Nyhende

Julemesse på Ishavsmuseet 2026

Julemessa på Ishavsmuseet 

14. og 15. november blir det julestemning, handverk og fare for alvorleg shoppinglyst på Ishavsmuseet i Brandal!

Det er berre å innsjå det først som sist: Du kjem ikkje til å klare å gå inn på Julemessa på Ishavsmuseet utan å finne noko du berre må ha.

Polarkveld 9. oktober

74 år etter tragedien: Brattind får ein plass på Ishavsmuseet

I 1952 forliste fem ishavsskuter i Vesterisen, og totalt 79 menn omkom. Blant dei var dei 14 mennene om bord på Brattind av Tromsø. Over 70 år seinare vart vrakrestar funne nord for Island. Eit omfattande arbeid med å identifisere funnet viste at restane stemde frå Brattind. No skal historia om skuta og menneska som aldri kom heim, løftast fram på Ishavsmuseet.

Havets festbord 24. oktober 2026

Laurdag 24. oktober kl. 19.00 Havets festbord
Hausten er sjømat, og vi byr inn til havets festbord med bacalao, krabbesuppe, reker, scampi, blåskjell, krabbeklør, fylte krabbeskjell, sjøkreps m.m.

Lutafisk 6. november 2026

Lutafisk på Ishavsmuseet 6. november 2026

ÅRETS ETARGILDE PÅ ISHAVSMUSEET – NO SKJER DET IGJEN!

LUTAFISK – ELSKA, HATA OG FORSVART MED NEBB OG KLØR.

Eit sovjetisk krav. Ein norsk ekspedisjon.

Ny Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 24. april kl. 19.00

Moskva, den 6. mai 1926. Sovjetunionen vedtek ein ny politikk for suverenitet over arktiske områder. Denne politikken inneberer sovjetisk suverenitet over Frans Josefs Land. Den utfordrar viktige norske næringsinteresser så vel som det norske synet på folkerettsleg praksis for annektering av herrelaust land.

Spansk aften på Ishavsmuseet

ARRANGEMENTET ER UTSELD

Laurdag 2. mai kl. 17.30 

Bli med når vi forvandler Ishavsmuseet til en bit av Spania for en kveld! Åge Folkestad – ålesunderen som for over 25 år siden startet Casa Vital i Altea – inviterer til Spansk aften på hjemmebane.

Polarkveld om polarpioner Trygve Gran

Fredag 20. mars kl. 19.00 er det ny Polarkveld på Ishavsmuseet, og denne gong får vi besøk av Hermann Gran som vil fortelje oss om far sin, Trygve Gran.
Trygve Gran deltok i si tid på Robert Falcon Scott sin Antarctica Expedition 1910 – 13 i kappløpet med Roald Amundsen om å verta først til Sydpolen.

Søndagsmiddag og film 8. mars

Søndag 8. mars kl.13-17 vert det søndagsmiddag på Ishavsmuseet. Stor buffet med varme og kalde rettar, dessert og kaffi, kr. 350,-. Vi heidrar alle sterke kvinner på kvinnedagen, og viser dokumentarfilmen Ishavskjerringa frå 2012 i konferansesalen kl. 13.00 og 15.00.

«Mehamnopprøret 1903 og kvalfangst»

Polarkveld på Ishavsmuseet 20. februar kl. 19.00

Arne Johan Nilsen, forfattar og historikar, kjem til Ishavsmuseet med foredrag fredag 20. februar. Foredraget til Nilsen handlar blant anna om ein av dei minst kjende aksjonar utført av arbeidarklassa, men også om historisk kvalfangst og kvalfangst slik det vert drive i dag. Vi får også høyre historia til Helle som i dag driv kvalfangst.

Natt på museet 2026

NATT PÅ MUSEET

Fredag 6. februar og laurdag 7. februar 2026, klokka 19.00-22.00, inviterer
Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2014-2016) til å bli med å
utforske museet med forskjellige aktivitetar.

Polarkveld om Ellsworth-ekspedisjonane

Ny Polarkveld på Ishavsmuseet:
Ellsworth-ekspedisjonane
Til årets første polarkveld på Ishavsmuseet 23. januar kl. 19.00 får Ishavsmuseet vitjing av Kenneth Staurset Fåne som vil fortelje om Ellsworth-ekspedisjonane i Antarktis.