Minner om fiske frå Brandal i førre århundre

Lars O. Brandal som er født i 1862, fortel til Peter Karlsen

Fiske med Otring. Første året eg dreiv fiske var i 1878. Eg var då med otringen til far min, Olavius Larsen Brandal. Ein slik otring var på om lag 27 alner. ( frå 21 – 27) Men båtmål alna vart rekna til 21, og dei hadde tre mastre.

Nordeggen
Lars Olaviusson Brandal 1862-1955 fortel om fiske i gamal tid i Brandal, Oluffa Jakobdotter Brandal 1861-1935

Før mi tid brukte dei flatbrennarar. Den siste som hadde flatbrennar her var Johannes Holstad og Ole Pedersen Overå. I denne tida vart det bygt nye båtar i Bjørkedalen. Det var otringar. For kvar båt dei leverte der var det stor fest, mest som eit lite bryllup. Kjøparen kom gjerne med brennevin i fleire kaggar for å få båten så billig som mulig. Otringen var bygd som ein flatbrennar, men han hadde to mastre og bakmastra tok ein ofte ned ute på fiskefeltet. På kvar båt var det 7 mann.

I kring 1880 var det fylgjande i Brandal som var eigar av otring. Forutan Olavius L. Brandal, Petter Larsen Brandal, Johannes Pedersen Volle, Peter Pedersen Runne, Bretanus Brandal samen med Petter Mur, Hans Johannesen Brandal, Severin Haugen samen med Petrus Pedersen Brandal, Bernt Knutsen (Sima-Bernt), John Hansen (Plasse-Jo). Dei to siste hadde båten liggande i Furkenholmen. Dessuten hadde Rasmus Brandal (Gamle Rasmus) ein seksring.

Vi dreiv i denne tida torskefiske med garn ute i Breisundet, om lag 20 kvartmil frå Hareidlandet. Fisket byrja først i februar og slutta 25. mars. Då reiste dei leigekarane ein hadde med ofte på dagen. I torskefiske var arbeidsdagene ofte lange. Vi reiste ut kl 4 om morgenen og kom som oftast innatt langt på natta. Det meste ein hadde på ein slik tur var 700-800 torsk. Men stundom hadde vi berre 50-60. Vi salta fisken saman alle som var på same båt, og så delte vi fisken når han var saltemodig. Lutane var sjølvsagt særs variable. Ein vanleg lut var på om lag 50 våger med turka torsk. Prisen pr. vår var kr. 5,- så ein tente om lag kr. 250,- på sesongen. Mannskapet heldt garn sjølve, og kvar båt hadde 25-30 garn. Den som heldt båt fekk to lutar ekstra. Torskegarna batt vi sjølve. Vi kjøpte hamp og spann tråden. Skotet la vi også.

Etter torskefiske sette vi båtane på land til oppussing. Dei vart smurt med tjere. Det hende seg at båtane ikkje vart brukte før til hausten, men til vanleg dreiv vi også vårsildfiske. Til dette bruka vi 20-25 garn (sette garn) pr. båt. Kvar mann heldt 3-4 garn.

Stor-skøytene.
Ein kvar tok no til å skyna at dei båtane vi hadde var for små. I denne tida kom det svenskar hit på desse kantar for å fiske. Dei låg i Ålesund med skøytene sine. Fleire sunnmøringar ga seg i lag med desse svenskane og det vart kjøpt fleire av båtane deira. Såleis var Lars Bakke Brandal i eit partreiarlag som eigde svenskeskøyta ”Festemøya”.

