inn Breisundet. Bina i Brandal, som ho vart kalla, vart så skremt at ho heldt til lands sør om Eltrane og vart sitjande i ei steinurd resten av dagen.

Kapteinen på «Belvedere» våga seg ikkje lenger inn, og går til havs etter å ha teke inn barkassene. 12. august set «Belvedere» kursen mot Shetland og ankrar i Lerwick to dagar seinare.

I Prestestova på Hareid finnast to kuler som seiest å vere i frå denne hendinga. På «Berghaug», stovehuset til Severin L. Brandal er det i fylgje bygdeboka merker i tømmeret etter ei kanonkule som skal skrive seg frå det som skjedde i 1810. Denne stova hadde på denne tid stått på Skarbakken i Brandal, men seinare flytt til «Smotta» i Ytrestranda i Brandal. Vi kjenner også til fleire slike kuler som skal ligge i private heimar i Brandal.

Kjelder:

Ishavsmuseets arkiv, Norsk telemuseum, Bygdeboka for Hareid og Ulstein og notat nedskrive frå futen si kopibok.

1 - Kommentarar

  1. Vi fann også ei kanon kule nedafør huset vårt. Den er ca 8cm i diameter. (Klepphuset)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *