Signalhorn

Eigar1915 Peter S. Brandal
1925 Peter S. Brandal A/S, Brandal
1925 Søndmøre Selfangere A/S (Peter S. Brandal)
1932 Martin Karlsen, Brandal
1938 A/S Polarbjørn (Martin Karlsen m.fl.) Brandal
1968 Martin Karlsen A/S
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 9 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger
Byggeår1914
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår86,6 fot
Mål i lengde etter ombygging99,3 fot 1934 - 103,4 fot 1951
Mål i breidde, byggeår21,6 fot
Mål i breidde etter ombygging21,5 fot 1951
Mål i djupne, byggeår10,5 fot
Mål i djupne etter ombygging8,9 fot 1934 - 10,4 fot 1951
Tonnasje96,23 brt 1914
107,26 brt 1934
133,32 brt 1951
Maskin, orginaltBrunholmen MV 74 hk
Maskin, ny1934 Wichmann 150 hk - 1952 Crossley 450 hk (1950 mod) - 1974 Wichmann 600 hk (1962 mod)
SkipperarJohan P. Brandal (1914-1916)
Ole Eiken
Ole Rebbestad (1919-1922)
Hagerup Larsen (1931)
Sverre P. Brandal (1917-1918)
Bjørn Øvrelid (1923-1926)
Rolf Kvien (1927-1929)
Johan J. Vartdal (1930)
Peter Brandal
Sivert Engeset (1951
Peter Liavåg
Johannes Aksnes (1932-1957)
Bjarte Brandal (1953 og1954 og 1956-1969)
Karl Johan Brandal (1970)
Ingolf Røren (1971)
Bernt A. Brandal (1971-1977)
Johan Sætre (1978)
Ombyggingar Verft1934 forlengd og ombygd ved Hatløs Verksted, Ulsteinvik
1951 ombygd ved Kyrksæterøra, skuta får ei heilt ny form, ny baug
KondemnertKondemnert som ishavsskute 1979
Utfyllande opplysningar

Ishavsskuta ”Signalhorn” var bygd av tre ved Hans Gravdals båtbyggeri i Opsanger i Sunnhordaland i 1914. Skuta fekk namn etter eit fjell i reiaren Peter S. Brandal si heimbygd.

Ved bygginga fekk skuta desse måla: 86,6 fot lang, 21 fot breid og 8,8 fot djup. Det vart montert ein 2 sylindra compoundmaskin på 74 indikerte hestekrefter, bygd av Brunholmens mek. verksted i Ålesund. ”Signalhorn” var ein typisk representant for dei mange dampkutterane for ishavsdrift som vart bygde under første verdskrig.

”Signalhorn” høyrde heime i Brandal i rundt 65 år. Gjennom åra tilhøyrde ho fleire av dei ulike eigarselskapa som familieforetaket til Peter S. Brandal og Martin Karlsen disponerte. Då merkeregisteret for fiskefartøy vart innført i 1920, fekk ”Signalhorn” merket M 9 HD.

Då Peter S. Brandal og samarbeidspartnarane frå Ålesund i 1916 gjorde den første turen til Kongsfjorden på Svalbard for å finne ut om kolforekomstane der var drivverdige, var ”Signalhorn” eit av fartøya. Skipper var Johan P. Brandal. Denne turen var med på å leggje grunnlaget for gruvedrifta i Ny-Ålesund, eller Brandal City, som var første namnet på staden. Les meir om dette her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/brandal-city/

I 1926 er “Signalhorn” innregistrert med 1018 dyr, frå Grønland.

I 1928 etter fangst i Vesterisen og god fangst også i Danskestredet, går “Signalhorn” på leiting etter Roald Amundsen ved Franz Josefz Land. Rolf Kvien er skipper.

I 1931 er “Signalhorn” på vitskapleg ekspedisjon til Grønland. Skuta følger den antatte ruta som nordmenn brukte i historisk tid frå Noreg til Grønland og heim, via Island og Færøyene. Ein del av ekspedisjonen var å stadfeste dei gamle namn som ein finn i kjeldene. Skipper på turen var Peter S. Brandal jr., førstestyrmann var ishavsskipper Sivert Engseth og maskinist Olaf Henriksen. Alle bekrefta ein teori om at i klårver, så var det mulig å sjå både Island og Grønland frå Grønlandstredet. Dette hadde dei tidlegare opplevd under selfangst. På same tur er det også med ein 3 manns overvintringsekspedisjon leia av ishavsskipper Ole Mortensen frå Tromsø. Ekspedisjonen blei utrusta på Sunnmøre. Ekspedisjonen vart sett i land ved Lindenowfjorden

I 1934 går Signalhorn med Oxford-universitets ekspedisjon til Grønland. Ekspedisjonsleiar er Dr. Noel Humphreys, og ein av Sir Ernst Shackleton søner er med. Dei overvintra og hadde forskningsstasjon ved Ellesmere og Grant Land.

”Signalhorn” gjekk i den lange tida ho eksisterte gjennom fleire store ombyggingar. I dei seinare åra hadde ho ein rana baug, men hadde framleis kutterhekk. ”Signalhorn” var forholdsvis tidleg ute med å få skifta ut dampmaskinen. I 1934 vart den erstatta av ein Wichmann semidiesel på 150 hk. I 1952 fekk skuta montert ein Crossley diesel på 450 hk, og i 1974 vart denne igjen erstatta av ein Wichmann diesel på 600 hk.

Skuta var årvisst på fangstturar til Kvitsjøen, Vestisen og Danmarkstretet. I tillegg kom dei vanlegaste fiskeria ved norskekysten og ved Island.

Både i mellomkrigsåra og etter andre verdskrig vart ”Signalhorn” brukt som ekspedisjonsskip for ei rekkje ulike ekspedisjonar til arktiske strøk, m.a. fleire britiske ekspedisjonar til Grønland og Jan Mayen. Skuta var m.a. ekspedisjonsskip for ein ekspedisjon til Jan Mayen for universitetet i London i 1961. Skipper var Bjarte Brandal. Elles var ”Signalhorn” på oljeleiting på Svalbard for oljeselskapet Caltex i både 1960 og 1970 åra, blant mykje anna.

For ei skute som vart såpass gammal vart lista over skipperar som stod om bord nokså lang og inneheld mange solide skippernamn. To av dei er nemnde ovanfor. Den skipperen som vart nærast knytt til ”Signalhorn” var truleg Johannes Aksnes, dalsfjordingen som var busett å Nordmøre. Då ”Signalhorn” vart kondemnert som ishavsskute i 1979, hadde ho desse måla: 103,3 fot lang, 21,6 breid, 10,5 djup og 133,3 brt. Skuta vart seld til interessentar i Risør, som var interessert i den ”nye” hovudmotoren. Etter at motoren og anna utstyr vart fjerna, vart ”Signalhorn” senka i nærleiken av Risør.

LitteraturJohan Ottesen: Ishavsskuter Isflaket, fleire utgåver