Buskø

Eigar1925 A/S Jan Hess, Florvåg. (Jan Hess, J. Waage og Ingeborg Hess).
1933 A/S Buskø, Vartdal (Elling Aarseth, Paal Aarseth, Johannes Myklebust, Ingeborg Marie Hess, Johanne Marie Hess).
Reg. merkeH 23 A
M 17 VD
ByggeverftGravdal Skipsbyggeri, Opsanger
Byggeår1925
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår105 fot
Mål i lengde etter ombygging121 fot (1950)
Mål i breidde, byggeår22,7 fot
Mål i djupne, byggeår11 fot
Tonnasje158,04 brt
158,74 brt 1933
169 brt 1950
Maskin, orginaltDamp 140 hk, Mjellem & Karlsen, 1902 mod.
Maskin, nyCrossley 375 HK (1950)
SkipperarJohs Myklebust (1935)
Hans L. Sætre (1939)
Sverre Rudi
Arnulf Sandvik (1948)
Peter S. Liavåg (1952)
Monrad Pilskog
Ombyggingar VerftReparert i Risør 1946 etter omfattande skader under krigen.
”Buskø” fekk ny baug, nytt styrehus og ny maskin ved Bolsønes i 1950.
ForlistForliste i orkan i Vesterisen 1952
Utfyllande opplysningar

”Buskø” vart bygd av tre hos Hans Gravdal i Opsanger og levert i 1926. Som ny hadde skuta måla 105 fot / 159 brt og fekk innsett ein dampmaskin på 140 hestekrefter. Maskinen var bygd av Mjellem og Karlsen i Bergen i 1902. Den hadde tidlegare stått i Jan Hess sitt fartøy ”Storeggen”. ”Buskø” vart levert til A/S Jan Hess, Florvåg/Buskøy. Tilknytinga til Buskøya i ytre Sogn er bakgrunnen for namnet på skuta. ”Buskø” vart registrert i Askøy og fekk fiskerimerket H 23 A.
I 1933 vart skuta seld til Elling og Paal Aarseth m. fl. i Vartdal. ”Buskø” fekk då fiskerimerket M 17 VD. I tillegg til fangst og fiske utførte ”Buskø” også fleire ekspedisjonsoppdrag for Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser. Skipperar i Vartdal-tida var m.a. Johannes Myklebust, Hans L. Sætre, Arnolf Sandvik, Sverre Rudi og Monrad Pilskog.

I juli 1935 gjekk “Buskø” til Nordaust-Grønland med overvintrarar til dei norske fangsthyttene. De var vanskelege isforhold denne sommaren, og skuta kom seg ikkje inn til kysten dei første vekene. På grunn av dette gjekk “Veslekari” frå Svalbard 18. august for å ta over, men før dei kjem fram har “Buskø” den 22. august klart å kome seg inn til Kapp Herchel og lossar her utstyr til Suløya Grønlands ekspedisjon og til Arktisk Næringsdrift.

24. august fekk “Buskø” eit telegram frå kapteinen på det danske inspeksjonsskipet “Godthåp” med oppmoding om å gå til Sandodden med telegram til dei danske overvintrarane der. Seinare på dagen kjem eit nytt telegram med spørsmål om å gå til Kapp Berlin og berge fire mann som låg der i ein open båt utan olje og proviant. To av dei var i tillegg sjuke. Skuta måtte bryte av dei andre gjeremåla og gjekk til Sandodden og leverte telegram, og stakk så kursen ut mot Kapp Berlin, via Kapp Herchel. Dagen etter kom det storm, og då skuta endeleg var komne til Kapp Herchel, var isen så tettpakka av stormen at det var uråd å kome seg vidare. Det var open sjø tett langs med land, men det var for grundt til at skuta kunne gå der. Dei prøvde så med småbåt frå kapp Herchell, men denne måtte snu i stormen.

27. august vart ein dorry frå “Buskø” sendt av stad. Etter 17 timar kom dei attende med dei fire danskane som vart sette i land på Eskimones og Sandodden. Men no hadde det blitt så seint på året at det ikkje lenger vart råd å besøke dei sørlegaste stasjonane slik planen var. “Buskø” måtte losse utstyret til desse i Loch Fyne. Skuta var så tilbake på Eskimones og henta to av dei berga danskane før “Buskø” måtte sette kursen heimover 6. september. Dei som berga danskane var fangstmennene Herman Andresen, Johan Johansen og Finn Framnes-Hansen, i tillegg til førsteskyttar Sverre Moldskred frå “Buskø”. Dei fekk frå den danske stat kvar sitt sølvbeger som takk.

Under fangst i Kvitsjøen i 1936 bergar “Buskø” mannskapet på “Husvika” som forliste 7. mars.

I april 1940 var ”Buskø” i Vestisen på fangst. Etter at Noreg var okkupert av tyske styrkar, gjekk ”Buskø” saman med ein del andre sunnmørsskuter om Svalbard til Tromsø. Der vart dei liggjande til kampane i Nord-Noreg var over. Då gjekk dei i lag heim til Sunnmøre. Året etter var ”Buskø” på eit ekspedisjonsoppdrag til Nordaust-Grønland. Der vart skuta oppbrakt av eit amerikansk marinefartøy og teka med til Amerika. Skuta vart verande i Amerika resten av krigstida. I september 1945 skulle skuta gå heim til Noreg, men kort tid etter avgang vart det havari og skuta måtte attende til St. John’s der ho vart reparert. Difor kom den ikkje heim før sommaren 1946.

”Buskø” var i heller dårleg forfatning då ho kom heim til Noreg etter krigen, og gjekk til Risør for oppattbygging. I første åra etter krigen måtte ishavsflåten byggjast opp igjen etter slitasje og forlis under krigen. I desse åra kom også den store utskiftinga av dampmaskinane.

Mange av skutene fekk innsett britiske minesveiparmotorar av fabrikatet Crossley, – militært overskotsmateriell som vart selt til sivile formål. ”Buskø” fekk ny baug, nytt styrehus og ny maskin – ein Crossley diesel på 375 hk – ved Bolsønes i 1950. Etter ombygginga vart måla oppgjevne til 121 fot / 169 brt. ”Buskø” gjekk altså gjennom ei større ombygging og modernisering kort tid før ulykka i 1952.

På ulykkesturen var Petter Liavåg skipper og Karsten L. Brandal førsteskyttar. Ved forliset omkom elles: Hjalmar Bjellvåg, Odd Bjørndal, Edvin Folland, Ole Folland, Ragnvald Færø, Kjell Hansen, Sigurd Liavåg, Arne Moldskred, Elling Myklebust, Gisle Myklebust, Harald Normann Næs, Jarle Romestrand, Alf Solheim, Olav Solheim, Johan Sætre, Hjalmar Tøssebro, Hans Ødegård og Leiv Aarseth.
Gjennomsnittsalderen for mannskapet som omkom var om lag 32 år. Andreskyttar Leiv Aarseth var bror til reiarane Elling og Paal Aarseth.

Meir om ulykka i 1952 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/fem-skuter-forsvann-sporlaust-78-mann-omkom/

LitteraturJohan Ottesen: Ishavsskuter III Magnus Sefland artikkel i Isflaket 2003