Kap Flora I

Andre namnBonus (1918) Stormfuglen (1918)
Eigar1917 A/S Trondhjems Havfiske, Trondheim
1924 Den norske handelsbank
1924 Andreas Halstensen, Olai L. Aarland og Johannes Aarland, Bekkjarvik, Austvoll
1928 A/S Kap Flora I v/Erik Svendsen, Peder Andresen og Paul Lillenes, Kjellsund, Gurskøy
FartytypeSelfangar
Reg. merkeST 29 T
H 82 FJ
M 66 HØ
HeimehamnHerøy
ByggeverftHans Gravdal skipsbyggeri, Opsanger, bygg nr. 214
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår95,7 fot
Mål i breidde, byggeår21,4 fot
Mål i djupne, byggeår10,5 fot
Tonnasje119,26 brt
Maskin, orginalt2 syl J.V Svensson (Avance) 120 bhk
SkipperarElias Stokke
Peder Andresen (1928-1930)
Tidlegare namn"Stormfuglen"
ForlistForliste i Kvitsjøen 6. april 1930
Utfyllande opplysningar

Bygd som fiskebåt under namnet “Stormfuglen”. Var av dei første som gjekk til Vest-Grønland på fiske etter torsk og kveite i 1924.

Skuta vert ombygd til å drive selfangst i 1928, og får no namnet “Kap Flora 1”.

I 1929 er “Kap Flora1” og “Sælbarden” på levande fangst av moskus ved Loch Fyne på Nordaust-Grønland. Dyra dei fanga her vart sette ut på Svalbard. Meir om levande fangst av moskus her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/moskus-fra-gronland/

Under fangst i Kvitsjøen i 1930 går dei seg 6. april fast i isen, men etter ei tid opnar isen seg att og dei fortset på same kurs. Men om morgonen i 05.30 tida køyrer dei seg faste mellom to isflak. I eit forsøk på å bauge seg vidare høyrer dei eit unormalt brak. Det viser seg at delar av ishuda har forsvunne, og dei ser også at babord side har fått seg ein knekk frå riggen og akterover i ei lengd av 20 fot. Lensepumpene vert straks sette i gong, men dei innser snart at skuta må forlatast då vatnet stig for fort. “Enos” er i nærleiken og vert tilkalla for assistanse. Mannskapet greier å berge noko proviant og ein del utstyr, men i 08-tida må dei avslutte lensinga då vatnet har kome opp på maskina. “Sælbarden” kjem også til for å assistere. Etter nok ein time må dei forlate skuta som no snart er full av vatn, men isen pressar saman så den heng enno ei stund. Ut på ettermiddagen sokk skuta med ein fangst av 1600 sel ombord. “Enos” hadde då berga omlag 800 sel så totalen var 2400.