Hercules II

Eigar1913 A/S Elf, Kristiania (kammerherre Haakon Mathisen, direktør Arne Christensen og direktør Severin Th. Sverre)
1916 A/S Aalesunds Fangst og Fiske Co, Ålesund (S. Th. Sverre)
(A/S Elf og A/S Aalesunds Fangst og Fiske Co. fusjonerte i 1918)
Fartytypekutter
HeimehamnÅlesund
ByggeverftH. Gravdal, Opsanger
Byggpriskr. 165.- pr. tonn
Byggeår1912/13
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår98,2 fot
Mål i breidde, byggeår21,4 fot
Mål i djupne, byggeår10,1 fot
Tonnasje143,7 brt
147 brt etter ombygg
Maskin, orginalt Trondhjems mek verksted (1904 mod) 2 syl. comp. 115 ihk
SkipperarKnut Olsen (1913-1917, skipper på ulykkesturen i 1917)
ForlistForliste i 1917
Utfyllande opplysningar

Bygginga starta i juli 1912, og første tur på ishavet var i 1913.

I 1914 hadde dei ein fangst frå ishavet med 225 kvalross, 200 klappmyss, 1 levande og 21 skotne isbjørn, pluss ein del tønner med laks. Det var også meininga på denne turen og fortsette med fangst av kvitfisk, men då dei byrja gå lens for kol måtte dei avslutte turen å gå heim.

Forsvann sporlaust i ulykkesåret 1917 med 14 mann om bord. Les om katastrofen i 1917 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/

4. april gjekk «Hercules II» ut frå Ålesund. Dette var tredje året skuta skulle på kvalrossfangst ved Vest-Grønland. Etter at den forlet norskekysten er det ingen som veit meir om kvar den vart av eller kvar den kan ha forlist. Skipperen hadde opplyst før avgang at dei rekna med å vere heime i midten av september, men at det kunne verte oktober. Men då det vart november utan at dei var komne heim byrja ein å frykte den kunne ha forlist. Frå skipskontrollen var det sagt at båten var særdeles sterk og godt bygd, og med eit «prægtig maskineri». Dei utelukka at «Hercules II» kunne ha forlist i open sjø. I fall skuta hadde gått under, måtte dette ha skjedd på grunn av samanstøyt med isfjell, eller at skipet hadde gått på ei mine. Ei anna årsak kunne vere grunnstøyting eller isskruing.

Dei 14 som kom vekk med Admiralen var: Knut Olsen, Ålesund, Christian Tonning, Larvik, Peter B. Knutsen, Bergen, Peter Hagen, Johannes Larsen, Mosjøen, Joakim Molvær, Ålesund, Johan Follestad, Ålesund, Lars Fylling, Ålesund, Oscar Olsen, Østersund, Per Fiskå, Ålesund, Daniel Bjerknes, Ålesund, Johan Lervåg, Nordland, Dankert Sylte, Ålesund og Abel Larsen, Ålesund.

Loggboka til «Hercules II»

Der var lite spor etter forlisa i 1917. Ein fangstbåt vart funnen. Men med så mange skuter skulle der vere så mykje meir.

Frå «Hercules II» som gjekk frå Ålesund med kurs for Grønland vart det og funnen ein gjenstand.

Det var skipperen på «Hercules II», Knut Olsen, som så gjerne ville sende ei helsing heim til kona si før han sokk i havet. Ja, så sterkt ville han det at helsinga kom fram, sjølv om det skulle gå nesten 30 år, og  med hjelp av alle verdens gode makter.

Det hadde seg slik at når «Hercules II» sokk i havet, så flaut skipsjournalen opp. Ein slik journal ligg vanleg vis i ei skuff i ein kommode, men denne gangen så flotna altså journalen opp etter forliset og vart liggande og drive i sjøen.

Lenge etterpå var det at ein Færøyisk fiskar fann journalen flytande i sjøen og tok den med heim. Då hadde denne journalen lege så lenge i sjøen at all skrift var uleseleg. Men denne fiskaren tok vare på denne journalen. Uvist kvifor, teksta var uleseleg.

Og så kom vi fram til 1940. Då var det ein båt som heite «Silva» som ville røme frå den tyske okkupasjons makta her. Den kom til Brandal og leigde ein skipper herifrå, Bertel Landmark.

Han var bror til enka etter den skipperen som gjekk i havet i 1917.

«Silva» gjekk til Thorshamn og vart verande der desse fem krigsåra.

På ein eller annan måte så fekk denne skipperen, Bertel Landmark, greie på at her var ein gammal fiskar som skulle ha skips journalen etter «Hercules II». Han fann fatt i fiskaren, og fekk overlevert journalen for å ta den med heim til enka til skipper Knut Olsen, som då var søster til Bertel Landmark

Men så viser det seg at Bertel blir sjuk, han blir innlagt på sjukehus i Thorshamn og døyr seinare der.

Skulle journalen likevel bli verande der?

Nei, skjebnen slår til igjen. 3 av Brandals skutene blir verande i Hallifax heile krigen. Desse er no på heimtur. Dei får storm i Atlanteren, og brukar meir bunkers enn planlagt. Dei må inn til Færøyane for å bunkre.

Her får ein av desse skipperane, Knut Olsen, som er son av den Knut Olsen som gjekk i havet i 1917, greie på at onkelen hans, Bertel, ligg på sjukehus her og går for å besøke han.

Her får han overlevert skips journalen frå «Hercules II», og tek han med heim til mor si.

28 år etter forliset kom helsinga fram.

****

Då journalen til «Hercules II» vart funnen på Færøyane kan det vere ein teori at Hercules har forlist nær Færøyane og ikkje i storstormen i Vestisen. Kunne det likevel vere hald i rykta om minesprenging?

Mange familiar vart sterkt råka av katastrofen i 1917. Ole og Godtfred Brandal var to brør som kom vekk i stormen.

Andrea Olsen, født Landmark, satt igjen med 7 born i alderen 12 år til 3 månadar etter at Knut kom vekk på «Hercules II». Bror til Knut, Oluf, døde same året. Ein tredje bror, Theodor kom vekk med «Kviteggen» tre år seinare. Heller ikkje der fann dei noko spor i ettertid.