S/S «Ris» sin siste seilas

Fortalt av Sverre Døving:

Den 25. februar 1925 klokka 5 om morgonen reiste vi med ishavsskuta “Ris” frå Brandal med fullt mannskap på 14 mann på tur til Kvitsjøen.

Desse var med på turen:

            Skipper                        Jon Vik

            Første skyttar             Oskar Lingås

            Andre skyttar              Ruben R. Brandal

            Maskinist                    Sverre Abelset

            Fyrbøtar                      Elias Rasmussen

            Stuert                          Leif Nilsen

            Fangstmann                Peder Linge

            Fangstmann                Sverre Døving

            Fangstmann                Edvard Mork

            Fangstmann                Peder Sjåstad

            Fangstmann                Olav Grønningsæther

            Fangstmann                Bernhard Jemtegård

            Fangstmann                Ludvig Solem

            Fangstmann                Arthur Langdal

Arthur Langdal var yngstemann ombord.

            Vi kom til Bodø den 2. mars klokka 20.00

            I Bodø skulle vi ankre opp, men vi var så uheldige at kjettingen spratt opp av saksa, og heile lengda rausa ut og alt saman gjekk til botnar. Vi fekk låne eit varpanker med hamnevesenet, men det sleit vi frå oss. Så skulle vi prøve med ein dregg, men no hadde det huka i ankeret til hurtigruta og vi heldt på å drage henne frå kaia.         

            For å finne ankera våre igjen så leigde vi bergingsdamparen «Uller». Dei prøvde først med sokning, sidan med dykker. Dykkeren gjekk ned på botnen, men sjøen var så grumsete at han såg ingen ting. Han vart difor kalla opp att med ein gong. Så tok vi til å gå sakte att og fram medan vi slepte på patentankeret, og endeleg så gjekk vi oss fram på kjettingen og fekk han opp.

            Om kvelden var vi på fest i «Nordlands Fremtid».

            Det var eit kommunistisk ungdomslag. Der var det foredrag, og emnet var: «Hvorledes skal vi lettest arbeide i vårt land». Men eg må få lov å seie at talaren hadde ein livleg fantasi og bygde mange luftslott.

            Om natta klokka tre letta vi anker med Tromsø som neste stoppestad. Den 6. mars klokka 17 kom vi til Tromsø, og der tok vi ombord kol og vatn. Men uhellet hadde forfylgt oss heile tida, og det gløymde oss ikkje no heller.

Så snart vi hadde fått ombord kola og fylt vatn, så reiste alle mann på land. Då vi kom ombord att, så sto vatnet heilt opp under fyrrsita i maskinromet. Vi kunne først ikkje forstå kvar vatnet kom ifrå. Men då vi skulle sjå etter, så var proppa i botnen på vasstanken gått ut, og 9000 liter med vatn var gått til spille.

            Vi gjekk frå Tromsø den 8. mars klokka 19.30 med Hammerfest som neste mål. Dit kom vi 9. mars klokka 04.30, og der fekk vi fylt vasstanken vår på nytt. Hammerfest er ein liten by og ligg i ly av eit bratt fjell. Vi fekk så vidt høve til å sjå oss om i byen. Eg kjøpte eit kort med bilete av byen, og gjekk so opp på ein kafe for å skrive på det. Men det var ingen fin kafe. Då eg let opp døra, slo det ei fæl lukt i mot meg av øl og tobakk. Der var fullt ved alle borda av finnar, lappar og kven i sine brokute bunader. Vi reiste frå byen klokka 19.30, og rekna med at det ikkje var fleire stoppestader før vi kom opp i isen.

            Den 10. mars klokka 17 passerte vi Vardø, og no såg vi det siste av vårt kjære Norge. Vi skimta kysten berre som ein liten lav gard med ein og annan fjelltoppen som stakk opp, og så tok vi til på Varangerfjorden i smult, fint ver.

            På frivakta mi den 11. mars heldt eg på med klesvask, og sidan tok eg meg ein strekk på køya. Då kom tankane på mine kjære heime og på heimbygda som eg no skulle vere borte frå ei stund. Vi var no komne over Varangerfjorden og gjekk mot søraust langs Murmanskkysten, om lag tre mil frå land. Vi venta å kome opp til iskanten neste kveld. Det var landvind og litt sjø.

            Dagen etter var det ikkje greitt å skrive i dagboka, for denne dagen fekk vi uver og storm. Eg låg på køya mi, og sjølsagt så var det heimen som var i tankane. Men det vart ingen søvn på meg, skuta rulla slik i det opprørte havet at det var ikkje råd til å ligge roleg i køya.

            Så kom ordren: – ALLE MANN PÅ DEKK!

            Ein måtte berre hive på seg kleda og kome seg på dekk så fort som råd var.

            Det var ikkje vidare hyggjeleg å arbeide på dekk, avdi sjøane slo ustanseleg over skuta, og det var so bitande kaldt at sjøskvetten fraus til is på oljekleda. I dette forrykande uveret måtte vi halde på å hive opp, låre og reve seil. Det var eit særs farleg arbeid. Men det gjekk bra. Kvar for oss måtte vi passe på å halde oss faste i eitt eller anna. Då kom det melding frå maskina at skuta var sprungen lekk.

            Etter dette vart det inga hyggjeleg natt. Det vart ei natt som eg aldri sidan har opplevd, og som eg vil vone at eg aldri meir frå oppleve. Når vi låg nede i båredalane, så såg vi berre himmelen over oss og for kvar brottsjø som kom kunne ein tru at vi vart gravlagde i kavet. Men merkeleg nok så lyfte skuta seg opp att gong etter gong, endå ho var halvfull av sjø, og dertil var og tunglasta frå før med kol og proviant.

            Vi hadde fått eit hol i baugen på skuta, og for kvar sjø ho stanga mot, sto det ein sprut av sjø rett bak i mellomskotet så det small. Og dette holet vart berre større og større. Når vi fekk sløre unda veret, vart det litt betre med lekkasjen.

Ishavsskuta “Riis” til høgre

            Vi sette kursen for Vardø, men det var få av oss som trudde at vi kom så langt. Klokka 4 om morgonen var vi 4 mil utanfor Murmanskkysten. Alle mann i arbeid. Fem mann med dekkspumpa, resten av mannskapet var i maskina og bar opp  sjø i pøsar. I maskina var der så varmt og maskinrommet var fylt med rådamp, slik at det var vanskeleg å sjå kvar ein gjekk.

            Men det var det same korleis vi enn streva, lekkasjen vart berre større og større, og det såg ut til at forlis no var uungåeleg.

            Eg, Solem, Peder, Edvard og Arthur arbeidde med dekkspumpa på harde livet, heile tida hadde vi brottsjøane, som stadig slo inn over dekket, over oss.

            Då brått kom det ein ny brottsjø, den største for heile natta. Vi såg han kom, så nokre klarte å hoppe inn i byssa, andre ned i maskina.

            Arthur tok tak i øvste byssedøra og hang der. Ruben kom seg ikkje tidsnok i ly. Og vart teken med utanbords, men han hadde tak i ein laustamp og vart slengt inn att på dekket. Det var vel eit Guds under. Ein robåt som vi hadde bunden fast på dekk, vart riven laus og knust til pinneved og alt forsvant utanbords.

            Vi var våte til skinnet og kleda våre tilisa og stivfrosne. Dei som var i maskina hadde fått seg eit uventa dampbad. Men inga råd med det. Alt måtte prøvast, elles ville vi gå til botnar. Då sende skipperen opp nokre naudrakettar til ein båt som ei stund gjekk ved sida av oss. Men dei gjekk berre vidare. Det var vel lite truleg at han hadde kunna gjeve oss noko slags hjelp i dette veret.

            Peder og eg sat inne i byssa og kvilte mellom pumpetørna. Då sa Peder: «Å, nei vi ser nok ikkje Norge meir, Sverre.» Det var ikkje særleg oppmuntrande å høyre.

            Så klarte vi ikkje meir, alle var dødstrøytte.

            Vi gjekk framleis unda veret med russekysten som mål. No var det berre sovidt at maskina sveiva rundt. Ho arbeidde tungt, og sjøen sto no opp under fyr-rista og sløkte litt etter kvart fyren. Maskinfolka var fortvila. Men ei seilfille som vi hadde i toppen gav skuta fart likevel.

            Då hende det verste, rorkjettingen sette seg fast, og det var ikkje råd å få styring på skuta. Kjettingen hadde frose fast i kaisinga. Oskar og Peder arbeidde på spreng for å få kjettingen laus. Peder tok av seg mykje av kleda for å kunne krype så langt innunder som råd var. Det var eit under at han ikkje drukna.

            Endeleg så klarte dei å få kjettingen laus, og vi fekk dermed på nytt kontroll over skuta. I mellomtida hadde skuta gått rett mot fjellet. Utan styring ville ho ha blitt knust til pinneved. Med vi klarte å svinge om eit nes, og dei som sto til rors fekk sjå ei opning i fjellet. Skuta gjekk mest på tvers igjennom denne opninga, som ikkje var mykje breiare enn skuta var lang. Vi svinga inn i den bukta med god fart, og snart tok skuta botnen. Fyrst så seig ho av grunnen, men snart tok ho botn ein annan stad.

            Der står skuta fast, ho legg seg over til babord side og legg seg så inn til ein stor stein, liksom ho var trøytt av ferda. Vi var heldigvis komne på fast grunn. Inne på land, på styrbords side, var der nokre hytter. Vi fløytte, men der var ikkje livsteikn å sjå.

            No fekk vi endeleg til og råd til å få oss mat, det hadde vi ikkje smakt på to døger. Mannskapslugaren var full av sjø og så tilisa, at det var ikkje råd å vere der før vi fekk gjort der reint. Vi gjekk i kahytta akterut og laga oss til med mat der. Nokre av karane var dårlege av sjøsykje. Eg hadde heldigvis vore frisk som ein fisk like sidan vi reiste heimanfrå. Det var stilt i lugaren, det var lite prat i karane. Alle var trøytte og hadde nok med sine eigne tankar.

            Eg vil tru at dei fleste av  oss sende ei takk oppover til han som hadde redda oss frå ei våt grav. Så måtte vi til å tøme lugaren og få gjort reint der, så vi kunne få oss litt somn. Vi la oss ned i dei våte kleda vi hadde på oss. Dampen sto stinn opp kappedøra. Men ingen av oss vart sjuke av dette. Vi var på dekk igjen klokka 15. Skuta låg framleis like trygt.

            Så oppdaga vi ein mann som kom springande. Det var ein russar kledd i reinskinnspels. Vi tok han ombord. Det var vanskeleg å forstå språket hans, men vi forsto so mykje at der skulle vere telefon fire russiske mil borte. Oskar og fyrbøtaren gjorde seg klar til å fylgje han for å prøve på å få sende bod heimover om situasjonen vår. Dei fekk reinsdyrskyss over fjellet til Sakrabotn, som kolonien heitte. Den 14. mars klokka 2030 fekk dei sendt telegram til Vardø. Vaktbåten «Heimdal» skulle truleg ligge der. Men det var uvisst om boda nådde han. Kanskje fekk vi snart sjå Norge igjen, kanskje. . .

            Ein dag kom det ombord sju russarar som skulle hente proviant som betaling for reinsdyrskyssen over fjellet.

            Så var det om å gjere kva vi skulle finne på å fordrive tida med. For dette kom til å bli lange dagar. Vi var komne til ein framand kyst, utestengde frå alt. Vi hadde berre vraket av skuta å halde oss til, og berre mannskapet å omgåast med. Vi var ein tur i land og gjekk fram til nokre reinsdyr som gjekk og beitte. Dei var så tame at vi kunne gå heilt nær dei, klappe dei og fotografere dei.         

            Den 15. mars var det sundag. Det var ein rar sundag, her låg vi innestengde i Tyraskibai, som staden heitte. Det er ei lita bukt, som skjer seg inn i landet, ei 400 til 500 meter, og halve bukta er tørrlagd i fjøre sjø. Skuta låg omlag på det turre. Det hadde sikkert vore springflo då vi kom inn.

            Vi gjekk opp på eit fjell og sette opp ein stor vimpel, i  tilfelle det skulle kome ein båt farande forbi og som då kunne sjå naudsignalet vårt. Vi kunne sjå tre trålarar som låg utanfor kysten, men dei var så langt ute at dei vanskeleg kunne sjå noko inne på land.

            Vi tok oss også ein tur inn til dei hyttene som russarane budde i, for å sjå korleis dei levde. Men der såg det trist ut. Der var so stygg lukt at eg var snar å kome meg ut. Der var til og med hønsebur på kjøkkenet. Hønsa var plassert i eit skåp midt oppe på veggen, tre høner og ein hane.

            Eg gjekk bort til nokre reinsdyr som låg der mest nedsnøa, strauk snøen av dei og klappa dei. Eg tok fram tobakksøskja mi og gav tobakk til ein av mennene, han vart både glad og takksam for gåva. Han peika på ein haug med reinsdyrhorn som han ville eg skulle få av, og eg fann meg ei lita grein som eg ville taka med heim om vi nokon sinne kom oss der ifrå. Då eg kom ombord igjen, så synte det seg at sjøen sto midt fram i lugaren, det var blitt flo sjø.

            Den 16. mars rodde vi ut til eit nes med eit bensinfat, som vi ville sprenge i lufta til nødsignal. Vi hadde også med oss rakettar som vi ville sende opp.

            Vi kunne sjå seks trålarar som låg tre-fire mil utanfor kysten. Men diverre, det skulle mykje til for at dei kunne sjå og høyre oss. Det var tungsamt å gå der og sjå båtane og redninga utanfor kysten og ikkje kunne nå tak i dei.

            Det kom to russarar, ein sersjant og ein korporal, frå Sakrabotni med telegram til oss frå Vardø. Men det var blitt heilt uforståeleg, vi skjønna ikkje eit ord.

            Eg laga meg ein ny sjømannssekk av seilduk til å ha kleda mine i. Den første sekken min reiste sin veg uversnatta. Eg måtte stappe han i kjettingspoplen, så rorkjettingen ikkje skulle fryse fast.

            Den 17. mars kom det tre menn fra Sakrabotni med nytt telegram frå Vardø med nærare opplysningar. Telegrammet vårt hadde nemleg vorte så fordreia at dei ikkje visste kvar skuta var ifrå eller namnet på henne. Når den norske vaktbåten «Heimdal» fekk eit slikt telegram om hjelp straks, skulle ein tru at dei heldt 14 menneskeliv meir verdt enn å taka til med ein slik unødvendig korrespondanse. Det vart no sendt nytt telegram med bøn om at dei straks måtte sende båt for å hente oss.

            Det kom ombord til oss ein russisk sersjant som skulle halde vakt over oss. Det var ikkje noko fin uniform han hadde den karen, ei grå vadmålsbukse, ein blå våpenkjole med reinskinnskufte og naturlegvis revolvar. Ein dag vart vi alle saman bedne opp til russarane. Det skulle vere fest. Dei hadde fått tak i 6 jenter frå Sakrabotni som skulle danse med oss. Men då vi kom inn i festlokalet, så var karane alt sterkt rusa. Dei hadde laga seg drikkevarer av raspa poteter, sukker og gjær. Den fæle drikken deira var tjukk som ei supe, og han freista ikkje. Vi fekk ikkje mat, men vi venta likevel ei stund for å sjå kva dei ville by på.

            Vi reiste derifrå og ut på neset for å fyre av bensinfatet, men vi fekk det ikkje til å eksplodere. Då skaut vi hol på det med ei Krage og det vart eit svært bål. So tende vi også på 4 kanonslag og to raketter, men til ingen nytte. Det kom ikkje noko svar på signala våre. Dei båtane som var i farvatnet her, dei låg sikkert utanfor territorialgrensa, og det var for langt unda.

