Selfisk
Eigar | P/R Selfisk, Tromsø (Kåre Pedersen og kona Margit Grau Pedersen) |
Reg. merke | T-31-T |
Heimehamn | Tromsø |
Byggeverft | Gravdal Skipsbyggeri, Sunde, bygg nr. 329 |
Byggeår | 1949 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 87,7 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 91,5 fot |
Mål i breidde, byggeår | 22,6 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10,8 fot |
Tonnasje | 135,06 brt 1949 |
Maskin, orginalt | Atlas Polar 215 hk |
Maskin, ny | 1956 Wichmann 4 syl. 320/400 hk |
Skipperar | Kåre Pedersen (1949-1952) |
Forlist | Forliste i Vestisen 7. april 1959 |
Utfyllande opplysningar | «Selfisk» gjorde sin første tur på selfangst i 1949 til Vesterisen. Dei leverte 2200 sel til ein verdi av 170.000,-, og dei går også ein andre tur til Vesterisen/Nordisen og kjem heim 7. august med 1000 sel og 2 isbjørn. Året etter fanga dei til ein verdi av kr. 215.000,- i Vesterisen. Men 1. april 1951 får dei problem under fangst i Vesterisen. Skuta går i spreidd is då dei stoppa på for å ta eit einsleg dyr på eit flak. Med baugen mot isflaket sette dei maskina akterover. Men det kjem eit dunk gjennom skuta og motoren stoppa. Det hadde lagt seg ein is mellom propellen og stilken. Etter å ha sjekka ut saka viser det seg at propellakslingen er broten og propellen er borte. Då dønningen er veksande og vinden aukande kunne dette raskt utvikle seg til å verte dramatisk, så ein valde å ta kontakt med «Polarsirkel» som kom til å slepa dei ut av isen og heim til Noreg. Dei hadde likevel ein fangst av 1990 sel om bord før skade oppstod. Under den dramatiske sesongen i Vesterisen i 1952 https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/fem-skuter-forsvann-sporlaust-78-mann-omkom/ har «Selfisk» problem med koplinga frå første dag. Fram til uveret kjem 2. april har det vore bra fangst. natt til 4. april ligg dei i eit fint avhald, men isen kjem stadig nærare i til dels stor fart. Samstundes fuskar maskina, og dei må slå stopp for å reparere. Etter fire timar med reperasjon har isen lagt seg tett rundt skuta, og ein tek til å sprengje med dynamitt kring «Selfisk». Dei har stadig kluss med maskina, og dei vågar difor ikkje å gå ut i ope hav. Dei har teke kontakt med andre skuter i området i fall dei må gje opp skuta. Seint på kveld får dei ein isfot under hekken som bryt av rorstamma og koplingsflensen. Men dei lukkast med å reparere så pass at roret kan nyttast med forsiktigheit. Men maskina kan berre gå framover. Dagen etter kjem orkanen over dei. Framkanten av egnarhuset vert slått inn. Ei rekkjestøtte og ein del rekkjebord blir knuste. Skuta isar ned, og mannskapet må vere i sving å banke is i orkanen. 6. april minkar vinden til mellom full storm og storm. Dei førebyr seg på å lense unna til Island. Dei stolar ikkje på styringssystemet og held seg difor i det vesle avhaldet dei har funne i isen. Men 8. april vert kursen sett mot Island der dei kjem fram same dag. Dei får reparert og er attende i Vesterisen klare for fangst 1. påskedag. 21. april kjem dei til land med 1200 sel. «Selfisk» greidde 10 sesongar på fangst i Vesterisen før det skulle gå gale. 7. april 1959 ligg skuta fast i isen i lag med «Norland 1». Ut på ettermiddagen opnar det seg ei lita smal renne, og dei planlegg å prøve seg i denne ut i open sjø. Men etter eit par timar er det stopp for «Selfisk» då dei møter eit belte med stor is. Dei legg seg til å vente på at isen skal opne seg, men i staden pressar isen brått saman kl. 17.30. Eit hjørne på ein storis hindrar skuta i å bli pressa opp slik ishavsskutene er bygde for. I løpet av 5 minutt er styrbord side midtskips trykt inn i 4 meters lengde. Dekket vert pressa opp, og mannsakpet får ordre om å føreby evakuering. Isen held fram med å presse på, og klokka 18.00 er også babord side trykt inn. Det er ikkje hjelp i å pumpe, alt 15 minutt etter at styrbord side er trykt inn står vatnet i skuta like høgt som havet på utsida. Dersom isen no slepp taket vil skuta søkke straks. Klokka 21.45 kjem isen på nytt i stort press og er nær ved å klippe skuta i to. Først vert akterskipet pressa under isen, og deretter framparten. Klokka 21.50 er vraket forsvunne i isen. Mannskapet på 16 går no over til «Nordland 1», dit dei siste kjem om bord kring midnatt.
|
Litteratur | Farstad: Mysteriet i Vestisen, https://www.ishavsmuseet.no/produkt/mysteriet-i-vestisen/ Når storstormen rasar, Ishavsmuseet, |