Tur til Danskestredet 1949

Etter ein tur til Newfoundland med M/S «Polarstar» som messegut/fangstmann på halv lut denne vinteren, hadde eg fått smaken på ishavslivet. Det nærma seg no sesongen for tur til Stredet etter sel og Håkjerring, og ein dag i slutten av mai gjekk min gode kamerat, Ernst Hovlid, og eg inn til skipper Martinus Brandal og spurte om plass.

Brandal i Danskestredet, her i 1959.

Av Hermann Bakke

«Tin», som han populært vart kalla, var vel på denne tid ein av våre dyktigaste ishavsskipperar og var dette året førar av M/S «Brandal».

Etter litt om og menn, vi var no berre 17 og 18 år gamle, fekk vi jobb og beskjed om å møte ombord påfølgjande måndag på Hatløy verkstad i Ulsteinvik, der skuta låg for opp pussing etter silde- og vesteristur.

Ernst og eg gjekk lukkelege heimover og det kan eg røpe med ein gong: dette blei ein uhyre interessant tur, så full av opplevingar at inntrykka sit godt festa den dag i dag.

Det var ein ung gjeng som møtte opp ombord for å begynne klargjeringa. Turen gjekk først til Brandal, der vi tok ombord spekktankar, bingfjøler, tauverk og spekkbenkar m.m. Fleire turar til Ålesund måtte vi også ha før vi var sjøklare og hadde fått fylt opp med proviant, olje og vatn.

Ein dag vi låg i byen kom det ein kar ombord og spurte etter skipperen, mannen var kledd i nikkers, sportsstrømper og strikkejakke, og hadde ryggsekk på ryggen, briller hadde han og. Heile gjengen fekk bange anelsar, vi mangla nemleg ein mann, men skulle denne mannen vere med på turen av vi garantert bomtur. «Hårre-brellare-det», høyrde eg ein som sa, «tenk å møte opp i nikkers, sportsstrømpe, briller og ryggsekk og ville ha seg plass på ishavstur!» – Nei, her var det vel best og prøve få seg plass på «Aarvak» eller «Polaric» skulle det bli noko att for turen.

Ja, overtrua sat nok litt i oss alle etter å ha høyrt eine ishavshistoria verre enn den andre frå gamle ishavsgastar.

Å segle ut på ein fredag  for eksempel, og ordet hest var bannlyst ombord, plystre var heller ikkje bra og utstyret skulle vere skikkeleg med trebotn-støvlar, skinnhue og lo-vottar og dette skulle helst vere kjøpt hos Dale i Skansen.

Jau, karen kom ut igjen frå skipperen og trur du ikkje han hadde fått jobben? Kva i all verda gjekk det av vår gode skipper no? Karen det galdt var Mons Nygård frå Syvde, han var student og ville nytte sommaren til å tene pengar til studiane sine, fornuftig sjølvsagt, og han viste seg og vere ein fornuftig og likande kar. I dag er han professor i jus ved universitetet i Bergen. Kven om fekk skulda for at selfangsten denne sommaren slo feil veit eg ikkje om vart heilt avgjort, det var vel mørkeskodda som var verste årsaka, for den var innpåsliten heile turen nesten. Sportsstrømpene og lusekufta så lenge dei låg ubrukte på kistebotnen.

Eg hugsar ikkje namna på alle, men besetninga på «Brandal» denne turen var:

Skipper           Martinus Brandal

1.skyttar          Laurits Båtnes

2.skyttar          Angel Brandal

Maskinist        Jon Røren

Motormann     Tormod Hovlid

Smørar            Lars Petter Brandal

Stuert              Oddmund Røren

Fangstmann    Ernst Hovlid

Fangstmann    Bjarne Klovning

Fangstmann    Hermann Bakke

Fangstmann    Oddmund Hovden

Fangstmann    Odd Barstad

Fangstmann    Mons Nygård

ein Røren frå Fosnavåg, ein Sulebust frå Sula og ein kar frå Hjørundfjorden.

Vi sigla ut frå Fosnavågen ein tidleg morgon, då sommar månaden juni just hadde begynt. Det var ein frisk N.O kuling som gav god vind både i trehuk, fokke og mesan. Pumpe lukta vart fæl framme i ruffen då slingringa fekk rote opp i spillolje og gamalt vatn i skutebotnen. Sjøverken meldte seg for dei fleste, litt rangling hadde det vore kvelden før med dans på budaplattingen i Brandal og heilt fritt for rasp og heimebrygg var det no heller ikkje. Men her hjalp det ikkje å vere sjøsjuk, – turen var begynt, kursen satt for Langanes på Island – og alle måtte take sin tørn til rors og med skøyting av segl.

Det var mange Sunnmørsskuter i Stretet dette året. Frå Brandal var det i tillegg til oss: «Aarvak», «Signalhorn», «Polaric», og «Fangstmand». Frå Hareid var det «Flemsøy», og «Hvalrossen» frå Hjørungavåg. Vartdalsskutene «Buskøy», «Polhavet» og «Furenak» var også med, og frå Ålesund hadde vi «Kvitungen» og «Rundøy». Eg trur også «Sunnmøringen» frå Tjørvåg var med. Ein stor flåte med gode skuter med dyktige skipperar og mannskap ombord. Eg kan nemne namn som Rolf Kvien, Bjørn Øvrelid, Monrad Pilskog, Bjarte Brandal, Karl J. Brandal og Johannes «Mur» Brandal – og vår eigen Martinus «Tin» Brandal. Desse var alle med dette året og mange, mange fleire var karar som gav heile sitt liv til ishavsnæringa og var med og setje Sunnmøre øvst på ishavskartet.

Vi vart møtt av tjukke skoddebankar på siste etappe av overseglinga frå Langanes til isen, og då vi møtte dei første isknultrane var det blikande stilt og null sikt. «Tin» entra ishavstønna i formasta med langkikkerten på ryggen og manøvrerte skuta forsiktig inn gjennom iskanten. Den tunge Atlanterhavs dønningen, som låg og arbeidde med isen, gjorde det ikkje heilt ufarleg for skuta når flaka blei større og isen tettare og enkelte stygge blåisar dukka opp. Men vi hadde ein ekspert i tønna, så når den lyse sommarkvelden kom var vi langt inne i isen og merka ikkje meir til storbåra. Vi la stilt for natta, skodda var framleis tjukk, alle lydar vart liksom forsterka, hovudmotoren var tyst, berre lysmotoren plapra med sin spede lyd.

Alle var spente på kva som gøymde seg der inne i skoddeheimen og kva vi skulle oppleve dei næraste dagane. På overseglinga hadde vi laga slire til flåarkniven og stål til å kvesse han med hadde vi fått utlevert, so no var vi spenna klare.

Dei som ikkje var på vakt blei grytidleg vekt neste morgon då «Tin» sette «Brandal» igang for å leite etter sel. Isen var ganske slakk med mykje ope vatn imellom florene og flaka. Det var slik om sommaren i Stretet, så fangsten forgjekk mykje med fangstbåtane. Derfor hadde vi desse hengande klare i davitane. Sikten var fortsatt dårleg, men det var lange periodar då vi kunne sjå ganske bra. «Tin» hadde børsa med seg i tønna og då vi fekk auge på første selen nærma vi oss med stor forsiktigheit. Rormannen på styrehustaket måtte stå heilt roleg og følgje forsiktig kvart minste vink frå tønna. Vi som stod nede på dekket fylgde spent med. Der small det og den første klappmyss låg stille på isen. Det er uhyre vanskeleg og skyte frå tønna, men «Tin» var ein framifrå skyttar og han skaut sjølv nesten alle dyra vi tok den sommaren.

Som eg har nemnt tidlegare slo selfangsten heilt feil. Vi kryssa is-øydet i alle retningar, men det var berre eitt og anna dyret vi kom på hald. Eg synest og huske vi var beste skuta med 125 dyr. Det vart lange dagar og netter å gå og ikkje få fangst – og skodda låg som ei klam hand over oss mesteparten av denne første tida vi skulle ta selen.

Vi ombord var tross alt unge og optimistiske, tida gjekk med kortspel og song, ein gamal sveivegrammofon hadde vi og, eg hugsar «Astrid mi Astrid som eine heldt på meg» var gjennomgangsmelodien denne sommaren. Ja, tankane gjekk ofte heimover til ei eller anna «Astrid» når tida blei lang og så var det no også eit evig samtaleemne oss ung gutane i mellom.

Vi heldt lag med «Aarvak», der var Johannes Brandal, Mura-Johannes som han vart kalla, skipper. Elles so var no sambandet skutene imellom ganske godt over radio. Ein dag fekk vi auge på sjølvaste kongen i Arktis; isbjørnen. Det var ei binne med to ungar som var på vandring over isen. Mura-Johannes og Tin konfererte kor dei skulle gripe saka an. Isbjørnen var ikkje freda denne tida og var såleis eit godt fangstbytte. Dei vart einige om å skyte binna og prøve å fange ungane som var ganske store, antakeleg 2-års ungar – og det var god pris for slike i zoologiske hagar.

Aarvak med isbjørn

Det vart låra ein fangstbåt frå kvar av skutene og bemanna med ein skyttar og tre mann i kvar båt. Bjørnane for ikkje fort av gårde, så dei var lette og kome på hald og binna blei snart felt av eit velretta skot. Ungane heldt seg ved mora og vi fekk omsider ei lykkje av eit godt tau rundt dei og så tok vi dei på slep ein etter kvar båt.

Dei sette seg imot og baska og stritta fælt, den eine måtte vi stoppe og ta opp på eit flak så han fekk kvile seg ei stund.

Til slutt kom vi fram til «Aarvak», der det var bestemt at ungane skulle burast. Vi fekk heist dei ombord og i første omgang vart dei surra til stormasta. Det vart eit sabla liv då det skulle konstaterast om det var hann eller hoe, sjølv om dei berre var ungar var dei ganske tunge på labben. Mura-Johannes fekk seg mange kilevinkar før han fann ut at det faktisk var ein hanne og ei hoe. Det vart bygt to solide bur til dei og dei sto der på dekket og vart godt fora og spyla med sjøvatn fleire gongar i døgnet, så dei laud inga naud. Dei hamna til slutt i zoologisk hage i København.

Ei anna oppleving vi hadde der ute i isen var at vi ein dag fekk auge på noko som likna på eit skipsvrak. Det var tett is der med store florer og det vart sendt eit lag innover for å finne ut kva dette var for noko. Angel Brandal leia gruppa og dei fann ein delvis øydelagd russisk elvelekter, som hadde drive heilt frå Sibirkysten. Det låg ei russisk loggbok på brua, det var det einaste som kunne fortelje noko om kvar han kom frå.

I juli månad trekte skutene meir inn mot kysten av Aust-Grønland, her var det mykje ope vatn og her begynte vi fisket etter håkjerringa. To og to skuter fiska ilag, vi feste linene i ein tung kjettingslings og sette kvar vår veg. Der låg vi då å passa på kvar si bøye. Etter 4 timars set drog vi så linene mot kvarandre igjen. Vart linene ståande for lenge, kunne vi risikere og få berre hovuda då håkjerringane er kannibalske og et kvarandre.

Det var godt fiske den første tida. Vi tok berre levra og dumpa skrotten over bord igjen. Eg hugsar at den største kjerringa vi fekk hadde 10 stampar lever i seg. Vi hadde kjelehus og damperi, så levra blei til fin olje som vart fylt på spekktankane. Her også fekk vi besøk av isbjørnen, det var eit fantastisk syn å sjå ein svær rusk saug seg tak i ein håkjerrings skrott som han drog opp på isen. Kjalk og måse flokka seg rundt for å få ein bit av kaka.  Då reiste «kongen» seg på to og slo etter dei i lufta.

Stuerten la bacon i steikepanna, og då bjørnen kjente denne lukta sto han og vera, så kom han luntande etter skuta langs florene, symde i ope vatn, og fylgde oss faktisk i fleire timar. Han fekk leve, pelsen er gul og røytte om sommaren, så den er lite verd.

Vi fiska nær kysten, ja, faktisk langt inne i Storfjorden på strekninga Scoresbysund og Angmagssalik. Ein dag fekk vi besøk av eskimoar som kom padlande i sine slanke, fine kajakkar. Dei hadde med seg laks som dei ville byte i alt mogleg. Eg hugsa eg fekk to fine laksar for et par billige solbriller. Det vrimla av laks i elvane og langs kysten av aust-Grønland. Eskimoane feste ein spekkbit i eit halvt meter langt snøre som dei batt fast i enden av spjutet sitt og så sat dei der ved elvebarden og stakk laksen så fort han kom og lukta på agnet.

Grønland er eit fantastisk land, kaldt og blått med sine taggete fjelltoppar med den evige is-kruna på, fjordar med kalvande isbrear der ein høyrde bulder og drønn kvar gong eit isfjell var født og laga svære store bårer langt utover som satte allereie drivande fjell i bevegelse. Ikkje ufarleg for skutene våre som vart som leikebåtar mellom desse kolossane av is.

Langs strendene vaks ein fin vegetasjon av lyng og plantevekstar og det vrimla av ender og gjæser og andre sortar sjøfugl. Vi gjorde små strandhogg, sør for opninga til Storfjorden, innanfor Aputiteq øya fann vi ein forlaten amerikansk militærbase frå krigens dagar. Der var eit stort lager av hermetikk og eg hugsar vi fann masse av sjølvlysande orange farga fallskjermduk. Sånt hadde vi aldri sett før, vi tok med oss ein del og dette var fint og bruke som bøyeflagg på linene våre. Lenger sør, utanfor Angmagssalik, låra vi fangstbåten og reiste ein tur inn til buplassen. Vi vart godt mottekne og vist inn i steinhyttene, der det alt var oppfylt med vaksne, born og bikkjer. Det var blide og gjestfrie folk grønlendarane. Nesten alt dei gjekk og sto i og all deira reiskap var laga av sel eller kval. Det var uhyre interessant og sjå kor folket budde og levde. Vi fann ei fellesgrav der i nærleiken som var laga som ein stor ring av steinar, det såg faktisk ut som heile samfunnet der ein gong i tida hadde lagt seg ned for å døy.

Vi hadde eit stygt uhell som kunne ha vorte skjebnesvangert for gode gamle «Brandal». Ein tidleg morgon vi var på segling for full fart mellom isfjell og storflorer, men med mykje ope vatn mellom, vart det ved ei mistyding mellom skyttaren i tønna og rormannen på rorhustaket gitt feil ror og vi kolliderte med eit svært isfjell. Bak oss kom «Aarvak» i full fart, og for ikkje og renne inn i oss måtte ho ta hardt styrbord og for peisande langt opp på ei stor isflore så ho nesten sto tørr. Ja, du snakkar om, eg stod framme i ruffen og kledde på meg, eg hadde forsove meg, og det var eg som skulle ha vore til rors. Med det same det small var det bom stopp og eg vart slengt framover mot leideren og slo meg kraftig.

Eg sto der og såg rett til himmels. Skuta var så inntrykt at det var ei brei opning mellom doll- bordskanten og dekksplankane på kvar side. Baug pletten var trykt ein halv fot bakover, men vi var heldige trass alt, der vi traff var fjellet heilt rett så heile stamnen traff plant med isveggen. Men du verda for ei påkjenning det må ha vore for skuta!

Bak i byssa var alt laust kasta framover så det såg ikkje ut i det heile teke. Kaffi og egg og alt mogleg anna i ei fin blanding. Skipper Tin kom roleg opp og lurte på kva som var skjedd. Eg har ofte tenkt på det sidan og må berre beundre den ro han viste i ein slik situasjon. Skuta vart grundig undersøkt av skipper og maskinist. Ein brest i baug stamnen og dei før nemnde skadane såg ut til å vere det heile. Vi fekk ombord ein mann frå ei anna skute som kunne dette med å drive dekk. Eg hugsar ikkje sikkert, men eg meiner det var Einar Røren frå Brandal. Han vart ombord nokre dagar og fekk tetta det meste med drev og bek.

Når det galdt sjukdom vart vi heldigvis spart for alvorlege tilfelle, men Ernst Hovlid fekk symptoma på blindtarmbetennelse, og skipperen fann det best og sende han heim med ei anna skute som heldt på å avslutte turen i midten av august. Han hamna på Volda sjukehus der han fekk fjerna blindtarmen utan komplikasjonar og med lite rop og skrik.

«Brandal» og «Aarvak» heldt ut med fiske i det lengste, turen vart mykje lenger enn berekna og vi hadde proviant for berre to månadar. Uti august begynte det derfor og skorte på både det eine og det andre av matvarer. Heldigvis fekk vi ei og anna storkveite på håkjerring lina og poteter, mjøl og viking mjølk hadde vi rikeleg med. På slutten av turen gjekk det såleis på kokt og steikt kveite om en annan og med raspeball som ein godbit av og til. Om nettene lurte vi oss til å steike pannekaker og nokre gongar meiska vi oss med lettsalta kveitehaud. Reine stormannskosten må vite.

Det var nesten midt i september då vi kursa inn Breisundet. Eg hadde fått betennelse i ein visdomsjeksel og var hoven som ein ballong på eine kjaken. Det verkte som besett og det barst rett til tannlækjar i Ålesund. Men gleda over og vere heime etter tre og ein halv månad var stor. Liene på Godøya og Hareidlandet lyste i haustens finaste fargar og «Astrid mi Astrid» tona kanskje litt ekstra frydefullt frå den gamle sveivegrammofonen.

Når eg tenkjer tilbake på denne turen er eg glad for den gode kameratskapen vi hadde ombord. Nokre er døde, men dei som lever og les dette håper eg har fått seg ei reise i «minnenes verden». Å huske alle detaljar frå så mange år sidan er ikkje mogleg, men eg har prøvt og skrive ned det som har fest seg best i minnet. At vi hadde ein opplevingsrik tur den gongen er vi nok alle einige om. Eg helsar til alle og takkar for meg i denne omgang.

1 - Kommentarar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *