Sleipner

Eigar1893 Jonas Fuglevik, Ålesund
1903 H. W. Sundt, Oslo (Sverre Sundt)
1905 Arne Christensen, Fredrikstad
1907 A/S Elf (S. Th. Sverre), Oslo
1910 Peder Pedersen m.fl., Tromsøysund
1917 Sigurd Tõllefsen, Tromsø
1924 Erik Thyholdt, Tromsø
1925 Bjarne Hoel, Karlsøy
Fartytypekutter/galeas
Reg. merkeT 73 K (1925)
HeimehamnÅlesund - Oslo - Karlsøy
ByggeverftMehus i Skånevik
Byggeår1893
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår56 fot
Mål i breidde, byggeår18,5 fot
Mål i djupne, byggeår7,5 fot
Tonnasje37 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1907 Dan 14 hk1917 Bolinder 30 hk
SkipperarJonas Fuglevik (1893-1902)
Johan Olsen (1903-1905)
Alfred Zahl (1906-1907)
Isak Notø (1908-1910)
ForlistForliste ved Svalbard 3. juni 1926
Utfyllande opplysningar

Som ny var skøyta brukt til makrellfiske og finnmarksfiske.

Saman med “Minna” og “Nils Liaaen” første skute frå Sunnmøre på selfangst i 1898. Meir om oppstarten av sunnmørsk selfangst her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/far-og-son-brandal-starta-selfangsten-fra-sunnmore/

Berga mannskapet på Mikal Landmarks “Norrøna” i 1901 då den forliste ved Grønlandskysten.

Den unge eventyraren H.W. Sundt frå Oslo hadde betalt seg med “Minna” som turist på fangst i 1902. Dette gav meirsmak og i 1903 kjøper han “Sleipner” og rustar den ut for sportsjakt og fangst ved Grønland. Mannskapet denne første turen er stort sett frå Brandal. Fangsten denne første “eventyrturen” var 1100 sel og 4 levande og 36 døde isbjørn. Sundt var strålande fornøgd med første turen: “En meget god tur med udmærket god jakt. Sådanne Grønlandsfærder kan være noget for vore sportsmænd. Det er noget ganske andet end ved hjælp av en god hund at få livet af et par rypekyllinger så at sige udenfor stuedøren”.

Forliste ved Biscayerhuken på Svalbard 3. juni 1926 etter isskruing. Etter ein hard månad i fangstbåt og diverse fangsthytter vart mannskapet teke opp av “Jan Mayen” og brakt til Ny-Ålesund. Dei får skyss heim til Noreg med ein lastebåt.

 

LitteraturVollan: Ishavsfart