Sælbarden

Eigar1917 A/S Sælbarden (Erik Svendsen og Paul Lillenes)
1924 A/S Sælbarden, Ålesund (Erik Svendsen, Paul Lillenes og R. Jacobsen)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 77 HØ
HeimehamnTjørvåg
ByggeverftGunvald Ottesen, Sagvåg, Stord
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår95,65 fot
Mål i breidde, byggeår21,1 fot
Mål i djupne, byggeår10,4 fot
Tonnasje133,79 brt 1917
Maskin, orginaltPorsgrund MV 2 syl. 120 hk (mod 1909, flytta frå Bos" til "Sælbarden""
SkipperarPaul Lillenes (1917-1927)
Ingebrigt Follestad (1925)
Ombyggingar Verft1923 ombygg
ForlistForliste i Kvitsjøen 4. april 1927
Utfyllande opplysningar

Etter selfangsten i Stetet i 1922 dreiv «Kap Flora» og «Sælbarden» samfangst på levande moskus og isbjørn på Aust-Grønland. Dei kom heim med 13 levande moskus. Også dei komande åra hadde dei med heim levande moskus. Dei vart selde til dyrehagar i Europa, og nokre vart prøvd sette ut på ulike stadar i Noreg. Les meir om innførsel og sal av moskus frå Grønland her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/moskus-fra-gronland/

I 1927 er «Sælbarden» på fangst i Kvitsjøen, og til søndag 27. mars hadde dei fangsta 2917 sel. Men før dei kom seg på isen 28. mars byrjar isen og skrue, og brått byrjar skuta å ta inn vatn. Alle pumper vart sette i gong, men vanet steig raskare enn dei klarte å pumpe. Det vart kasta overbord omlag 500 hl kol og 400 selskinn for å prøve lette skuta. Utover natta klarte dei å få minska vasstanden, men så oppdaga dei at roret var borte og rorstilken avbroten. Mannskapet vart sette til å lage eit nytt ror, eit naudror som kunne hjelpe dei ut av isen. Dei komande dagane ligg dei mykje faste i iskruing, men inn i mellom slakkar isen så pass at dei klarer avansere litt før dei igjen vert faste. Skuta vert meir og meir skada for kvar dag som går, og det er ikkje enkelt å manøvrere med naudroret. 2. april kjem ishavsskuta «Istind» mot «Sælbarden» sin posisjon, skipper Isak Remø. Remø og Lillenes konfererar. Remø vil ikkje slepe «Sælbarden» då han meinar at skuta er alt for dårleg til å kunne flyte til land. Dermed hadde dei ikkje anna val enn å forlate «Sælbarden» og gå ombord i «Istind». Klokka 16.30 den 4. april sokk «Sælbarden» med 2917 sel ombord i posisjon 67.32 nord og 0.43 aust.