Skaut isen av klyverbommen i uveret

Mannskapet på «Isrypen» åt «parafin-brød» og drakk «parafin-kaffi» heile Strede-turen i 1915.
Harald Vartdal fortel om eit par ishavsturar han gjorde med Brandalskuta «Isrypen» til Vestisen og Danskestredet i 1914 og 1915.

Isrypen

Bror hans, den seinare kjende fiskeripioneren Knut Vartdal, var skipper på «Isrypen» under Vesteristuren i 1914. Gottfred Brandal var skipper i Stredet året etter. Gottfred kom bort i Vesterisen to år seinare som skipper på «Arctic» under det store ulykkesåret i 1917. Ishavsskuta «Isrypen» høyrde til i Brandal (1906-1916). Johan H. Brandal (Saudebø-Johan), far til Håkon, var både eigar og reiar.

«Isrypen» hadde ein 50 hk motor, og der var ikkje rorhus – berre ein styrebås. Dette var fyrste turen min på havfiske. Vi stakk til havs frå Bjørnsund. Eg vart skikkeleg sjøsjuk. Bortsett frå noko sukkervatn, smakte eg ikkje mat på heile den sju dagars lange overseglinga, fortel Harald Vartdal.
-Fangstinga gjekk godt, og det gjekk snøgt å fylle skuta med kring 2200 ungsel. Vi gjekk til Brandal for å losse ut. Turen gjekk så til Stredet.

Slo av propellakslingen

-I fyrste omgang kom vi til farvatna like sør for Jan Mayen. Istilhøva var gode. Men ulykka var ute. Vi slo av propellakslingen. Her ute i isøyde var gode råd dyre. Vi tok til å tøme kolbaksen for å lette skuta bak. Det såg ut til å gå. Baugen låg så djupt vi kunne få han. Men det vart litt for lite. Vi nådde så vidt ned med fingertuppane, men ikkje langt nok til å kunne skifte akslingen.
Etter eit par dagar såg dei Ålesund-skuta «Aksla» som seinare vart seld til Island. Vi signaliserte med å dominere med flagget, og etter eit par timar vart dei oppdaga.
-«Aksla» trong eit halvt døger å kome inn til oss. I mellomtida flytta vi kolet tilbake frå bakken til baksen. «Aklsa» slepte oss ut til iskanten, og vi starta seglinga mot Island. Målet var Seydisfjord, seier Vartdal.
-Komne nesten inn til Seydisfjord, vart det vindstille. Vi bukserte. Men sjøen fall og med full innsats klarte vi berre så vidt å halde skuta mot straumen. Til slutt kom ein islandsk motorklegg og slepte oss dei siste par hundre meterane inn til kai.

Full skute

Denne turen med «Isrypen» enda godt for Harald Vartdal og resten av mannskapet. Dei sette skuta opp på flo sjø, og skuta vart då ståande på land då sjøen fall. Dei fekk montere akslingen og propellen og fekk skuta på sjøen att. Etter eit døger i Seydisfjord, sette dei atter kursen mot isen. Der var mykje dyr i Stredet, og dei fylde skuta med 1500-1600 klappmys og gris før dei gjekk heim til Noreg.

Trongt om plassen

I 1915 hadde Harald Vartdal ein ny dramatisk tur med «Isrypen». Hans eigen kommentar til turen er at det var rart dei ikkje omkom.
-Vi skulle til Stredet og det var liten plass om bord. Jarntanken for ferskvatnet var plassert like fram ved lugarskottet på styrbord side. I mangel på annan plass, laga vi ei tregrind oppe på ferskvasstanken for å plassere provianten der. Skuta var elles full av jarntankar som vi brukte til å ha spekket i. Vi spekka av selen på feltet, salta det og la det på tankar.
-Med på turen skulle vi og ha ei 20 liters kanne med parafin. Denne hengde vi opp etter øyrene på ein bolt under dekk og rett over proviantlageret på vasstanken.
-Under overfarta kom vi bort i eit forferdeleg vêr. Det var den verste overseglinga eg nokosinne har opplevt. Vi stakk til sjøs ved Bjørnsund. Etter kort tid mørkna heile horisonten, og vi møtte uveret. Samstundes var det kaldt, så skuta isa ned. Men veret var så hardt at vi kom ikkje fram på dekk for heile overfarta. Klyverbommen isa kraftig. Dette drog baugen ned, så vi måtte bruke gevær for å skyte isen av klyverbommen.
-I det harde veret var det uråd å kome fram for å hente proviant, og i den tronge byssa hadde dei ikkje proviant for meir enn to døger. Ivar Hovden frå Ørsta var stuert på denne turen.

Måleri av Isrypen

Flaut på isen

-I fem døger fekk vi ikkje hente proviant, så vi måtte leve av dei to tønnene med rugkavring som vi hadde med som naudproviant. Isinga var heile tida kraftig. Skuta låg tyngre og tyngre i sjøen, og til slutt flaut vi berre på isen, meiner Vartdal.
-Vi var fire vartdalingar med på turen: Harald Buset, Sigvald Remmen, Martin Berg og eg. Etter ti døger i sjøen kom vi fram til iskanten langfredags-morgonen i 3-4 tida. Skipperen, Gottfred Brandal, såg islyset. Før han la seg gav han ordre om å stogge motoren og å leggje oss inn i ein strimmel. Eg hadde denne dagen hatt hundevakta.
-Det var ikkje anna å gjere enn å byrje banke is. Dei trong meir kol for å starte motoren, og dei trong proviant. Andre vakta måtte purrast ut. Då dei hadde arbeidd til middags, klarte dei å opne kappedøra. Dei hjelpte stuerten, så han fekk tak i provianten.

Brød med parafinsmak

Då fekk dei den neste overraskinga. Stuerten kunne opplyse om at øyra på parafinkanna var avsliten, og at parafintanken sto på hovudet i provianten. Skipperen gjekk fram og fann ut at heile provianten var gjennomtrekka av parafin.
-Det var ikkje anna å gjere. Stuerten måtte gjere seg nytte av den provianten vi hadde. Han fekk i hop nokre brød, men halvparten av innhaldet var rårand.. Det vart kalla saman til skipsråd, og vi vart samde om å prøve brøda.
Det var viktig at dei kunne halde fram turen. Dersom dei måtte gå heim for å hente ny proviant, hadde dei gått glipp av ungselfangsten.
-Vi åt parafinbrød, fekk parafingryn og drakk parafinkaffi. Og eg gurpa parafin ein heil månad etter at vi kom heim!
Men tilbake til turen. Det var dårleg is. Likevel klarte dei å plukke ei 300 dyr på eit par dagar. Så kom skodda. Ho var grauttjukk, og dei måtte liggje ved eit isflak dei neste to dagane.

Brann om bord

-Ei ulykke kjem sjeldan åleine. Dette ordtaket fekk dei med sanning røyne på denne turen. Dei hadde med ein svenske som maskinist. Han var i ferd med å vaske dongrikleda sine på maskindørken då det brått tok til å smelle frå kjeletoppen. Det hadde brote ut brann! På kjeltoppen hadde dei lagra 7500 skot i tillegg til ei halv famn bjørkeved. Brannen tok truleg til ved røykuttaket før det fatna i nevra og bjørkeveden.
-Vi fekk ei kolossal uttørning.
Harald Buset vart truga ned mannluka i byssa og ned på kjeltoppen. Ammunisjonskassene var opp brende og krutet utbrend. Dermed hadde vi berre 500 skot att for resten av turen. Det var dei 500 skota som låg i køya til skipperen.

Hell i uhellet

-Då skodda letna, viste det seg at vi låg like ved sidan av to andre skuter, «Arctic» og «Aslak». Vi gjekk bort til desse skutene, og fortalde korleis det låg an. Det var ikkje fritt for at dei i fyrstninga mistrudde det vi hadde å fortelje. Men dei vart overtydde, og så fekk vi 1500 skot med kvar av skutene, og det klarte vi oss med på resten av turen.

Skyld over bord

Dei dramatiske opplevingane skulle ikkje vere slutt med dette for Harald Vartdal og dei andre på denne turen med «Isrypen».
-Nokre dagar etter påske fekk vi sterk nordaust storm. Vi låg saman med «Polheim». Skipper Hessen der om bord sa at barometeret fall, så dei måtte nok rekne med ein ripp. Han tok ned to rev i seglet og ville ut. Dei bausa oss ut etter «Polheim».

Ishavsskuta Polheim på slipp

-Vêret kom snøgt, og vi hadde ikkje fått ned svikten (tredje revet). Fyrsteskyttaren, Johannes Bigset, fekk melding om å ta roret. Eg skulle hjelpe Arthur Rise med å få til stikka. Sigvald Remmen stod på akterenden av luka då vi fekk eit kraftig brot. Eg og Artur flotna av skuta, men vi hadde ein tørn av rivelina kring handa slik vi hadde lært. Remmen såg vi var borte og at rivelina var stramma opp. Av skuta var det berre rorhuset som var oppe av sjøen.
-Det var som i ei heksegryte. Eg hugsar at då eg sette kneet på rekkelina låg denne ein meter under vatn. Men både eg og Rise kom oss velberga om bord. Dette kraftige uveret møtte dei nokre kilometer sør for Jan Mayen. På denne turen hadde dei to riv-sjauar, og det er det meste Harald Vartdal har vore med på under ein tur.

Isflaket brotna

Der var også ein annan episode under denne turen. Då dei var ferdige med overseglinga etter at det hadde ljosna langfredagsmorgonen, kom dei opp til iskanten. Ved skuta låg der ein ungsel og pista. Skipper Brandal kom og spurte om liselesten skulle liggje på isen. Han såg gjerne at dei fekk seg litt fersk kjøt om bord. Dei andre var urøynde, så Harald baud seg til å gå ned på isen.
-Eg fekk eit tau rundt meg og slakka meg ned på eit flak. Til reiskap hadde eg med ei bambustrode med krok. Selen låg ei femti meter frå skutesida. Eg klarte å huke selen, men med det same brotna isen. Dei andre halte meg om bord, men eg klarte å halde bambustroda med selen, så vi berga ferskkjøtet, ler Harald.
Trass dei mange dramatiske hendingane, vart turen med «Isrypen» i 1915 ein bra tur. Dei kom heim med mellom 1800 og 1900 dyr.

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *