Til Island på snurpenotfiskje med “Islændingen” i 1948

“Islændingen” høyrde til Einar Hareide reiarlaget på Hareid. Den var bygd i 1906 ved Mjellem og Karlsen i Bergen. Den hadde fiskerimerket M-17-HD.  I 1948 hadde han desse måla Loa 115 fot, B19,1 fot og d 9,2 fot. Dampmaskina var på hk 160 hk.

Islændingen

Av Johannes Alme etter slik Odd Alme hugsar turen

Alle  fiskarane samt fyrbøtaren budde framme i ein lugar, ruff som det vart kalla. Der var då 13 mann, to låg i dobbeltkøy. Det var Ola Bigset og Øystein Kaldhol som delte køy.

Med tretten mann under dekk framme, vart det både mykje varme og diverse avgassar som kom ut, så døra i kappa måtte for det meste stå opa.

Det var ikkje fritt for at ein del sjøsprøyt som trefte mastra vart kasta tilbake og kom ned til oss som budde framme.

Personleg utrustning var sjølvsagt alle klede, arbeidsklede, undertøy og oljeklede. Mjøl, sukker og kaffi var varer som var rasjonerte i desse åra, så dei måtte takast ut ved bruk av rasjoneringskort. Pålegg til seg sjølv måtte ein syte for. Men varm middag og noko varmt til kvelds var det som regel med i kosten om bord. All mat måtte fiskarane ete framme i den tronge ruffen. Der var det og einaste plassen dei hadde til å oppbevare sine saker. Eit sett med bukse og jakke var det ein fekk plass til i sitt skap, så var det å ha litt klede i skapet og hylla i køya, samt at noko kle var det plass til i sjølve køya og. Koffertar vart plassert på hyllene over trappa i nedgangskappa.

Vasking av klede var det som ein skjønar ikkje noko muligheit for. ”Det vart knappast vask av seg sjølv, så noko kledevask var det nok ingen som drøymde om den tida”. Når ein prøver å sete seg inni kor arrangementet om bord desse båtane, så skjønar ein at det vart lite plass til ferskvatn. Der var både potetbinge og kjettingkasser under ruffen, så vasstanken var nok ikkje stor. ”Vi var fleire gongar i land på Island og henta vatn i tønner”, fortel han som svar på mi undring.

Eg fylte 16 år, 16 august 1946, det var på Island og det var første året eg var om bord “Islændingen” på Island sildefiske. Sommaren etter var eg og med ”Islændingen” på Island. Då gjorde vi to turar, så det var eit godt år. Den hausten (1947) vart det sett på nytt overbygg på båten, ny bestikk og nye, større og høgare davitar. Vinteren 1948 var eg om bord på storsildfisket.

Så over til turen til Island sommaren 1948.

Vi var ca. 20 mann om bord. Anders Hernes var skipper, Johan Valkvæ var bestmann. Andre som var med var Petter J Holstad – maskinist, Leif Gjetnes – fyrbøtar, Einar Hernes – stuert. Fiskarane var bl.a. Jon O J Holstad, Arthur Sivertsen, Leif Rise, Ola Bigset, Øystein Kaldhol, Sigurd Haugen, Kåre Alme, Petter Holstad, Vidar Holstad, Kåre K Hareide og eg sjølv – Odd Alme.

Vi gjorde klart rundt jonsok. Proviant for om lag to månader var teke ombord. Fryse var der ikkje om bord, så det var salta mat det gjekk på. Dessutan var det vanleg med eit fersk lår av okse og kvalkjøt, det var kjøt som sto seg i friluft, det danna seg som ei hinne på det, så det heldt seg  på ein måte fersk forholdsvis lenge. Dessutan var det å få om bord tynnene, tynnestolen på hekken og sjølvsagt alt saltet. Grovt sagt kan ein seie at det gjekk ei tønne salt på fire tynner. Saltet vart teke om bord på Saltlageret på Hessa, der også tynnene vart henta. Vi hadde med 660 tynner, så om lag 160 av dei  var fylte med salt. Noko av det siste eg var med på var å hente ei ny dørkmatte til byssa hos seglmakar Lindgård i Ålesund.

I forhold til sommaren før var som tidlegare nemnt, kome nytt overbygg og davitar. I tillegg hadde ein fått installert eit nytt stimverk som hjelpemaskineri på styrbord sida. Dette gjorde at kolbaksen på styrbord sida var mindre enn den på babord. (og båten låg naturleg litt mot babord). Kolbaksane i maskinromet og fremste lasteromet var fylt med kol. I tillegg var både midtbingane og sidebingane på dekk fylte. I aktre  del av lasterommet var det fullt av salttynner nedst og tomtynner over. På hekken var det laga til ein tynnestol, til dei andre tynnene i. Året før hadde vi med om lag 15 tonn med kol på dekk, men grunna det nye stimverket hadde vi dette året mellom 25 og 26 tonn på dekk.

Eit storsegl \ trehuk etter ”Hareidingen”, som vart teken av okkupasjonsmakta under krigen, låg att på sjøbua. Sidan trehuken til ”Islændingen” var dårleg, var denne til «Hareidingen» som var ein større båt teken med. Dette var så stort at det kunne ikkje festast i fremste galgestøtta som vanleg var, men det måtte festast i fremste daviten.

 Vi gjekk ut i lag med ”Tampen”, skipper Johan Pedersen, dessutan var ”Osnes” og i lag med oss. Vi kursa for Langanes på Island som vanleg var. Veret var fint, nordaust laber \ frisk bris, altså hadde vi vinden inn på styrbord sida. Vi hadde fått opp trehuken og gått eit par tre timars tid, då la båten seg kraftig til babord. Det vart ropa alle mann på dekk, og det heile virka rimeleg kritisk. Notbåten på babord sida vart kappa lause, det same vart trehuken. Nokre begynte og å hive kol over bord, sjølv om skipperen, som var prega av avseglinga forbaud dette.

Sakt så sakte begynte båten å rette seg opp.

”Tampen” som hadde sett det heile var komen på sida for å ev berge folket om “Islændingen” skulle forlise. Den nye dørkmatta hadde ikkje stuerten festa, så den hadde reist ut gjennom den øvste døra på babord side og var borte for alltid. Og i pannene som stod øvst oppe i byssa hadde det kome sjøvatn. Mjølkassa som sto heilt akter på hovuddekk hadde og kome laus, så det vart eit strev å få den på plass att. For å seie det forsiktig var det heile ei skræmande oppleving, ikkje berre for ein 18 åring, men og for dei eldre og meir røynde fiskarane.

Båten hadde retta seg opp, og Island var målet, så vi fortsette.

Dessverre gjekk det berre kort tid før det same skjedde på ny. Notbåten og seglet vart løyst, men denne gongen let ikkje fiskarane seg stoppe, og tømde sidebingane på dekk for kol.

Nettopp dette at sidebingane var fylte med kol, og dermed hindra vatn som kom inn på dekk å renne ut igjen, var nok kanskje det verste. Vekta av vatnet på dekk, var gale i seg sjølv, men og den  delen av dekket som var fritt gav fri væskeoverflate, det var like farleg den gongen som i dag.

Også denne gongen kom ”Tampen” til og ville berge folket.  Skipperen der brukte ein folen kjeft på korleis båten oppførte seg, og lurte på om vi var sjødyktige. Det var det vel fleire som lurte på, men etter båten hadde retta seg opp att, vart kursen på ny sett for Langanes.

Eit par timar etter la den seg over på ny, men denne gongen var det ikkje slett så mykje som dei to gongane før.

Resten av turen til Island gjekk bra, vi gjekk våre vakter og ikkje noko spesielt hendte. Når vi kom fram var det å gjere klart til fiske. Fisket gjekk føre seg på Nordsida av Island, i området frå Grimsøy, Siglefjord, Øyfjord – Grimsøyflaket var eit bra felt, der var det ofte mykje åte som silda gjekk i , og som vi då kasta på. Dessutan virka det som om silda hadde best kvalitet lengst mot vest.

Denne sommaren var fisket tregt, veret var ikkje det beste heller. Vi låg blant anna snart to veker ver Røde Huk grunna dårleg ver. Ein av karane låg då så jamt i køya at nokre andre nytta sjansen til å ”lake” han. Dei kom ned i lugaren framme og heiv saltlake på han. Då var han snar på dekk….

Elles så måtte det som vi fiska og salta først lakast etter. Det vil seie at tynnene låg nede i romet, med kapunholet opp, så tok vi ut kapunen og fylte fullt opp med lake ved hjelp av lakeslangen. Dette vart gjort for at silda i tynnene ikkje skulle bli vraksild ved levering. Vi som hadde vore med året før visste at fekk vi først ei veke med godt fiskeri, så kunne vi klare å fylle alle dei 660 tynnene, men veret og forholda var ikkje av dei beste.

Ut i turen måtte dei ein tur til land, vi gjekk inn til Akureiri. Mangt og mykje skjedde der, men etter nokre dagar kom dei seg på sjøen igjen.

Seinare gjekk fisket betre, og vi fekk til slutt fylt båten. Siste dagen mangla vi noko slikt som 50 tynner, og vi fekk eit skikkeleg bra kast. For ikkje ein anna båt som låg i nærleiken, med ein skipper som vår skipper ikkje hadde noko særleg godt auge til, skulle få noko særleg med sild av oss, så hova vi dekket fullt, mykje meir enn kva vi sjølve trengte. ”Berre for å vere nautige”, som ein av dei andre fiskarane sa.

Med fulle lasterom og mindre vekt i høgda enn bortover, gjekk heimturen fint. Ikkje anntydning til at skuta ville legge seg vekk då nei.

Tynnene med sild vart tekne på land på Hareid, der dei og vart vraka. Sidan vart dei vart sende vidare til endeleg kjøpar. Det var gjerne ein i Sverige eller på kontinentet.

På spørsmål om han vart skremd etter denne turen så seier han at han trur alle som var med på det har hugsa det resten av livet. Men han sjølv var ikkje meir skremd enn at han var med ”Islændingen” til Island på sildesalting neste sommar igjen han.

Skal ein som knappast har vore på ope hav driste seg til å kommentere denne turen, så er det to ting som slår ein. Det første er for ei utvikling det har vore når det gjeld båtane og forholda for dei som skal ha sitt levebrød om bord. Den andre tingen er å tenkje seg at tjue mann skulle hente inntekta si for to månadar av å salte om lag 660 tynner med sild.

1 - Kommentarar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *