Aleine med sløkte lanterner låg ishavsskuta ”Signalhorn” midt i selkastet. Det var ni harde døgn, men på heimturen var alt slitet gløymt.

På Vesteristuren i 1960 fanga ishavsskuta «Signalhorn» 6273 sel. Ser vi vekk frå tida med store stimbarkar, så er dette framleis rekord i tal på dyr på ein tur frå Vesterisen.

«Signalhorn» med skipper Bjarte Brandal gjekk frå Brandal 14. mars.

Om bord er det eit mannskap på 18, dei har bunkra 45 000 liter solar, og proviantert for to månader. Det er røynde fangstfolk, Birger Brandal er første skyttar og Odd Eiken er andre skyttar.