Denne artikkelen handlar om dei ulike fangsfelta som nordmenn reiste til: Vesterisen, Newfoundland, Svalbardområdet/ Nordisen, Austisen og Kvitsjøen. Det er Johannes Bjarne Alme og Webjørn Landmark som skriv om dei ulike fangstfelta.

Vesterisen

Vesterisen er området rundt Jan Mayen, om lag frå 68 til 73 grader nord. Det har vore drive fangst på dette feltet på heile 1900-talet. I førstninga fanga dei i iskanten, men etter kvart som skutene vart sterkare, og dampmaskin og motor kom til, vart det inn i isen og fangste på ungar.

5 skuter med 78 mann forliste sporlaust i 1952, og i 1917 forsvann 7 skuter med 84 mann i dette området.

Dette er feltet med den hardaste og tøffaste isen, og stormane på feltet er vidt kjende for å vere farlege, spesielt i den vestlege delen er det eit farleg område. 5 skuter med 78 mann forliste sporlaust i 1952, og i 1917 forsvann 7 skuter med 84 mann i dette området. Etter andre verdskrigen og fram til om lag 1980 var det treskuter på 75 til 110 fot som fanga i Vesterisen.