I 1878 kom det til eit møte på Skarbakken i Brandal. Desse møtte: Ole J. Teigene, Peder, Elias og Johan Skarbak, Olavius L. Brandal, Petter Runne, Petter og Hans Saudebø, Leit-Ole, Ole J Brandal (Riis-Ole), Kolbein Kvitnes og Petter Bakke. Kvar skaut inn kr. 1.000,- og det vart såleis ein aksjekapital på kr. 11.000,-. Med dette vart bankfiskeskøyta ”Nordeggen” bestilt med skipsbyggar Hammer i Ålesund. ”Nordeggen” var på 38 tonn. Johan Pedersen Skarbak var skipper og Kolbein Kvitnes var andremann. Skuta hadde to mastre og stengrigg, og gjekk for å vere vakraste og beste siglaren på Sunnmøre. Eg var også med ”Nordeggen” på første turen i 1880. Vi fekk denne vinteren 24000 torsk som vart tilverka her i Brandal. Denne fisken skulle delast på 12 mann. ”Nordeggen” var partreiarlag i 2-3 år, då vart skuta seld til Emil F. Rasmussen i Ålesund, som dessutan kring 1880 hadde fått bygt tre nye sluppar til bankfiske. Det var ”Bjørn” skipper Johan Skarbak Brandal, ”Elieser” skipper Elias Skarbak Brandal og den tredje skuta heite ”Fridtjof”. I 1885 vart ”Livingstone” bygd av Hammerås for Rasmusen’s regning. Petter Runne Brandal vart skipper. Same året som ”Livingstone” vart bygd var Severin Brandal skipper på ”Elieser”. Seinare kjøpte Rasmusen ”Njord” frå Austlandet, skipper var Lars Brandal (Rasmus Lars). På svenskeskøyta ”Ylen”, eigar Rasmusen, Petter J. Mur Brandal skipper. Reiar Lauritz Madsen bygde skuta ”Palander” og skipper vart Hans Johnsen Brandal. Når ein ser bort frå at Ålum-Johan var skipper på Rasmusen si skute ”Nordenskjold” var det i desse 8-9 åra eg dreiv storeggfiske berre Brandalingar som var skipperar på storskøytene frå Ålesund. Dessutan bygde Brandalingane som før nemnt skøyta ”Nordeggen”.

Nordeggen

På bankfiske hadde skøytene 2 skøytebåtar som var rigga med gubbe og storsegl. Gubben stod fremst i båten. Ein skøytebåt var om lag 20 fot lang men særs breid og rundbygd. Båtane var altså byrige men desto tyngre å handsame ute på havet. Det vert om lag same høvet som med dei snurpenot båtane våre fiskarar streva med i dag.

Småskøyter.
Frå 1885 og utover tok vi til å fiske på nokre mindre båtar som vart kalla små skøyter. Desse hadde to mastre. Etter at Petter Runne hadde slutta som skipper hjå Rasmusen, kjøpte han i lag med Riis-Ole små skøyta ”Brødrene” på 7 ½ netto tonn. Ho lasta om lag 3500 torsk. På same tid, det var i 1886, leigde Severin Haugen ei liknande skute som heitte ????? Bernt Marø kjøpte ei skute ”Abeline”. Johan og Elias Skarbak kjøpte ”Perlen” på 8 netto tonn. Ho forliste 11-12 mars 1886, og heile mannskapet på 9 mann omkom.

I åra utover kosta brandalingane seg fleire småskøyter. Det var: ”Godø” skipper Ole P. Brandal. ”Rekdalsfrua”, skipper Petter J. Mur. Han vart seinare skipper på ”Emil”. ”Brandal” skipper Lars R. Brandal, ”Kvikk” skipper Rasmus R. Brandal. Seinare kosta Ole P. Brandal m/fl. Skøyta ”Grei” og Petter Runne saman med Riis-Ole kosta ”Petra”. På same tid eigde Rasmus og Lars Brandal skøytene ”Fiks” og ”Trafikk”. Lars O. Brandal m/fl kjøpte skøyta ”Bergljot” på 18 ½ tonn. Dette var i 1889. Same året fekk Haug Severin og Rasmus Brandal (Pe-Riis) bygd ”Huldra” hjå Trondsen i Fagervik. Desse småskøytene dreiv torskefiske og eggafiske. Vi hadde då byrja å bruke dorryar så smått, men dei fleste nytta likevel enno skøytebåtar. Dorryane var etter amerikansk mønster. Vi dreiv torskefiske frå tidleg i februar og utover. Det var linefiske, og her var danna eigne agnlag. Skøytene låg ute heile vekene, og midt i veka kom agnbåten ut med ferskt agn. Dei fleste brandalingar handla med Koppernes i Ålesund. Der tok dei ut sine varer og leverte sine produkt. Koppernes var ein folkeleg og grei mann å ha med å gjere. Ofte kunne åringane vere dårlege og det vart gjeld hjå kjøpmannen. Men vi fekk kreditt på nytt att i von om at neste år kunne det jamna seg ut, og det synte seg i det lange løp at det ordna seg for den som ville gjere rett for seg.
På små skøytene var det 7 mann, men skuta skulle ha tre lutar av fangsten.

Ny utvikling i storskøyter.
Vi gjekk ikring 1890 over til å anskaffe oss nokre større skøyter. Severin Haugen m/fl. Kjøpte ”Huldra” Ho var bygd i Ålesund av skipsbyggar Trondsen. ”Huldra” var den første skuta, men her kom straks fleire av same slaget. Kolbein Kvitnes fekk bygd ”Rolf”. Også her i Brandal vart det bygd skuter. Såleis vart ”Rapp” bygd på Riis-marka i 1894 av skipsbyggar Trondsen. Eigarar var Rasmus Brandal (Pe-Rasmus), Petter Bøe og Syver-Andrias. Ut gjennom åra kom andre skøyter som t.d. ”Gunhild” reiar Johan H. Brandal m/fl., ”Havfruen” reiar Laurits S. Brandal m/fl., ”Union” reiar Ole S. Brandal, ”Minna” reiar Peter S. Brandal, ”Fri” v/ Andreas og Sten Røren og ”Neptun” v/Peder P. Brandal. Henrik Brandal bygde sjølv kutteren ”Harald” her i Brandal. Vidare kjøpte Karl M. Brandal deksskøyta ”Reidulf”. Gråta-Syver og eg kjøpte ”Bjørnulf”.

Havfruen

Desse skøytene var nærast storskøyter å kalle. Vi dreiv torskefiske som vanleg om våren, og det vart bruka line med 4 dorryar på kvar skøyte. Agnet fekk vi ut på feltet ein gong i veka som i småskøyte tida, og vi var faste ”liggere” som ein kalla det, ute på torskebankane. Ein gong i veka gjekk vi inn med fangsten. Fisket varierte særs i desse åra, men enkelte år var fangsten pr. skøyte opptil 30.000 torsk. Dette vart rekna for godt fiske. Av fangsten var det fire lutar på skuta. Det var 12 lutamenner, kokk og to dragarar på kvar skøyte. Skuta heldt berre bøyer og endar (ilar), men kvar mann heldt sine liner. Drifta var i desse åra, i 90 åra, lønsam. I torskefiske varierte lutane våre frå 300-600 kr.

Etter torskefiske om våren, dreiv vi eggafiske etter brosme og lange. Ein slutta med dette fiske rundt 1. august. I denne tida var det mange leigdemenner frå grannebygdene som tok del i fisket på båtar herifrå. Leigdemennene bodde i privathus her i Brandal. Dei hadde fast løn, om lag kr. 80,- for sesongen. Dette var med fri kost.

Først i 1890 åra var skøytene også på makrellfiske frå august måned og utover. Dette var ved doggerbank og elles andre stadar i Nordsjøen. Fisket gjekk for seg med dorging, og vi hadde utriggarar, som ein kalla det, på båtane. Det var to til tre troer på kvar side og tre onglar på kvar taum. Ein merka det på troene når makrellen hadde bite på. Dette var eit interessant fiske. Makrellen leverte vi i Stavanger og Haugesund og derifrå vart han eksportert til Amerika. Båtane kunne få 40-50 tønner salta makrell og det vart såleis ofte lønsame turar.

I 1902 byrja skøytene å drive med drivgarn ute i Nordsjøen. Det var Nordsjøfisket som ein seinare kalla det. Fisket varde frå august til ut i september, og gjekk føre seg ved Shetland eller doggerbank.
Etter makrell fisket eller nordsjøfisket om hausten sette vi skutene opp for å pusse til våren.

Slippsetting i Brandal
Småskøytene vart alltid satt opp her om hausten, sjølv om det berre var for vanleg oppussing. Men storskøytene hadde ein sjeldan opp. Det var når ein stor reparasjon skulle gjerast. Når vi sette opp småskøyter og storskøyter, bruka vi eit solid gangspell med to stengre. Dette vart bemanna med ein flokk folk, som fungerte som motor. Vi la ut provisorisk hæling. Småskøytene reparerte vi sjølve, men til større reperasjonar av stor eller småskøyter måtte vi få i fagfolk oftast frå Romsdalen.

Brandal, juli 1943 Peter Karlsen

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *