Operasjon Pingvin

Om blant anna flyfotografering og kartlegging av Dronning Maud Land: Ein operasjon som ikkje var hemmeleg, men som det likevel helst ikkje vart snakka høgt om.

Av Magnus Sefland

Polarbjørn lossar ved barrieren.

Det storpolitiske bakteppet: Under andre verdskrig samarbeidde dei vestlege allierte med Sovjetunionen om å nedkjempe Nazi-Tyskland.
Det gjekk ikkje lang tid etter krigen før Sovjetunionen og USA framstod som motstandarar i den kalde krig, dvs kamp om overmakt og hegemoni i verda. USA leverte støtte til gjenreising av det krigsherja Europa – også for å unngå misnøye som kunne gi grunn til støtte til kommunisme. Siste del av 1940-talet vart prega av blant anna sovjetisk blokade av Vest-Berlin og kommunistisk maktovertaking i Tsjekkoslovakia. Sovjetunionen framstod som ambisiøs stormakt.
USA ville på si side demme opp for sovjetisk ekspansjon. Som vestleg motstykke vart NATO skipa.
Der det er eit maktpolitisk tomrom, vil som regel nokon nytte høvet og fylle tomrommet. Til dømes med aktivitet i det folketome kontinentet Antarktis.
I 1948 vart Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser frå før krigen omskipa til Norsk Polarinstitutt. Organisasjonen fekk oseanograf og meteorolog Harald U. Sverdrup som sin første direktør etter omskiping og namneendring. Endringa bar bod om sterkare orientering mot Antarktis.

Maudheim-ekspedisjonen: I den kalde krigen sin tidlege fase sende Storbritannia, Sverige og Norge ein felles ekspedisjon til Antarktis, som overvintra i perioden 1949-1952. Maudheim-stasjonen vart oppretta tre-fire kilometer frå barrierekanten ca 10.55 grader vest. Ekspedisjonen bestod av 18 mann, av dei sju norske. Storbritannia si deltaking innebar også folk frå samveldelanda: Ein frå Canada og to frå Australia. Ekspedisjonsleiar var John Giæver. Både utreisa i 1949 og heimreisa i 1952 var med Norsel av Tromsø, skipper Guttorm Jakobsen.

Ekspedisjonen miste tre mann då ei beltevogn under ein prøvetur i dårleg ver med liten sikt køyrde ut for barrierekanten og fall sju-åtte meter i sjøen.

Planlegging av nye Antarktis-ekspedisjonar: Vitskapsfolk i mest alle land var stadig ivrige etter å drive meir forsking på det nærmast folketome iskontinentet. Ingen nasjon hadde folkerettsleg herredømme over heile eller deler av kontinentet. Men geografi, historie og økonomiske verksemd gjorde at mange nasjonar meinte å kunne hevde ‘krav’ på overhøgd over deler av kontinentet.
Vitskapsfolk ivra etter å drive forsking. Det dominerande spørsmålet var ofte kor mykje, kor ofte, kor dyrt – og kven skulle eller ville betale. Og under låg frykten for at ein konkurrent på den storpolitiske arena kunne kome først og setje seg fast. I bakgrunnen spøkte Sovjetunionen og deira planer.
I forskingsmiljøa, direktorata, departementa, blant politikarar og i diplomatiet gjekk diskusjonane. I Norge var leiinga i Norsk Polarinstitutt sentral. Eitt av momenta var om, og eventuelt i kva grad, kvalfangstreiarlaga og deira fellesorganisasjon kunne hjelpe til med finansiering.
Det var uvisse om kvar andre nasjonar kunne tenkjast å opprette sine stasjonar. USA signaliserte ønskje om å opprette ein stasjon ved Kapp Norvegia like vest for tidlegare Maudheim, vel 10 grader vest. Dette skal ha ført til at både på norsk regjeringshald og i USA såg dei seg tente med ein norsk stasjon lenger aust, ved 0-meridianen. Meir eller mindre i det stille kom det til semje med USA om at Norge kunne sende ein ekspedisjon og opprette ein stasjon i Antarktis nær 0-meridianen.

Det Internasjonale Geofysiske År (The International Geophysical Year; IGY): Det internasjonale samarbeidet la opp til eit internasjonalt geofysisk år, med geofysisk forsking over heile kloden. Det som vart kalla eit ‘år’ vart bestemt å vere eitt og eit halvt år – frå 1. juli 1957 til 1. januar 1959, med 12 deltakande nasjonar og til saman personale frå 67 nasjonar. Det internasjonale geofysiske året var også eit framhald av det første internasjonale polaråret 1882/83 og det andre polaråret 1932/33.
Deltakarnasjonane skulle gjere koordinerte observasjonar på stasjonar langs tre lengdegrader frå pol til pol – og langs to breiddegrader rundt heile jorda. På stasjonar ved – eller nær – desse linjene skulle det på fastsette tidspunkt gjerast observasjonar av ulike geofysiske eigenskapar og verdiar. Dei tre lendegradsnitta skulle gå over Amerika; Asia/Australia og Afrika/Europa (langs 10 grader aust). Polarstasjonar langt nord og langt sør langs desse linjene vart spesielt prioriterte. Norge og dei andre skandinaviske landa fekk ei særleg oppgåve med å ta observasjonar langs 10 grader aust, blant anna på Norge sine faste ishavsstasjonar i nord. I Antarktis fekk Norge ansvar for observasjonar i området frå 10 grader aust, over Dronning Maud Land og Bouvetøya til og med Peter I Øy ved 90 grader vest.

Norway Station: Den norske ekspedisjonen – med det offisielle namnet Den Norske Antarktisekspedisjon 1956-60 – var planlagd under leiing av direktør Harald U. Sverdrup. Ekspedisjonen bestod frå starten av 14 mann. Der vart fleire utskiftingar i staben. Siste året, 1959/60, vart staben redusert til ni mann.
Direktør Harald U. Sverdrup ønskte meteorolog Nils Jørgen Schumacher som ekspedisjonsleiar. Schumacher hadde vore med på Maudheim-ekspedisjonen. Men Schumacher kunne av omsyn til familie og ei bistilling ved universitetet ikkje ta på seg oppgåva. Geodet ved Norsk Polarinstitutt Sigurd Gunnarson Helle vart ekspedisjonleiar.

Den norske antarktisekspedisjonen 1956-60 var den første norske vitskaplege overvintringsekspedisjonen til Antarktis sidan Roald Amundsen sin sørpolsekspedisjon 1910-12. (Maudheim-ekspedisjonen 1949-52 var eit fleirnasjonalt samarbeid).
Ekspedisjonen til Dronning Maud Land forlet Oslo med dei to ishavsskutene Polarsirkel (1942) av Tromsø, skipper John Jakobsen, – og Polarbjørn (1950) av Brandal, skipper Bernt Arnvid Brandal, i samsegling i november 1956. Ekspedisjonspersonalet – 14 mann – var fordelt med ti mann på Polarsirkel og fire på Polarbjørn. Skutene var godt lasta med med utstyr av alle slag, medrekna to beltekøyretøy. Og dessutan eit førtital trekkhundar.

Polarbjørn og Polarsirkel lossar ved basen

Utreisa gjekk via Las Palmas, Montevideo og Husvika på Sør-Georgia. I Montevideo vart det bunkra og proviantert. Ved kvalfangststasjonen i Husvika vart det tatt om bord eit kvantum kvalkjøt og spekk til hundemat.
Skutene kom fram til Dronning Maud Land. Det vart Polarsirkel som fann den mest høvelege staden til å setje ekspedisjonen på land ved 02.32 grader vest. Landingsstaden vart kalla Polarsirkelbukta. Der oppretta ekspedisjonen ein bistasjon. Hovudstasjonen Norway Station vart oppretta ca 36 kilometer frå barrierekanten. Den fekk etter kvart det meir uoffisielle namnet Fimbul.
Dei to skutene returnerte i januar 1957 og gjekk til selfangst ved Newfoundland. Dei heldt ikkje lag lenger. Polarbjørn vart noko heft på grunn av eit mindre problem i maskinen, og Polarsirkel gjekk frå. Men begge var inn om Las Palmas. Der sette dei på land mannskapsmedlemer som skulle fly heim og tok om bord fangstfolk som hadde kome med fly heimanfrå og skulle vere med til Newfoundland på selfangst.

Antarktisekspedisjonen sine vitskapelege oppgåver: Meteorologiske målingar og observasjonar; kartlegging; glasiologisk og geologisk gransking; ozonmåling; sørlys (aurora australis)-gransking; jordmagnetisk måling; tidvassmåling ved bistasjonen ved isbarrieren.
I løpet av ekspedisjonen gjorde ekspedisjonsleiar Sigurd G. Helle saman med eit lite feltparti, med to beltevogner og to hundespann, ei utflukt til ca 8 grader aust for å supplere det geodetiske og topografiske arbeidet som ekspedisjonen hadde begynt med. Utferda gav viktig forskingsresultat, men hadde også eit uhell som nær hadde enda tragisk. Eitt av beltekøyretøya fall ned i ein bresprekk. Køyretøyet fall så djupt at det ikkje kunne bergast. Føraren greidde å berge seg ved å hoppe av køyretøyet i siste augneblink.

Etterforsyning med ishavsskuta Tottan: Så pass langt opphald som ekspedisjonen på Norway Station varte, var det trong for både etterforsyningar og utskifting av mannskap. Storbritannia og Norge samarbeidde om å leige Tottan av Tønsberg som avløysings- og forsyningsfartøy. (Frå 1961 høyrde skuta heime i Tromsø, med namnet Kvitfjell). Avløysingsbesøket vart gjort i november 1957. Tre medlemer av overvintringsmannskapet vart avløyste av tre nye: Lege, mekanikar og stuert.

Nokre hendingar medan Norway Station-ekspedisjonen heldt til i Antarktis: Like før Norway Station-ekspedisjonen drog frå Norge seinhausten 1956 demonstrerte Sovjetunionen vilje til å bruke militær makt for å halde på sine posisjonar. I Ungarn slo sovjetiske styrkar ned oppstanden mot det sovjetiske overherredømmet i landet.
Direktør Harald U. Sverdrup i Norsk Polarinstitutt døydde brått i august 1957. Underdirektør Anders K. Orvin rykte opp til midlertidig direktør. Men han var nær pensjonsalder og låg ikkje an til å ha direktørstillinga på lengre sikt. Frå 1960 vart geolog, og motstandsorganisator i krigstida, Tore Gjelsvik tilsett som direktør.
Polarbjørn (1950) forliste i isskruing ved Nordaust-Grønland på avløysings- og forsyningsekspedisjon for Norsk Polarinstitutt og Arktisk Næringsdrift AS ettersommaren 1957. Alle vart berga av eit amerikansk helikopter frå Grønland. Både Sverdrups død og Polarbjørn-forliset representerte ekstra påkjenningar for Norsk Polarinstitutt.
Kort tid seinare døydde kong Haakon 7. etter ei tids sjukdom. Olav 5. vart ny konge. Landet var i sorg – truleg også Norway Station-ekspedisjonen, som overvintra i Dronning Maud Land.
Hausten 1957 kom ‘sputnik-sjokket’. Sovjetunionen sende satellittar i bane rundt jorda. Sovjetiske atomvåpen, viljen til å bruke militær makt og sovjetisk rakett-teknologi sette skrekk i store deler av verda, ikkje minst hovudrivalen USA.

Polarsirkel sydis 1956-57

Operasjon Pingvin: Etter at Polarbjørn (1950) forliste, gjekk det ledige namnet Polarbjørn-namnet i 1958 over på skuta som først heitte Brategg (frå 1932) og deretter Jopeter (frå 1950).
Polarbjørn gjorde to turar til Norway Station, i 1958/59 og i 1959/60. På begge turane var Henrik Marø skipper. På turen i 1959/60 miste skuta to mann frå mannskapet. Den eine ved fall over bord i mørke og tung sjø. Då hadde skuta gått eit par timar sørover frå Cape Town – ikkje lenger enn at dei frå skuta framleis kunne sjå lysa frå byen. Leiting etter den sakna gav ikkje resultat.
Den andre omkom nokre dagar seinare i eksplosjon under handtering av dynamitt. I det sistnemnde tilfellet vart den omkomne gravlagd ved senking i havet i nærleiken av Bouvetøya. Gravferda vart forretta av skipper Henrik Marø etter eit forenkla kyrkjeleg rituale. Dette var truleg eitt av dei siste dødsfalla der ein avdød vart gravlagd ved senking i havet frå eit norsk fartøy.
På turen vidare sørover gjekk Polarbjørn seg fast i vanskeleg is. Skuta vart løft så høgt av isskruing at inntak av kjølevatn til både hovudmotor og hjelpemotorar vart heva over vassflata. Det førte til at skuta også miste elektrisk kraft. Det var den argentinske isbrytaren San Martin som kom til og braut Polarbjørn fri frå isen.
Polarbjørn sin tur i 1959/60 tok med ein sørafrikansk ekspedisjon frå Cape Town til Norway Station. Sørafrikanarane overtok Norway Station for ein symbolsk sum og gav den namnet South African National Antarctic Expedition (SANAE). Skuta tok den norske ekspedisjonen med heimover. I Cape Town vart det halde sjøforklaring etter dei to dødsulykkene på turen sørover.
På turen til Norway Station året før – i 1958/59 – forlet Polarbjørn Horten 1. november 1958 med kurs for Pingvinbukta. Skuta hadde med ei flyfotograferingsgruppe og to fly frå Det norske flyvåpen av typen De Havilland of Canada DHC-3 Otter. Flya var for reisa demonterte og nedpakka i kasser.

Det norske flyteamet bestod av desse personane frå Flyvåpenet:
Major Gudmund Odden (sjef støtteving/navigatør/telegrafist); kaptein Gunnar Nilsen (pilot); kaptein Roald Alstad (pilot); løytnant Gudmunn Hermansen (navigatør/telegrafist); stabssersjant Nils M. Bomstad (teknisk sjef motor/elektro); vingsersjant Tor Hølen (motor/elektro); vingsersjant Odd W. Thoresen (motor/flyskrog); vingsersjant Atle Brundtland (instrument/flyskrog); vingsersjant Bjarne Stamsø (radio).

I tillegg desse frå Norsk Polarinstitutt:
Ingeniør Bernhard Luncke (fotograf/topograf/leiar kartlegging); ingeniør Sigurd Svindland (fotograf); geolog Thore S. Winsnes (feltarbeid).
Formål med flya og flyteamet var å fotografere frå lufta og kartlegge mest mogleg av Dronning Maud Land. Tiltaket fekk namnet Operasjon Pingvin. Sjef var major (seinare oberst) Gudmund Odden. Operasjon Pingvin oppretta ein eigen base ikkje langt frå Norway Station, med engelsk variant av namnet: Operation Penguin.
Flya var bygde ved De Havilland-fabrikken i Toronto, Canada – og i utgangspunktet meint for barske polare forhold, noko dei har mykje av i det nordlege Canada. Otter-flya vart rekna som robuste ‘bush-fly’. I forbindelse med Operasjon Pingvin var flya utstyrte med fotoluker i dørene. Komne fram til basen vart flya monterte og fekk påsette skiunderstell under hjula.
Operasjon Pingvin fotograferte i skråbilde og kartla best mogleg området avgrensa av 70 – 74 grader sørleg breidd – og frå 0-meridianen og så langt som mogleg austover mot 15 grader austleg lengd. I praksis vart det fotografert fjellområder frå ca 0-meridianen og så langt aust som til 30.30 grader aust. Kystlinja vart fotografert frå ca 0-meridianen til ca 13 grader aust.
Samla flydistanse var 36 000 kilometer. Flya var i lufta totalt 217 timar. 117 av desse flytimane gjekk med til utplassering av drivstoffdepot. Resultatet av flyfotograferinga var 3000 fotografi.

Operasjon Pingvin var ikkje hemmeleg. Men det vart helst ikkje snakka høgt om Flyvåpenet sin medverknad.

Med overflyging, kartlegging og fotografering fekk Norge markert seg – høveleg diskre – i internasjonale krinsar. Det styrkte dei norske krava om overhøgd over området og markerte overfor andre at i dette området hadde Norge interesser å ta vare på. Området kunne ikkje reknast som ingenmannsland. Eit viktig signal til andre som kunne tenkjast å ta seg til rette i området.
(Den norske luftborne våpengreina har skift namn fleire gonger, avhengig av kva våpengrein Luftvernartilleriet (LVA) var underlagt. Frå 1953 var LVA underlagt Hæren. Luftforsvaret fekk namnet ‘Det kongelige norske flyvåpen’, kortform: Flyvåpenet. I 1959 gjekk LVA inn i våpengreina som sidan stadig heiter Luftforsvaret).

Heimreise: Tre ekspedisjonsdeltakarar tilbrakte heile tida frå framkomsten til Norway ved årsskiftet 1956/57 til avreisa i januar 1960 i samanheng: Ekspedisjonsleiar/geodet Sigurd Gunnarson Helle; meteorolog Torgny Vinje og radioteknikar John Snuggerud.
Ved avreise frå Norway Station ved midten av januar 1960 mangla Polarbjørn stadig to mann i mannskapet, etter som skuta hadde mist to mann på veg sørover frå Norge.

Polarbjørn 1959

Dette vart ordna ved at to overvintrarar frå ekspedisjonen, stuert Rolf Leino Johnson og meteorologifullmektig Kaare Johan Hansen, vart påmønstra skuta som høvesvis stuert og matros. Også andre frå ekspedisjonslaget gjorde skipsteneste undervegs, utan å vere formelt påmønstra: Eit foto som finst på nettet viser at vingsersjant Bjarne Stamsø frå flyteamet gjorde teneste som rorgjenger.
Frå Norway Station gjekk Polarbjørn vestover for, om mogleg, å observere tilstanden til stasjonen Maudheim, som vart forlaten i 1952.

Stasjonen var så nedsnødd at det var visstnok berre radiomasta som stakk opp.

Men det vart konstatert at stasjonen i løpet av åra hadde kome nærare kystlinja.
På veg til Cape Town passerte Polarbjørn Bouvetøya. Ver og sikt var så dårleg at det var ikkje aktuelt å prøve landgang på øya.
Dei nemnde overvintrarane Snuggerud og Vinje hadde ordna seg slik at eit norsk kvalkokeri på veg til kvalfangst i Antarktis hadde med ein privatbil, ein Volvo PV 544, frå Norge til Cape Town. Dei to overvintrarane gjekk i land frå Polarbjørn i Cape Town og gjorde resten av heimreisa med bil: Gjennom det austlege Afrika, Egypt, Syria, Tyrkia og Balkan. Dei kom heim på forsommaren 1960.
Året før, vinter og vår 1959, hadde radiosjef Stein Severin Sørensen og vitskapleg assistent Niels Stockfleth Nergaard ordna seg på liknande måte. Ved Polarbjørn sitt anløp i Cape Town møtte dei kone og kjærast. Sørensen og kjærasten nytta høvet til å gifte seg i Cape Town. Deretter la alle fire ut på biltur gjennom Afrika og Europa. Denne ekvipasjen valde ei meir vestleg rute, gjennom blant anna Sahara og over Gibraltar.
Polarbjørn var tilbake i Ålesund i februar 1960 – akkurat i høveleg tid til å ruste ut for selfangst ved Newfoundland.

Etter heimkoma: Alle som hadde deltatt i ekspedisjonen som overvintrarar fekk offisiell heider. Kong Olav innstifta Antarktismedaljen, som gjekk til alle overvintrarar, og i tillegg til skipperane Bernt Arnvid Brandal, John Jakobsen og Henrik Marø. Heimkoma vart markert med audiens på Slottet og festarrangement i Universitetsaulaen, der også kongen var til stades.

Lang pause – før neste norske antarktisekspedisjon: Eitt av resultata etter Det Internasjonale Geofysiske År 1957-58 var The Antarctic Treaty. Traktaten vart signert i Washington 1. desember 1959 – om lag på same tid som Norway Station vart overlevert til Sør-Afrika. Traktaten vart ratifisert i 1961.
Traktaten reknar alt sør for 60 grader sør som Antarktis – og reknar Antarktis som eit naturreservat for fred og vitskap. Opphavleg signerte 12 nasjonar. Seinare har 42 andre nasjonar slutta seg til traktaten.

Etter Norway Station-ekspedisjonen gjekk det lang tid før det vart tale om ny norsk antarktisekspedisjon. På politisk hald var det heller avgrensa vilje til å bruke store midlar i Antarktis. Som mindre kostbare tiltak enn nye antarktisekspedisjonar vart det vart gjerne vist til at Arktis var meir naturleg område for norsk polarforsking.
I forskarkrinsar var det likevel stigande uro for at Norge forsømde seg ved ikkje å delta i forskingsaktivitet i Antarktis. Det vart stadig vanskelegare å hevde norske krav, då Norge ikkje dreiv aktivitet i området.
I 1974 var direktør Tore Gjelsvik i budsjettkonferanse i finansdepartementet. Gjelsvik heldt fram at Norge hadde eitt av dei største suverenitetskrava i Antarktis, og var på same tid eitt av landa med minst aktivitet i området. Dette kunne ikkje halde fram. Resultatet vart løyving til to sommarekspedisjonar: 1976/77 og 1978/79. Spreiing over to sommarekspedisjonar gav høve til utplassering av instrument for langtidsmåling og samanlikning av målingar med eit par års mellomrom.
Begge ekspedisjonane gjekk til Dronning Maud Land og Weddellhavet med Rieber sitt isgåande ekspedisjonsfartøy Polarsirkel (1975). Skipper var Magnar Aklestad.

Polarsirkel I Antarktis

Glasiolog Olav Orheim leidde planlegging av begge ekspedisjonane og leidde sjølv den første av dei. Ekspedisjonane vart ei gjenreising av norsk verksemd og forsking i Antarktis. Etter desse ekspedisjonane måtte Norge igjen takast på alvor i internasjonale konferansar om Antarktis.
Etter desse ekspedisjonane var KV Andenes i Antarktis med ekspedisjonar 1984/85 og 1989/90. I 1992/93 var Polarbjørn (1975) og Lance (1978) på ein felles ekspedisjon til Dronning Maud Land. Og 1996-97 var Polar Queen (1981) til Antarktis.
Fast stasjon i Antarktis: Norge etablerte sommarstasjon på fast grunn 1295 meter over havet ca 235 kilometer frå kysten – i posisjon 72 grader sør og 02.32 grader aust sommarsesongen 1989/90.
Frå 2005 vart stasjonen heilårstasjonen for 8 overvintrarar. Stasjonen fekk det heilnorske namnet Troll, og vart opna av dronning Sonja i februar 2005.
Etter det er det vanskeleg å hevde at Norge ikkje er til stades i Antarktis.

2 x Polarbjørn: I dei prenta utgreiingane om Norway Station-ekspedisjonen blir det som regel nemnt at utreisa i 1956 gjekk med Polarsirkel og Polarbjørn – og heimreisa i 1960 med Polarbjørn.

Fleire framstillingar – men ikkje alle! – ser ikkje ut til å ha fått med seg at det dreiar seg om to ulike Polarbjørn-ar.
Polarbjørn ved utreisa var ei treskute, bygd i 1950. Ho hadde tonnasjemåla 290 brutto / 105 netto. Den skuta forliste i isskruing på ekspedisjonstur til Nordaust-Grønland for Norsk Polarinstitutt og Arktisk Næringsdrift AS ettersommaren 1957. Alle vart berga av eit amerikansk helikopter frå Grønland. Skipper var Bernt Arnvid Brandal. Ekspedisjonsleiar var John Giæver – som også var ekspedisjonsleiar for Maudheim-ekspedisjonen 1949-52. Passasjer på turen var sokneprest i Ålesund (seinare biskop i Tromsø), Monrad Norderval. Polarbjørn forliste ved Nordaust-Grønland på eit tidspunkt då dei på Norway Station i Antarktis truleg hadde begynt å sjå fram til Tottan sitt besøk med etterforsyningar og utskiftingar i ekspedisjonsmannskapet.

Polarbjørn klar for avgang frå sydisen 1957

Skuta som henta ekspedisjonen heim frå Antarktis igjen i januar 1960 var ei stålskute, bygd i 1932. Ho hadde namna Brategg og Jopeter før ho i 1958 overtok det ledige Polarbjørn-namnet. Denne skuta hadde tonnasjemåla 480 brutto / 206 netto, med andre ord eit klart større fartøy enn treskuta Polarbjørn.
På nettet ligg det foto som viser konstruksjonsdetaljar frå Polarbjørn (1932) – med tilhøyrande tekst som klart gjeld Polarbjørn (1950).

Tillegg: Om MS Polarhav på oppdrag for belgiske interessentar: MS Polarhav (1957) av Brandal var to ekspedisjonsturar til Antarktis for belgiske oppdragsgjevarar i samband med det internasjonale geofysiske året. Polarhav vart disponert av familiereiarlaget Karlsen i Brandal – same reiarlaget som begge dei to Polarbjørn-ane – omtalte ovanfor. Skipper på Polarhav på begge turane var Sigmund Bøe. Leiar for ekspedisjonen var baron Gaston de Gerlache de Gomery – med lange Antarktis-tradisjonar i slekta. Kong Baudouin skal ha vist interesse for ekspedisjonen. Det skal visstnok ha gjort sitt til at finansiering av tiltaket gjekk lettare.
Første turen gjekk frå Antwerpen ved midten av november 1957. Skuta passerte Tenerife og Cape Town. I desember gjekk skuta rett sørover frå Cape Town, i følgje med MS Polarsirkel (1942) som var i same oppdrag for den belgiske ekspedisjonen. Skutene nådde losseplassen ved iskanten i Breid Bay ved 24.18 grader aust. Også dette var innanfor for den norske sektoren Dronning Maud Land, på ei kyststrekning med namnet Prinsesse Ragnhild Kyst.

Den belgiske hovudstasjonen vart oppretta ca 30 kilometer inn over isen frå losseplassen. Stasjonen gjorde registreringar av alle vanlege verdiar. Alt dette var innanfor IGY sitt forskingsprogram. Stasjonen skal ha vore ein av dei første der radioaktivitet i luft vart registrert over eit lengre tidsrom.
Skutene forlet losseplassen i januar 1958, men begge møtte vanskeleg is og låg innestengde ein månads tid før dei kom seg lause.
Polarhav var inn om Cape Town for bunkring og proviantering. Deretter kursa skuta for Halifax med sikte på fangst ved Newfoundland.
I Atlanterhavet – vest for Angola og søraust for St. Helena – fekk Polarhav eit maskinhavari. Skuta hadde ikkje med reservedeler og heller ikkje utstyr til å lage deler om bord. Etter ein del telegrafering og telefonering vart reservedeler sende frå Nohab-fabrikken i Trollhättan. Reservedelane vart sleppte frå eit Sabena-fly i støt- og vassikre pakningar i havet like ved skuta. Pakningane vart fort fiska opp og Nohab-motoren sett i drift igjen.

Polarhav sin andre tur til Antarktis for belgiarane gjekk med forsyningar og avløysingsmannskap. Skuta forlet Ostende i november 1958 og følgde same seglingsruta som året før, med stopp på Tenerife og i Cape Town. Skuta kom inn i isen ved juletider 1958. Etter å ha lossa det som skulle på land, vart skuta innestengd i vanskeleg is til februar 1959. Då kom skuta laus ved hjelp frå den amerikanske isbrytaren Glacier. Deretter heldt skuta fram til Cape Town.
Den belgiske stasjonen vart avvikla i 1961. Baron de Gerlache var i 1959 delegat ved signeringa av The Antarctic Treaty i Washington.
Nokre år seinare vart den belgiske stasjonen tatt i bruk igjen – då av eit samarbeidande tiltak, med belgiske og nederlandske interesser.

REFERANSAR:
Informantar: Magnar Aklestad; Susan Barr; Bernt Arnvid Brandal; Sigvald B. Brandal; Sigmund Bøe; John Giæver jr; Sigurd Gunnarson Helle. Personalet ved biblioteket ved Norsk Maritimt Museum.
Avis: Sunnmørsposten: Ei rekkje utgåver i tidsrommet august – oktober 1957.
Litteratur:
Barr, S. Norway – a consistent polar nation? 2003.
Bøe, S. På gyngende grunn. 1990.
Børde, H. og K. H. Johansen. Eventyret Antarktis. 1978.
Friedman, R. M. ‘Å spise kirsebær med de store.’ Norsk Polarhistorie 2. Vitenskapene. (Red.: Drivenes, E-A. og H. D. Jølle). 2004.
Ottesen, J. Skuter på selfangst. 2007.
Risa, J. Seilas fra pol til pol. Med GC Rieber gjennom 100 år med shipping. 2013.
Nettet:
Van Autenboer, T. ‘Obituary’ (Minneord over baron Gaston de Gerlache de Gomery). Polar Record. 43/2007.
Balto, A. K. Den Norske Antarktisekspedisjon 1956-60. Norway Station. Norsk Polarhistorie. (Norsk Polarinstitutt).
Henriksen, H-M. Den Norske Antarktisekspedisjon 1956-60. Norway Station.
Norsk Polarinstitutt (E. V. Jenssen): Åpning av Antarktisutstillingen (2019).
Stavanger Aftenblad 24.01.2003.
Wikipedia.

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *