Floren

Eigar1908 Hans Koppernæs, Ålesund og Severin Liavåg, Brandal
1910 Hans Koppernæs, Ålesund og Gurine Liavåg (enkja etter Severin)
1911 Hans Koppernæs, Peter M.P. Brandal og Johs. P.P. Brandal
Fartytypeseglskute
Reg. merkeM 124 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger
Byggeår1908
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår57,1 fot
Mål i lengde etter ombygging83,7 fot 1912
Mål i breidde, byggeår18,5 fot
Mål i breidde etter ombygging18,6 fot 1912
Mål i djupne, byggeår8,5 fot
Tonnasje37,45 brt 1908
71,45 brt 1912
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1912 Liaaen MV 2 syl comp. 50 ihk
SkipperarSeverin Liavåg (1908)
Adolf Brandal (1909)
Peter M.P. Brandal (1910-1915)
Andreas Røren (1916)
Isak Notø (1917)
Alfred Hansen (1918)
J. Lynge (1919)
J. Tynes (1920)
Rasmus Festø (1922-1923)
Martin Berg
Ombyggingar Verft1912 forlengd og innsett motor
ForlistForliste 14. juli 1924 i Stredet
Utfyllande opplysningar

“Floren” var nybygd då ho la ut på overvintringsekspedisjon til Nordaust-Grønland 1908/09. Mannskap:

Severin Liavåg, Hjørungavåg, skipper og partsreiar

Adolf Brandal, Brandal, skyttar

Peder E.P. Brandal, Brandal, fangstmann

Mathias L. Hjellevold, Borge i Lofoten, fangstmann

Johannes Dreyer Larsen, Helgeland, fangstmann

Baard J. Berge, Sogn, fangstmann

Johan A. Hareide, Leines ved Bodø, fangstmann

Severin Liavåg og Johan A. Hareide omkom ved drukning under isbjørnjakt på sjøisen 12. mai 1909.

Då Floren” kom til Ålesund i slutten av august 1909, var tilfeldigvis Fridtjof Nansen med “Veslemøy” til stades. Han var ombord i skuta på eit besøk.

Dei hadde ein fangst til ein verdi av 4.000,- som besto av 20 kvitrev, 12 blårev, 28 isbjørn og 3 ulv.

I 1908 då dei kom fram til Grønland var planen å sette skuta på land for vinteren på Kvalrossøya, Dette lukkast dei ikkje med, og den vart lagt i vinteropplag i ei lita vik vest for Germaniahamn på Sabineøya. Meir om ekspedisjonen her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/den-forste-norske-overvintringsekspedisjon-pa-nordaust-gronland/

1911 var “Floren” på torskefiske i februar og mars og gjekk i april på ishavet med Peter M.P. Brandal som ny medeigar og skipper. Fangst omkrig 700 dyr.

I Vesterisen i april 1913 måtte “Floren” avbryte etter 10 døgn i isen då propellakslingen brotna. Dei hadde då med heim mannskapet på “John” som hadde forlist.

I 1912 går “Floren” på ishavet 20. mars. Fekk 1400 sel, og var heime 2. mai og går no til Vesterisen. Last i juni og kjem heim 12. juli. Lossa og går deretter på sildefiske ved Island.

I 1918 måtte “Floren” segle heim då dei miste propellen.

I 1924 er “Floren” på fangst i Stretet. 10. juli ligg “Floren” eit stykke inn i isen oghar ein fangst på 870 sel inne. Vinden friskna på til storm, og ispresset vart stadig sterkare. Natta til den 14. juli vart presset så pass stort at skuta vart skrua opp og byrja ta inn vatn akterut. Skipshuda hadde losna frå stilken ein fot under vasslinja, og i løpet av ein time stod vatnet over alle dørkar sjølv om alle pumper gjekk. På kvelden hadde vatnet stege til midt opp på kjelen, og det var nyttelaust å gjere meir for å berge skuta, og mannskapet gjekk på isen. Klokka 21 sokk “Floren” i posisjon 65.30 nord og 35,45 vest. Mannskapet drog med seg ein av fangstbåtane utover mot iskanten, omlag 8 sjømil unna. Etter ein tur over isen i 18 timar kom dei til iskanten og mannskapet på 12 vart tekne ombord i “Isblomsten”

LitteraturDagbok etter Adolf Brandal, Isflaket, Hareid Historielag årsskrift.