            Den 18. mars var det klart, fint solskin og fint ver, men bitande kaldt. Det var sundag her som i Norge. Men klokka her var to timar snarare enn vår.

            Skuta halla no so mykje over til babord at vi måtte sage av bordbeina på eine sida for å få maten til å ligge i ro på bordet. Det same måtte vi gjere med køyane. Skuta seig meir og meir over for kvar dag.

            Den 19. mars var det same fine veret, men det var framleis kaldt. Det vart lange dagar, sidan vi ikkje hadde noko å ta oss til med. Ingen ting hende, og humøret minka for kvar dag. Berre russarane var der av og til for å kike på oss.

            Den 20. mars var vi ein tur i land, vi måtte røyve på oss av og til for å halde matlysta ved like. Vi gjorde ikkje anna enn å ete og sove, og då vart dagane lange. Nokon enda på dette var ikkje å sjå. Proviant hadde vi nøgda av, og vi kunne vere glade at det gjekk med oss som det gjorde. Det hadde vore verre å ligge stivfrosne på havbotnen. Eg gjekk i byssa og steikte meg pannekaker, å steike pannekaker vart gjort av heile mannskapet. Men det måtte helst gjerast medan stuerten sov. Eg klipte håret til 11 mann denne dagen, so no var karane fint i pussen.

            Den 21. mars kom ein russisk vaktbåt frå Kvitesjøen inn til oss. Han skulle ta oss med til Sakrabotni. Det var eit heilt arbeid for oss å få sakene våre ombord til dei. Vi måtte også ha med oss so mykje proviant som vi rekna med å bruke til vi forlet landet.

            Vi forlet no skuta vår, «Ris», for godt, og vi samla oss på dekket og tok farvel med henne. Mannskapet på vaktbåten bad oss med i lugaren. Dei visste ikkje kva godt dei skulle gjere for oss. I lugaren fekk oss te, sigarettar og kaker, men utan smør. Smør det brukte dei ikkje. Vi fekk no forklart kvifor vi hadde fått ein sersjant til å vakte på oss. Dei fortalde at det var for å sjå etter at vi hadde det vi trong av mat og kle, og at vi ikkje bytte bort noko i land.

            Det var ein fin båt, gråmåla over det heile. Han var på 200 tonn og hadde ein maskin på 90 HK. Han hadde to kanoner, eit maskingevær og ein stor lyskastar. Båten gjorde 15 mils fart. Men mannskapet var berre unge gutar.

 

Vi bur med russarane i Sakrabotni  

Den 22. mars kom vi til Sakrabotni. Her vart vi innkvarterte privat, to mann i kvar heim.

            Vaktbåten gjekk til Kvitesjøen på nytt, men dei skulle kome att om ei veke og ta oss med til Murmansk.

            Solem og eg vart innkvarterte med ei familie som hadde 4 born. Olav og Arthur var uheldige, dei fekk sjå eit underleg syn der dei skulle bu. Der satt det 4 – 5 mann rundt eit bord og drakk, ein hadde ramla av stolen og låg under bordet. På bordet sto ei rund, høg kake som spissa opp, det var ei skorpe utanpå, men inni kaka var det halvroten fisk. Av dette åt dei attåt drikken. Kona sat bort ved grua med eit spedbarn i fanget. Karane tok Olav og Arthur og heldt dei fast og ville slå i dei av drikken. Men då var det ei gamal kone borte i ei krå som reiste seg og ropte til dei, då sleppte dei Olav og Arthur, som ikkje var seine om å koma seg ut.

            Dei gjekk til skipperen og fortalde kva dei hadde opplevd. Då ordna skipperen det slik at dei fekk kome til ei anna familie. Der i huset var det reint og fint, der var to born. Men dei måtte ligge på golvet i same romet som folket i huset låg.

            Det huset som Solen og eg budde i, var ei lav hytte med eitt rom og ein gang i den eine enden. I andre enden på huset var der fjøs med ei ku og tre sauder. Vi måtte også ligge på golvet. Medan eg sat og skreiv i boka mi, så sat kona i huset og plukka lus av ei lita gjente.

            Du store syn kva vi måtte gjennomgå på denne turen, også etter at vi hadde forlist. Det var ikkje til å tru. Heimen sto i tankane mine til ei kvar tid, og dagane vart lange. Det heldt på å bli slagsmål då vi kom til lands. Nesten alle russarane var berusa, nokre av dei hadde stole eit brød frå oss, men sersjanten var der med ein gong og tok fatt i dei. Ein av dei brukte grov munn på sersjanten og bad han holde seg unna dei. Heldigvis så vart det ikkje meir av det, elles så hadde sersjanten skote mannen ned.

            Den 23. mars fekk eg eit glas te om morgonen, det brukte dei til kvart einaste måltid. Dei hadde samovar i kvart hus, og det var svært god te dei laga. Kakene eller brøda deira var laga av rugmjøl og vatn, og var so seige at eg ikkje var god til å smake dei. Det var veldig varmt, og usunn luft inne i husa med dei, litt føre middagstid besvimte Peder Sjåstad, han sto i døra og gjekk baklengs inn i kjøkkenet. Heldigvis så kom han seg fort til att.

            Mannfolka i Sakrabotni var like fulle andre dagen også. Eg flytta ut om kvelden, for mannen i huset låge inne dauddrukkjen. Det var noko gult, tjukt svineri dei rende i seg.

            Seinare så hadde eg meg ein herleg tur på fjellet. Eg hadde med meg geværet, så da eg gjekk meg fram på ein rypeflokk, so skaut eg to av dei, ein hare fekk eg også med meg. So no vart det ferskt kjøt på oss.

            Dei arrangerte dans for oss endå ein gong, antakeleg for å oppmuntre oss. Oskar, skipperen, fyrbøtaren og maskinisten hadde drukke av konjakken som vi hadde med oss i medisinkista vår. Oskar vart litt hissig av seg, men det gjekk godt til slutt.

            Den 24. mars i Sakrabotni.

            Vi hadde sove godt både Solem og eg, og vi var tideleg oppe, klokka var ikkje meir enn 6 då vi tok ein lang tur langs stranda for å sjå etter kobbe. Eg var heldig og skaut to stykke. Men den eine låg så langt frå land at det var uråd å nå i han. Den andre skaut eg på 150 meters hald, over ei bukt. Eg var ikkje så lite kry då eg kom attende med fangsten. Eg flådde kobben og salta skinnet for å ta det med heim. Dagen etter tok vi oss ein tur innetter fjellet for å sjå etter rev, blårev, og kanskje kome fram på ein hare igjen.

            Vi kunne vanskeleg fulltakke russarane for det dei gjorde for oss. Dei overgjekk kvarandre i å gjere det hyggeleg for oss. Då eg kom attende frå jakta, var eg våt på beina og hadde ikkje byte, men han eg budde hos kom med eit raggepar og støvlar laga av reinskinn. Men med reinsemda deira sto det dårleg til. Då vi sat ved middagsbordet, so gjekk hønsa rundt oss og gjorde sitt fornødne. I kjøkenet var der ein liten stekkje der dei hadde eit svart lamb gåande. Under kamina var hønsa plasserte. Det var ikkje til å undrast på at det vart usunt for oss som ikkje var vande med dette. Men vi ville ikkje klage, berre vi kunne halde oss friske.

            Det kom svartelegram frå Vardø om at vi måtte vende oss til rederiet vårt for assistanse. Det ville seie at dei overlet oss til ein uviss lagnad. Så lite brydde Den norske stat seg om borgarane sine, medan russarane mest heile tida hadde hatt to mann til å passe på oss og sjå at vi ikkje vanta noko. Dei telegraferte til og med etter ein båt som skulle kome og hente oss den 28. mars. Russarane var også nedslegne over det telegrammet vi hadde fått.

            Den 25. mars var eg oppe klokka 5. Eg tok med meg mat og hadde ein lang tur innetter fjella. Eg kom att klokka 16, men hadde ikkje skote meir enn ei rype.

            Den 26. mars hadde russarane på nytt laga til dans. Dei var godt drukne og det var det ikkje fritt for med damene deira heller. På nytt tok eg ein tur på fjella, og denne gongen skaut eg ein hare. Men det vart ei underleg jakt. Eg jaga fyrst opp haren då han var berre fire meter frå meg. Men med det same eg trykte av, så ramla eg bakover, så skote gjekk rett opp i lufta. Eg kom meg på føtene igjen, men då var haren 100 meter burte. Eg plystra på han, og då sette han seg ned. Peder Linge skaut også ein hare, han brukte Arthur som hund. Nokre av dei andre hadde skote ryper, og dermed så heldt vi oss med ferskt kjøt.

            Den 27. mars var det snøkave og rennefok.

            Solem og eg sat inne og sydde på skor saman med mannen i huset. Eg fekk med meg Ruben på jakt, sjølv om det var snødriv og vanskeleg å sjå, så kunne eg ikkje halde meg. Det var bitande kaldt også. vi skaut på ei stor havørn, men vi bomma bår to. då vi kom heim att, så var det koma ei gledeleg melding. Det var kome to telegram, eit frå Brandal og eit frå politimeisteren i Vardø.

            No var det endeleg blitt slik at vi kunne sleppe vekk frå denne røvarhola. Det hadde vakse seg til eit varmt vennskap mellom oss og sersjanten og korporalen, og denne dagen hadde vi halde på med øvingar som dei hadde lært oss. Vi såg på dei mest som brør. Vi sende svartelegram at vi kunne fylgje ein båt til Murmansk enten den 28. eller den 29. mars. Derifrå gjekk det så båt til Vardø. Denne dagen hadde Oskar og skipperen forsynda seg på medisinkista igjen.

            Den 28. mars var det styggever, og vi måtte halde oss inne. Tida fall lang. Men eg hadde stadig arbeid med å klippe både nordmenn og russarar.

            Den 29. mars var det sundag, eg og mannen i huset låg på køya, og han viste meg bilete frå krigen, der han hadde vore med som soldat, men kome uskadd frå det. Eg fekk ein del pengar med han, men dei var heilt verdlause. Så kom det telegram om at båten var ventande klokka 16, humøret var på topp, og vi var glade for at vi no skulle reise frå dette fangenskapet. Men enno ein gong vart vi skuffa. Båten hadde ikkje kunna gå på grunn av storm. Men vi vona på at neste dag skulle verte den store dagen då vi kunne reise frå dette filleholet.

            Den 30. mars var eg oppe klokka 5, eg fekk ikkje sove lenger av di eg hadde tannverk. Ute var det storm og snøfokk, så det var vanskeleg å få augene opp. Det var nok inga von om båt i dette veret. Vi var snart so vane med vonbrot at vi var heilt sløve. Eg tenkte mykje på dei heime desse dagane. Men eg kom ikkje lenger, berre grubla og grubla i det uendelege. Eg la meg og fekk sove i tre timar, men så kom tannverken igjen, eg prøvde å skrive i dagboka, men eg gav opp.

            Om kvelden la eg meg med den faste trua at båten skulle kome neste dag. Men det vart storm den dagen også og heller verre enn før, så vi fekk berre vere på same staden. Solem og eg laut flytte, då stormen bles inn eit heilt vindu der vi låg. Sjølve familia laut også flytte, så no ligg vi alle i eit anna hus.

            Så var vi endeleg på veg heim.

            Det kom så brått på. Med det same vi hadde fått oss mat, så kom det telefon om at båten ville kome om ein halv time. Det vart eit heilt arbeid med å få sakene våre ombord. Vi måtte først ut til vaktbåten for å låne ein småbåt og så til lands att for å hente lasten. Fyrste turen så slo båten seg nesten full av sjø, slik at sjømannssekkane våre låg og flaut. Eg vart også heilt gjennomvåt.

            Men det gjorde ingen ting., for no var vi endeleg på veg heim. Komen om bord, så sat eg på maskinrista og skulle skrive, men båten arbeidde slik i sjøane at det var uråd. Vi fekk oss mat ombord og hadde det bra. Men det bles heller meir no enn tidlegare. No kom han frå sørvest.

            Den 31. mars måtte vi gå inn i ein liten fjord og ligge der på grunn av stormen. Men klokka 4 kunne vi gå igjen og snart ville vi vere i Murmansk. Det er ein by med 6000 innbyggjarar. Men korleis vi skulle kome oss derifrå, det viste vi ikkje.

 

Endeleg er vi på veg heim.

Ja, så var vi endeleg i Murmansk.

            Oskar og eg gjekk ein tur på land, og der var det mykje rart å sjå. Dei hadde stor industriverksemd der, og på jernbanestasjonen sto det hundrevis med vogner lasta med ymse sortar varer, også sild frå Noreg såg vi der. Men attmed kvart tog sto der vakter med gevær. Då vi kom ned til båten igjen så sto der fire høge offiserar og venta på oss, dei gav odd grov kjeft fordi vi hadde gått uløyves på land. Det var strengt forbode, så derfor sette dei no vakter på dekk med ladde revolverar.

            Sidan vart vi flytte opp i byen, og der budde vi på eit stort jernbanehotell som hadde omlag 150 gjesterom. Der var til og med barbersalong.

            Før vi forlet båten fekk Peder og eg løyve til å bade ombord.  Underskjorta mi var heilt utslita avdi eg hadde lege på så hardt underlag. Då vi gjekk frå båten tok vi med oss kuffertane våre. Eg hadde uheldigvis seks pakkar ammunisjon i min. då vi kom opp til jernbanelina, så sto der seks offiserar som skulle visitere oss, så vi vart både bleike og blodlause. All ammunisjonen vart naturlegvis straks teken frå oss. Dei tok til og med ein kortstokk som Oskar hadde i kufferten sin. Straks dei såg at vi hadde amminisjon, så ringde dei til politiet, så til slutt var vi mest omringa av væpna vakter. Eg må tilstå at livet vårt var ikkje verdt mykje nett då. Men vi fekk då forklart oss, kvifor vi hadde både gevær og ammunisjon, og vi hadde elles ikkje gjort noko gale.

            Snart så sat vi på hotellet vårt igjen og hadde det både varmt og godt. Men dyrt vart det for den norske staten. Det hadde sikkert lønt seg betre å sende «Heimdal» etter oss. Hotellroma kosta 14 kr. pr. dag, det vart 169 kr. for alle, og vi måtte minst vere der i tre dagar. Så kom maten i tillegg.

            Til kveldsmat fekk vi grove, nesten svarte brød utan smør. Så nokre pølseskiver og te. Dette kosta 20 rublar, eller 60 kroner. Der var ein svært stor matsal med 64 bord og plass til 250 gjestar. Brennevin, vodka og øl vart servert til alle. Det var ikkje særleg hyggelegt å ete i eit slikt miljø. Der var kinesarar, japanesarar og russarar om ein annan, og alle var meir eller mindre rusa av alkohol.

            Det kom eit stort jerbanetog med 32 vogner, og vi såg også eit passasjertog som forlet stasjonen. På vårt rom var vi fire mann, det var Peder Sjåstad, Edvard Mork, Solem og eg. Det heldt på å verte vanskar for oss med betaling for maten, dei kravde betaling etter kvart. Men skipperen ordna dette for oss på politistasjonen. Vi fekk mat tre gongar om dagen. Frukost klokka 9 med te og 4 små kakestykke med kjøt på, men utan smør. Dette var omlag som ei brødskive heime. Middag fekk vi klokka 15, det var ein tallerken med suppe, ei tynn skinkeskive og to stykke stomp. Kveldsmaten klokka 9 var den same som frukosten.

            Eg tok til å tvile meir og meir på kva tid vi kunne få reise herifrå. Politiet var med skipperen og skulle ordne ein heimreisedag, for vi fekk ikkje reise når vi sjølv ville. Vi var mistenkte for å vere smuglarar av våpen, ammunisjon og litteratur. Det kunne difor gå lang tid før vi fekk reise herifrå.

            Ein kan tenkje seg eit land som Russland som nyleg hadde vore gjennom ein blodig borgarkrig, der arbeidarane hadde vunne makta. Dei prøvde då med nebb og klør å halde på makta si, og dei tok ikkje mykje for å sende ei kule i dei som vart mistenkte for å arbeide i mot dei. Men vi rekna med at dersom vi nokon gong kom derifrå, så ville den norske staten take seg av sakene.

            Vi var no komne til den 3. april, og på nytt hadde det gått ein lang dag. Vi var ei runde ute i byen, og der var det mykje framandt å sjå. Særleg la eg merke til ein galge som sto på ein open plass. Attved den var der ei tribune. Denne tribuna hadde vorte utsett for kuleregn eingong, elles so trong ein ikkje å gå så langt for å sjå stor etter kuler. I dørkledninga på hotellromet vårt var der også kulehol.

            Den 4. april var vi ein tur ombord i båten for å hente oss strømper, kavring og smør. Men så kom politiet og ville ta det frå oss, for dei trudde at vi hadde tenkt å selje det. Men vi kom oss klar. Då vi kom attende til hotellet, så hadde dei knipe inn på rasjonen vår, slik at vi no berre skulle få mat for 50 kopek om dagen. Det utgjorde berre for middagen. Men skipperen greidde å få tak i litt pengar slik at vi kunne kjøpe oss stomp og te.

            Det kom telegram frå politimeisteren i Vardø at vi skulle fylgje ein båt som gjekk tysdag 7. april. Det var ein russisk lastebåt som var på veg til England. Dei skulle då ta oss med til Honningsvåg.

            Søndag 5. april var det eit herleg ver, sol og mildt. Solem og eg var ein lang tur ute i byen, vi kjøpte oss sigarettar. Først fekk eg ein lapp på den øskja som eg ville ha, så måtte eg gå til kassa og betale, så måtte eg gå attende med lappen for å få øskja. Her var ikkje butikkane stengde om søndagane heller. Grisar, sauer, geiter og kyr gjekk fritt omkring saman med folket, og det såg ut til at alle var nøgde med det. Det var sjeldan at ein såg kvinner som var kledd i kjolar, slik som dei norske brukte. Kvinnene gjekk i høge filtstøvlar, også oppvartningsgjentene på hotellet brukte dei.

            Sersjanten som hadde halde vakt over oss reiste frå oss den 31. mars. Han vart sett på land på ein liten stad som heitte Persika. Han takka oss opp i handa for samværet. Eg var med han opp på dekket for å sjå heimen hans. Då han skulle gå på land, så tok han begge hendene mine og så: «Farvel, gode kamerat». Då vi var i Sakrabotni, så var det han eg likte best av alle. Han kunne litt norsk, og vi sat ofte i skumringa og prata medan dei andre spelte kort. Når han var lei av å prate, så song han til meg. Han gjorde det han kunne for å få oss vel ut av landet.

            På hotellet gjekk livet sin glade gang. Vi hadde fått oss kveldsmat ein dag og sat og høyrde på skrålet deira. I matsalen var der omkring 100 menneske, og dei fleste var drukne, så der var eit leven utan like. I romet ved sidan av oss hadde dei fest, dei byrja klokka 17, og der var vel knapt slutt før i 2-tida.

            I spisesalen møtte eg to nordlendingar, og det kvikka opp å få snakke med nordmenn. Det var komen ein stor bergensk lastebåt, dei kom frå Amerika med bomullslast, og dei skulle ha formjøl med attende. Båten skulle ligge der i to veker.

            Ein kveld var der konsert i matsalen. Felespelaren var knapt edru, men pianistinna var bra.

            Vi fekk tilbod om å ta hyre på ein tysk lastebåt som låg ved kaia.

            Den 7. april fekk vi ordre om å få sakene våre ombord i båten som vi skulle vere med. Stemninga vart lettare med ein gong, men dagen gjekk, klokka vart 17, og vi høyrde ikkje meir. Det var vel ein skuffelse dette også. Vi heldt på å misse vona heilt om å få kome heim til påske. Men endeleg så fekk vi forlate roma på hotellet og ligge ombord.

            Den 8. april var vi på veg heimover. Vi hadde sagt farvel både til hotell og kakerlakkar.

            Vi fekk attende både geværa og ammunisjonen vår. Båten hadde fløytt til avgang. Men heile tida sto der politi og ein soldat på kaia og vakta på oss. Dersom vi hadde gjort den minste brudulje, så hadde vi vore ferdige.

            Mannskapet ombord i båten var greie med oss. Førsteskytteren snakka bra norsk. Det var ein stor båt 3500 tonn. Eg fekk køya til andremaskinisten. Men det krydde med kakerlakker, så det vart lite søvn.

            Uhellet forfylgde oss framleis. Båten fekk maskinskade. Det hadde gått ei pakning, og dei laut blåse av stimen for å kunne reparere. Vi låg inne i ei lita bukt som heitte Aleksandrovits.

            Skaden vart reparert, og vi kunne gå der ifrå klokka 22.

            Då eg kom ombord i denne båten, tenkte eg at her skulle det verte koseleg. Men diverre – her var ikkje berre kakerlakker, 5 store rotter heldt også til i lugaren. Eg hadde mista lysta på søvn, og på dekket var det for kaldt til å vere. Men eg hadde den trøysta at snart skulle vi få sjå norske-kysten. Vi hadde stilt fint ver, men med store dønningar.

 

På norsk jord igjen.

Den 8. april var det skjærtorsdag. Vi fekk feire påska på ein annan måte enn vi hadde tenkt oss.

            Eg tørna ut klokka 4 på morgenen, då greidde eg ikkje å legge lenger og sjå på elendigheita. Vi var no midt i Varangerfjorden, og det var så vidt at vi skimta landet.

            Klokka 8 passerte vi Vardø. Den friske vinden stilna litt, men det var stor sjø. Då vi passerte Tanafjorden og kunne sjå Norges nordlegaste pynt, då auka det på til storm igjen, så no gjorde båten berre 7 mils fart. Nordkapp passerte vi klokka 6. Stormen auka på, og båten arbeidde tungt, fordi vi fekk sjøane rett i baugen.

            Langfredag den 10. april kom vi til Honningsvåg, vi gjekk i land og var endeleg på norsk jord. Vi kjøpte oss mat på Sjøfartskafeen, ute var snøkave og rennefok. Hurtigruta skulle gå sørover klokka 15. Vi hadde ikkje smakt mat sidan klokka 19 kvelden før, men no fekk vi oss eit herleg mål med norsk mat. Det smakte godt etter all den sure stompen. Men det kosta oss 30 kroner.

            Vi forlet Honningsvåg klokka 16, ein time forseinka. Så fekk vi oss kveldsmat, steikt kveite og poteter, med kaffi og kaker attpå. Båten heitte «Finnmarken», og han gjorde 12 mils fart.

            Vi hadde fått oss tredjeplasslugar og hadde det varmt og koseleg. Vi kom til Hammerfest klokka 22 og vart liggande der til klokka 24. I Skjervøy var vi klokka 6, og så gjekk vi direkte til Tromsø. Dit kom vi klokka 12.

            Saman med maskinisten, som eg vart godvener med, gjekk vi ombord i skuta «Brattvåg», som låg i Tromsø med full last. Der vart vi godt mottekne, då maskinisten kjende skipperen frå før. Vi fekk begge toddy med sigarar og kaffi attpå. Hurtigruta gjekk klokka 17, og kom til Finnsnes klokka 20, med Harstad som neste mål. Det kom ein kar som heitte Åkervik ned i lugaren til oss og spanderte to flasker øl på mann, det var til stor forundring for oss alle.

            Ut på kvelden vart det arrangert dans på promenadedekket, og vi vart inviterte. Men det vart krangel mellom fyrbøtaren og to kraftige karar frå Målselv. Dei hadde fått strupetak på han, men vi fekk då skilt dei åt. Same karane fekk med seg Oskar og ein til ned i lugaren og spanderte drikke på dei. Dei ville også prøve styrkjen til Oskar, og det vart handbak. Men han tok desse karane som ingen ting. Men då vart dei sinte og fann på å  blande sprit i portvinen, so Oskar vart døddrukkjen og langa mykje bråk.

            Då vi kom til Harstad, så kunne ikkje Oskar orientere seg, so vi fekk han ned i lugaren, og til køys med han. Straks etter kom det politi ombord og spurde etter Oskar Lingås. Men styrmannen fekk roe det heile ned. Kapteinen gav ordre om at dei måtte oppføre seg ordentleg, ellers så fekk dei gå i land.

            Den 12. april klokka 3 gjekk vi frå Harstad. Vi passerte Risøyhamn, Sortland, Stokmarknes, Svolvær og Bodø. Der møtte eg heilt tilfeldig tre karar frå Hildre. Den eine var tremenning med kona mi. Sidan båten skulle ligge ved kaia i to timar, så var vi oss ein tur i land og såg oss om.

            Den 13. april vakna eg av at tredjeplassgjenta kom med kaffi til oss. Vi levde som grevar no.

            I Sandnessjøen møtte vi to eidsdalingar som var på veg sørover. Dei hadde vore på fiske i Lofoten.

            Då vi kom til Brønnøy, gjekk Olav og eg opp til Nils Grønningsæter. Vi hadde lite tid og måtte vere snare, men kaffi måtte vi ha. Dei var glade og takksame for besøket. Då vi hadde gått ein halvtimes tid igjen, så gjekk vi forbi Torghatten. Eg vart tilspurd om eg kunne spele fele, og eg var dum nok til å seie ja. Dermed så måtte eg spele tre nummer. Etterpå så måtte eg sette meg ned saman med tre fine herrar frå Harstad. Der vanka det whiskey, pjolter og madeira. Så måtte eg fortelje lidingssoga vår frå Russland. Den eine av karane var redaktør i Tromsø Tidene, og han noterte ned alt eg fortalde.

            Den 14. april kom vi til Trondheim. Vi gjekk på land og spaserte rundt i heile byen. Vi var opp til domkyrkja, men vi kom ikkje inn, så var vi opp til festninga, men vi kom ikkje inn der heller. Båten låg der frå klokka 8 til klokka 18. Vi råka på Ludvig Berdal, Olav Omenås og Ole J. Grønningsæter. Dei var svært overraska over å sjå oss, enda dei visste om forliset.

            Her sluttar eg dagboka mi.

            Eg reknar med at vi er i Ålesund neste dag, då får vi det nok annsamt med å koma heim til våre familiar. Det vert nok stor glede i alle heimar vi reiste ut frå, når dei no får oss vel heimatt.      

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *