Arktos

Eigar1919 P/R H.C. Rønnevik, Egil Næsheim, Bendik Q. Quindesland, Ole S. Quindesland, Haugesund
1923 Dampskipsselskapet AS Solvang, Haugesund
1924 Frithjof Nagell Nordbø, Haugesund
1930 Bergens Privatbank
1932 Selfangst og Havfiske A/S, Elling Aarseth, Edv. Leira og Peder Andresen Korsfur, Ålesund
1938 A/S Arktos. (G.C. Rieber & Co. AS, Martin Karlsen, AS Polarbjørn og Albert Hovland, Brandal
1939 P/R Arktos, Karl Karlsen og Bernt Marø, Brandal
Fartytypefrakteskute - selfanger
Reg. merke1923 R 110 H
1932 M 287 A
1938 M 14 HD
HeimehamnHaugesund - Ålesund - Brandal
ByggeverftSkaalurens skipsverft, Rosendal, bygg nr. 123
Byggeår1919
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår129,9 fot
Mål i lengde etter ombygging136 fot
Mål i breidde, byggeår27,6 fot
Mål i djupne, byggeår13,7 fot
Tonnasje462,52 brt 1919
437,93 brt 1931
419,04 brt 1940
Maskin, orginaltBMV / Laksevåg triple 77 nhk/ 450 ind hk
Maskin, ny1939 Polar/Atlas 600 hk
SkipperarLyder Strømmen (1929-1931 og 1933-1938)
Peder Andresen Korsfur
Bernt Marø (1939-1940)
Ombyggingar Verft1931 ny garnering
1939 ved Liaaen. Flytta overbygg frå midtskips til akter
ForlistForliste ved grunnstøyting ved Cape Race 13. sep. 1940 under krigsteneste.
AnnaMannskapet plukka opp av Polarbjørn
Utfyllande opplysningar

Bygd som lastebåt i fart på Sibir, Novaja Semlja, Kola, Bjørnøya og kolfart på Svalbard.

På selfangst første gong i Kvitsjøen 1929, og kom heim med rekordfangst.

“Arktos” var ei stor og tung skute, ideell for bauging i Kvitsjøen. Ofte vart den observert med ei lang rekke av mindre nordlandsskkuter etter seg når den bauga inn gjennom isen. Men i Vesterisen var det verre, der var det meir dønning og stormsjø. Og “Arktos” som var bygd som lastebåt var ganske flatbotna. Då vart også propellen meir utsatt for is.

Då skuta kom til Sunnmøre i 1932 vart den til då den største ishavsskute i tre på Sunnmøre. På fangst i Kvitsjøen i 1932 misser den propellen, og “Fridtjof Nansen” vert sendt avstad for å slepe den heim.

I 1933 er det mykje skruing i Kvitsjøen og 15. mars melder “Saltdalingen” at dei er skrua heilt opp på isen. Dei vurderar situasjonen som kritisk, men dei jobbar stadig med å sprenge is rundt skuta med dynamitt. “Arktos” kjem til å klarer å bauge vekk det meste av isen slik at “Saltdalingen” kunne sige ned att frå isen.

I 1938 vart “Arktos” førd innom konsesjonslinja i Kvitsjøen av ein sterk nordvest kuling. 20. mars spakna vinden og “Arktos” prøvar å bauge seg ut igjen, men vert liggande fast i isen. Ut på ettermiddagen vert “Arktos” oppsøkt av den russiske vaktbåten “Purga”. Dei vert arresterte for å ha vore innom linja, sjølv om dei ikkje hadde fangsta der. Radiosendaren vert forsegla og alle våpen blir dregne inn. Dei får ordre om å gå til Jukanski med prisemannskap ombord.Etter 23 døgn i arrest vert det rettsak, og etter ei veke fall domen: Inndraging av all fangst, 3300 sel og 60-70 tonn spekk. Inndraging av leidebrevet og ei bot på 850 rublar.

“Arktos” var ei av pionerskutene som starta fangsten ved Newfoundland i 1939. Var med i den dramatiske overseglinga til Newfoundlandsfeltet i 1939, detaljert fortalt i boka Dramaet i Nordatlanteren. Litt meir om overseglinga i 1939 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/dramaet-i-nord-atlanteren-1939/

Etter turen til Newfoundland i 1939, der “Arktos” kom heim med 7500 sel og 160 tonn spekk, gjekk dei til Liaaen i Ålesund for ombygging. Dampmaskina vert no bytta ut, og overbygget vert flytta frå midtskips til akter. I det gamle akterromet vert det bygd nye 2- og 4 mannslugarar for tilsaman 14 mann. Det vert ny stor keising med salong, skipper og maskinist lugar, offisersmesse og dusjrom. Som første ishavsskute fekk “Arktos” no også eit koksfyrt sentralvarmeanlegg.

Ombygginga ved Liaaen var ferdig i januar 1940, og går på fangst ved Newfoundland i lag med “Polarbjørn” og “Polaris”. Dei ligg i fangst der då krigen braut ut, og går til St. John’s då fangsten er over. Her vart dei underlagt Nortraships Fiskeriavdeling. “Arktos” vert sett i teneste med å hente kol frå Sydney på Nova Scotia. På veg til Bay det Verde på Newfoundland vert det brått tjukk skodde. På Cape Pine står det ein stor tåkelur, og “Arktos” stoppa av og til for å lytte etter denne. Dei gjekk med redusert fart, men høyrde ikkje luren. Natt til 13. september stod skuta brått på grunn og la seg snart styrbord.”Arktos” hadde gått på eit skjer, og det braut rundt dei på alle kantar. vatnet fossa snart inn i donkeyromet, og det flaut snart opp stykker av kjølen. “Arktos” hogg tungt mot faste fjell og det vart fløyta etter hjelp. Mannskapet måtte snart gå i båtane, men dei viste ikkje kvar dei var, og skodda gjorde det umogleg å sjå land. Dei heldt seg derfor ved havaristen. Men etter 45 minutt kom der ein dorry med tre mann som kunne fortelje at dei var ved Eastern Head vest av Cape Pine. Når skodda no letta såg dei land berre 100 meter borte, og fullt av folk som stod å såg på dei. Skuta brotna etter kvart midtskips, og dagen etter kom “Polarbjørn” og henta det havarerte mannskapet.

 

“Arktos” etter grunnstøytinga 13. september 1940.

 

Turen med “Arktos” til fangstfeltet ved NewFoundland  i 1939

Slik Sigmund Bøe hugsar det.

Heilt frå eg fekk lovnad på denne jobben hausten 1938, hadde eg sett fram til turen med ei viss spenning. “Arktos” skilde seg ut frå andre ishavsskuter, ho var den største av selfangarane, og ho var, som Trygve Nordanger seier i boka “Dramaet i Nord-Atlanteren”, eit bin og eit bisn sett med ishavsauge. – Det var og eit heller nytt fangstfelt og lang overfart som eg slett ikkje såg mørkt på. – “Polarbjørn” og “Polaris” hadde vore på dette feltet i 1938 og gjort det svært godt, og no i 1939 var det åtte skuter som rusta ut for det nye feltet. Det var ”Arktos”, ”Polarbjørn” og ”Polaris” frå Sunnmøre, og ”Quest”, ”Selis”, ”Isfjell”, ”Saltdalingen” og ”Nyken” frå Nord-Norge. Vi hadde nok alle god tru på at vi kunne gjere god tur, men eg veit ikkje kva som vog tyngst for meg, om det var utsiktene til ein bra lott eller det var eventyret med ein slik langtur. Det var kanskje mest det siste.

Det var so vidt eg hugsar den 25.januar at vi gjekk ombord og tok til med klargjering til turen. Skuta låg då ved Liaaen i Ålesund, og det fyrste var å ta ombord laustankane, som låg framme i valen mellom Skjervabuda og Liaaen. Under arbeid med dette hadde vi eit stygt arbeidsuhell med det at ein wire rauk og ein sjakkel råka ein mann rett på kinnbeinet. Han vart stygt skada, men kom heldigvis frå det utan mein, men han fekk ikkje vere med på denne turen. Med tankane på plass og godt avstempla var det neste å bunkre kol, som vi trengde i store mengder, då der var ei dampmaskin på 500 hk. og ein hardkokt kjel som trengde 4-6 tonn kol i døgnet, alt etter kor hardt ein kjørte. Vi rigga stangrigg på formasta for å få tønna høgare opp, og der vart rigga  stagfokk, trehuka storseil og trehuka mesan, som nok var tenkt å støtte for slingring, men som ellers vart lite nytta. Vi tok proviant og utstyr for ein lang tur, og alt vart forsvarleg stua vekk og sikra for overfarten.

Vi gjekk til sjøs 9. februar, eit par døgn før dei andre skutene, då vi skulle innom Færøyane for å trimme fulle kolbaksane før vi la ut på storhavet.

Nett no i desse dagar er det 59 år sidan vi la ut på turen, og det kan vere artig å tenke over kva som sit att av inntrykk etter so lang tid. Det har vore skrive og fortalt mykje om den dramatiske overfarten til fangstfeltet. Mest detaljert er boka til Trygve Nordanger, “Dramaet i Nord-Atlanteren”, der han har fått med det meste av det som skjedde i desse stormdøgna med forlis og havari og berging av mannskap. Det som kjem mindre fram i slike beretningar er korleis kvar enkelt opplevde det og kva tankar og kjensler ein gjekk med i dei dramatiske døgna. I dag snakkar ein so mykje om at ein treng psykiatrisk hjelp etter slike opplevingar for å unngå ettervirkningar. Slikt tøv visste vi ikkje av på den tid. Var der noko som trykte, so fekk vi sanneleg arbeide det ut av systemet både no på overfarten og seinare på fangstfeltet. Der var so vidt eg veit ikkje ein einaste mann som ikkje stod klar å reise ut att året etter. Eg trur vi godtok at slike hendingar var noko som ein måtte rekne med at ein kunne kome ut for som ein naturleg del av livet. Eg trur ellers ikkje at vi korkje grubla over det eller snakka so mykje om det, og i ettertid har denne turen vorte berre som ein av mange.

Turen til Færøyane gjekk greitt, og vi ankra opp i Våg på Suderøy for å etterfylle kolbaksane som planlagt. ”Polarbjørn” og ”Polaris” kom og inn hit, og då det var dårlege vermeldingar, vart vi liggande eit par døgn. Vi fekk vere med på Grindadråp og Grindadans medan vi låg der, det var ei oppleving eg aldri gløymer. Fyrst kom ein stor flåte av småbåtar jagande med kvalflokken inn fjorden med rop og gaul og spetakkel, heilt inn i botnen, der det var ein støypt val der slaktinga gjekk for seg. Her var det urinstinktet som kom fram i folket. Dei var heilt ville, hoppa i sjøen og stakk med spyd og sverd so heile valen var full av blod. Omkring 300 kval måtte late livet, og kjøtet vart delt på alle folka på øya etter eit gamalt lovfesta system. Etterpå børja ringdansen, som gjekk utan stans eit par døgn. Den var framleis i full gang då vi gjekk ut derfrå. Ein av dagane vi låg der, var det nokre av oss som gjekk over til vestsida av øya og såg på villskapen der Atlanterhavsbølgjene braste mot klippekysten. Det var i sanning “ruskje å leggja utpå”, som vi litt seinare skulle få smake sjølve.

Det var grapsever då vi gjekk til sjøs, og det heldt ved med forleg vind og sjø, so vi vart liggande noko etter dei andre to skutene. Det var visstnok fredag 24de at stormen slo til for alvor, og 25de og 26de var nok verste døgna for oss som låg lengst aust. Eg hugsar vi var eit gjeng som skulle på vakt om kvelden, truleg 24de. Vi stod lenge og venta på eit løgje for å kome oss over fordekket, og det gjekk fint til slutt. – Då vi kom opp på midtskipet, var det fyrste vi såg at bakseluka til kolbaksen var open og luka fór seglande bakover dekket. Både på midtskipet og på akterdekket var det berre rørgelender, so det var mesta eit under at vi fekk tak i luka før den gjekk overbord. Vi fekk lagt den på og fann eit par bordstubbar som vi spikra over for sikkerheits skuld. I mellomtida hadde mykje sjø vaska ned luka og skylt med seg mykje kolstøv og småkol ned i skutebotnen. Ut på natta fekk vi beskjed om at skuta var lek, og vi måtte sette i gang med dekkspumpene. Det var just inga gladmelding. Pumpene var plasserte på akterdekket like bak midtskipsoppbygget, so dei var nokso godt skjerma for sjøen, men sjølv her gjekk det tildels svære brot over. Det gjekk berre kort tid, so var pumpene tette og slutta å skaffe vatn. Det var kolstøvet i skutebotnen som tetta silane, og det same skjedde med maskinpumpene og. Vatnet steig i botnen, og då skuta var nokso flatbotna, svalka det frå side til side, so det slo opp dørkplaten på fyrdørken. Det såg ikkje bra ut. To-tre mann vart sende ned for å hjelpe maskinfolka å reinske opp kolstøv og skitt, men løysinga vart tilslutt å lage inntak for pumpene bak i tunnelen, og då greidde dei å lense unna. Det synte seg ellers at skuta ikkje var lek, men då veret gav seg, fekk vi sjå at ein lysventil i forkant av midtskipet inn til kolbaksen var slegen inn, slik at store mengder vatn kom inn og vaska med seg småkola ned i skutebotnen. Vi vart nok noko stusse då vi høyrde at skuta var lek, men det letna då vi fekk vite at dei klarte å lense unna. – Kor lenge storstormen varte, hugsar eg ikkje, men medan det verste stod på, kom ingen frå forut til midtskips. Av og til sov vi ei stund i maskingangen, der det var godt og varmt, ellers var vakta samla i eller omkring byssa, når ein ikkje stod til rors. Byssa var under båtdekket i akterkant av keising og skorstein, og var den best skjerma staden på skuta under slike tilhøve, men likevel kom der av og til brott frå sida som kunne knuse alt som kom i vegen. Eit slikt brott smadra døra til stersen bak byssa, og brød, margarin og Vikingmelk mellom anna flaut rundt på dekk. Vi var straks ute og fekk berga det meste, vi fann bordendar og spikar og fekk lappa døra, men litt seinare kom ein ny sjø, og atter flaut maten rundt på dekk. Nett då kom skipperen ned frå brua, og vi fekk ei kraftig overhaling fordi vi ikkje passa på og berga sakene. Eg hugsar at vi vart noko snurtne, for vi hadde då sanneleg ikkje spart oss, men det kunne ikkje han vite sjølvsagt. Fyren i byssa var sløkt, og vi prøvde å fyre opp for å få oss ein kaffi. Vi fann oss tenneved og parafin og fyrte opp og hadde fått skikkeleg god fyr då eit storbrott slo til og sende ein flaum av vatn ned bysserøret, so ved og kol og eld vart vaska ut på dørken. Det same skjedde på ny då vi prøvde å fyre opp ei stund seinare, men då gav vi opp. Bysserøret gjekk opp i akterkant av skorsteinen mest opp til toppen, likevel kom store mengder vatn ned gjennom røret, so det berre fossa ut gjennom omnsdøra. – Ved eit høve vart vi merksame på at skalkinga til proviantromluka heldt på å gå opp. Proviantrommet låg heilt bak i hekken med ei luke knapt ein meter i firkant skalka med presenning og kilar. Vi såg at vi måtte gjere noko med dette, ellers ville vi få fylt opp romet med vatn. Vi fann fram kilar, tau og slegge, og ein litt eldre mann frå Nord-Norge, han var vel opp imot femti år, som er heller høg alder i ishavssamanheng, skulle saman med meg passe på eit løgje og prøve å rette på det. Vi stod klar og fylgde nøye med sjøane, og då eg meinte eg såg ein sjanse la eg i veg akterover. Det gjekk fint, men kameraten fekk kalde føter og kom ikkje, so eg vart åleine. Eg fekk då likevel gjort jobben, og det gjekk godt, eg vart ikkje våt eingong, men eg var ikkje heilt blid på han som ikkje vart med.

Om det som foregjekk på havet omkring oss visste vi ikkje so mykje. Den som stod til rors høyrde nok litt om korrespondansen mellom skutene og om dei nordnorske skutene som hadde sendt nødsignal, men det var ikkje so svært mykje vi visste. Det var ikkje slik den tida at mannskapet kunne gå i styrehus og radiorom og høyre på alt som gjekk for seg. På ”Arktos” var der ellers opa bru, rormannen stod ute, bak han var den vesle bestikklugaren og radioromet, framfor han heilt i forkant av brua var ei rekkje vindusruter og det same var det på båe bruvingane. Midt under verste veret kom eit kjempebrott som slo inn rutene i forkant og rutene inn til bestikk/radio og radiosendaren fekk seg ein kraftig skyll, so den vart ubrukeleg. Det var då skipperen skrudde den ned og tok den ned i salongen, der han tørka og pussa den og fekk den til å verke att. Dei andre skutene hadde då kalla på oss med korte mellomrom utan å få svar, og dei var nok mykje redde for at vi var gått ned. Han var glad i målet, gamle Marø, då han omsider  fekk høyre Bernt svare og fekk vite at alt var vel. Han hadde to søner, ein svigerson og ein bror ombord i ”Arktos”.

Alle vart glade då vi fekk vite at mannskapet på ”Saltdalingen” og ”Isfjell” var berga, veret hadde nok gitt seg litt der med dei, men med oss som låg litt lenger aust var det framleis full storm. Etter kvart vart vi nok klar over at der ikkje lenger var von for mannskapet på ”Nyken”, og det gjekk nok sterkt inn på dei fleste. Då stormen endeleg gav seg, vart det konferert skutene imellom om ein skulle fortsette eller om ein skulle snu heimover. Eg kan hugse at skipperen kom fram i ruffen og spurde oss kva vi meinte, og svaret var einstemmig, vi ville fortsette. – Der var eit inntrykk eller bilde frå denne turen som sat lenge i meg, sjølv om det slett ikkje var nokon stor ting. – For å ha det litt lettvint med maten på overfarten hadde stuerten forsynt seg godt med fiskepudding til turen, og i grapseveret vart det mykje av det slaget til middag. Ikkje alle var so huga på mat i slingringa, og slaggrenna på rekka på midtskipet fekk derfor sin rikelege del av fiskepuddingen, slik at der heile tida var bruna fiskepudding klistra fast i slaggrestane i renna. Eg såg på dette kvar gong eg gjekk forbi eller dumpa slagg, og sjølv om eg tenkte lite på det rett då, so vart det slik at det gjekk fleire år før eg åt bruna fiskepudding etter denne turen. – Eit anna inntrykk som eg og hugsar hadde direkte med vind og sjø å gjere. Ein merka det best når ein stod til rors på brua. Når skuta var på toppen av ein sjø fekk ein vinden med full styrke, og det ulte og peip og kvein so ein kunne ikkje høyre mannemål, når ho so stupte ned i båredalen, vart det brått mesta heilt stilt i le av neste kjempesjø. Medan ho no låg i stup nedover, såg ein i mørkret det kvite brotet på toppen av neste sjø i lyset av topplanterna og høgt over denne. Det verka nokså skræmande, då det kunne sjå ut som sjøen var høgare enn mastra. Dette er ellers noko som eg har sett på mange, mange gonger seinare når det har vore “storver”.

Då veret tok til å spakne litt, var det fyrste vi måtte gjere å fylle etter kol i baksane. Vi hadde kol i bulk i akterromet, og vi la ut trillebane frå midtskipsoppbygget og bakover til tvers av akterluka og nytta ei trillebåre. I den kraftige slingringa var det ikkje so heilt liketil, men det gjekk då av seg utan større uhell. Når vi no fekk gå rundt og inspisere, fann vi at vi hadde kome utruleg fint frå uveret. Noko av skansekledninga på fordekket var vekk og eit par dører midtskips var knuste til pinneved, men minste skaden var den som skapte mest trøbbel, nemleg lysventilen i forkant av kolbaksen som vart innslegen og som gjorde at vatnet vaska mengdevis av småkol i skutebotnen, som skapte alvorlege vanskar for lensesystemet. Etter at vi kom i isen, fann vi at eit par ishudplankar på styrbord side var vekk, men alt i alt var det berre småtteri som lett kunne utbetrast.

Då vi kom i isen, møttest vi tre sunnmørsskutene og mannskapet frå ”Saltdalingen” vart fordelt på alle skutene. Vi hadde dei ombord til vi var ferdige md ungselfangsten.Vi tok då med heile mannskapet inn til St. Johns då vi gjekk inn for å bunkre kol. – Både for meg og dei fleste av dei andre var dette fyrste turen til utanlandsk hamn, so alt var nytt og spennande. Det låg heilt klart i dagen at her var dårlege tider og mykje fatigdom og elendigheit. Fyrste dagen vi låg der sette vi i gang med å spekke. Det hadde vi sjølvsagt ikkje lov til, men det gjekk ein halv dags tid før vi vart stoppa, og i den tida stod der lange køar for å få tak i kjøtet vi skar av skinna. Sameleis når der skulle plukkast ut eit gjeng til å trimme kol under bunkringa. Der var hundrevis av menn som stod i kø og strakte hals i von om å få arbeid. Ein formann gjekk framfor flokken og peikte ut ein for ein dei som skulle få vere med, dei fleste måtte gå vonbrotne derfrå. Dei var dårleg kledde og hadde truleg ikkje so flust med mat heller. – Heile byen bar ellers preg av fatigdom og stagnasjon. – Før vi gjekk ut fekk vi med fersk proviant både til oss sjølve og dei andre skutene, og det kom vel med, for det vart ein lang tur.

Ungselfangsten var ikkje på det beste, ikkje på langt nær slik som ”Polarbjørn” og ”Polaris” hadde funne det året før, men ikkje so aller verst heller. Etter å ha spekka av tok vi til å jage etter gammelsel, og sjølv om vi ikkje kom bort i dei verkeleg store samlingane, so fekk vi då slag på han nokså jamnt, so det gjekk ikkje so verst. ”Polarbjørn” og ”Polaris” vart ferdiglasta og tok på heimveg, medan vi vart liggande eit par viker til. Det vart etter kvart nokså smått med proviant og bunkers, so vi måtte avslutte av den grunn. På heimturen åt vi mest selkjøt, berre av og til ein klippfiskmiddag. Verst var det at vi vart fri for mjøl, so det vart dårleg stell med brødmaten. Der hadde ikkje vore heilt trygt for rotter i proviantromet. Dei hadde skore sund mjølsekkar, so der låg ein god del mjøl på dørken. Dette vart no samla opp og sikta, men brøda vart lite skikka til folkemat, det vart helst deigklattar som eigna seg betre til å forme figurar av, og eg hugsar at der av og til var ei fin samling av ymse deigfigurar på bordet forut.

Eg hugsar ikkje so nøye kva tid vi kom inn til Ålesund, men vi var ferdiglossa nett til jonsok. So vidt eg kan hugse, lossa vi ca 8500 skinn og fekk ein lott på ca 750 kroner, som etter den tid ikkje var so aller verst. Det hadde vore ein tur med utruleg mykje arbeid, fangsting, spekking og ikkje minst koltrimming, vi hadde fare gjennom ca 600 tonn med kol, men eg hadde likt meg svært godt og var alt bestemt på at eg skulle i veg neste år, so sant ikkje noko kom i vegen.

 

LitteraturTrygve Nordanger: Dramaet i Nordatlanteren, polarmagasinet Isflaket.