M/S «BRANDAL» frå vrak til nybygg.

Skuta vart bygd ved Skålurens skipsbyggeri i Hardanger i 1911. Måla var 83,1 fot lengde og 20,6 fot breidde. Hovudmaskina var ei 50 hk dampmaskin, bygd ved Brunholmen Mek. i Ålesund.

Ishavsskuta "Brandal" på slipp ved Hatlø

Av Havtor Hofseth (2013)

«Brandal» er den skuta som har vore lengst heimehøyrande i ishavsbygda Brandal. Ho var første gongen på selfangst i 1911, og den siste turen var i 1979.

Skuta vart rekvirert av tyskarane under siste verdskrigen. Under tysk kommande grunnstøytte ho ved Sandnessjøen i Nordland. Etter å ha lege på botnen i lang tid, kom skuta til Hatlø verkstad som havarist. Ho var i dårleg forfatning, tilgrodd av tang og tare. Arbeidet starta våren 1944. Skuta vart slippsett, spylt og reingjort og kappa i to deler for å bli forlenga. Dette likte tyskarane dårleg. Dei meinte at skuta ikkje kunne stå på slipp så lenge. Dei hadde bruk for slipplassane til «sine» skip. Men verftsleiinga fekk hafsa dei av slik at fornyinga kunne ta til.

Det var mangel på alt slag under krigen, så arbeidet gjekk litt i rykk og napp.

Dei reiv litt og bygde nytt. Dei måtte drage ut tida. For vart skuta ferdig før krigen var slutt, ville tyskarane rekvirere henne. Så det var mange omsyn å ta. Så skikkeleg fart på arbeidet vart det ikkje før i februar 1946.

Tømmer var det vanskeleg å skaffe, men reiar Martin Karlsen hadde visstnok sildemjøl på lager som han kunne byte mot tømmer. Dei brukte for det meste furu, men også eik og ask som vart brukt i baug og akterstamn og som kjøl. Ishuda var av greenhard og eik. Furutømmeret kom for det meste frå Skodje. Ask fekk dei frå prestegardshagen i Borgund. Då brukte dei «Gunnhild» som taubåt. Ho drog tømmerstokkane på sjøen og slepte dei til Ulsteinvik. Det er også dei som meiner at noko av tømmeret kom frå den fine askealleen som førte fram til gamle prestegarden i Dimnasund.

Men om dette tømmeret var til «Fangstmand» som fekk ny akterende omtrent på same tid, eller om det var til «Brandal» er vi ikkje sikre på. Men tømmeret vart i alle fall felt og drege ned til sjøen med hest. Så vart det slept til verftet med slippjollen – det var ein robåt. Verftet hadde også ein arbeidsbåt med motor, som heitte «Kobben». Den vart også brukt som slepebåt når dei hadde drivstoff. Då dei ikkje hadde kraner, måtte dei ta tømmerstokkane fram på ei slipprenne og på denne måten drage stokkane i land.

Etter at tømmeret var kome på land var det å gå laus med tomanns handsag og deretter hogge stemnane til etter teikningane. I snikkarverkstaden var det kun ei lita bandsag, driven av ei reimskive frå maskinverkstaden. Elles var det skavøksa som var mykje brukt. Dei kalla det å diksle når dei hogg til hud og spant. Handemakt og taljar var brukt når dei skulle røyse dei svære spanta.

Å montere ishuda var også eit møysommeleg arbeid. Greenharden var så hard og veden så full av sand at det knapt fanst verktøy som beit på den. Greenharden var så tung at han flaut ikkje i sjøen. Der det var kurvatur i skutesida, måtte kvar einskild planke stimast for å få mjuka han opp.

Men det var ikkje berre tømmermannsarbeid på ei ishavsskute. Det var også mykje smiarbeid for å lage beslag, boltar og hakar av ymse slag. Og baugklavane var det spesielt mykje smiarbeid på. Då tok dei essa ned i slippen for å varme opp klavane til dei var glødande. Så var det å smi dei til etter baugprofilen.

Der var sjølvsagt også ein del rør- og maskinarbeid.

«Brandal» var på mange måtar ei skute med mange nye og banebrytande ting. Styrehuset var til dømes bygt i aluminium, noko som var nytt den gongen. Elles var ho første skute med stålmast og tønne av aluminium med varme i botnen. Det var ei opa tønne. Det var visstnok Grepa i Ørsta som leverte varmeomnen. Desse aluminiumstønnene vart også ein eksportartikkel. Mange av kvalbåtane frå Sandefjord og Tønsberg fekk dei montert og brukte dei i Sørishavet. Det var Johannes Sundgot – kalla Bryggen – som bygde alle styrehus og tønner i aluminium ved Hatlø verkstad. Der var sentralvarme i alle lugarane akterut og i rorhuset. Der var også klosett og dusjrom ombord. Skuta var også utstyrt med balanseror.

For å røyse den svære masta med tønna i toppen, måtte dei forhale skuta til Teigenebuda, der dei brukte vindene og taljar for å få den opp. Martinus Larsen spleisa wirane og staga som måtte til for å halde masta på plass.

Ferdig ombygd var skuta tidleg i mars 1947. Ho var 112,2 fot lang og 22,6 fot brei. Der var igjen kun eit eller to spant av den gamle skuta. Elles var alt nytt. Hovudmotoren, ein 375 hk Crossley, vart innmontert, den tok dei frå ein gamal engelsk minesveipar. Det var faktisk vanleg i denne tida å kjøpe inn utrangerte, engelske minesveiparar berre for å bruke hovudmotoren. For å få hovudmotoren ombord måtte skuta slepast til Flatholmen ved Ålesund. Der hadde Tafjord kraft ei svær kran som dei brukte til transformatortransport. Dei fleste verfta på Møre nytta seg av denne krana til tyngre løft. Slik var det også med «Brandal». Motoren vart sett ned i lasteromet og så vart den sliska att til maskinromet gjennom ei luke i skroget.

Farta var 9,5 knop lasta.

Arbeidstida var den gongen frå 0730 til 1700 med ein time middagstid. Det var mange som gjekk ut til verftet med middagsmat til sine. Laurdagane var arbeidstida frå 0730 til 1300 med ei kort pause i mellomtida. Ferien var ei veke i året. Timeløna for ein fagmann var kr. 1,00 . I dag er ho om lag kr. 130,00. Under krigen var det om lag 50 tilsette ved Hatlø verkstad. Hallvard Barstad var med å bygge om skuta, og han var også med på første turen i Vesterisen etterpå. På verftet tente han kr. 0,42 pr time.

I 1947 var første turen i Vesterisen etter forlenginga. Det vart ein kjempetur og då var «Brandal» siste skute som kom fram til isen og den første som kom heim.

Siste turen i isen for «Brandal var i 1979.  Skipper var Bjarne Liavåg frå Brandal. Då kom ho heim med assistanse og store lekkasjar i akterskipet. Ho vart kondemnert same året og søkt i  Gangstøvika. Masta med tønne vart redda i land og står i dag ved skulen i Brandal.

 

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *