Ungsel

Eigar1950 Abel Halvor Bartholdsen, Talvik, Alta
FartytypeSelfangar
Reg. merkeF-114-T (1950)
HeimehamnTalvik
ByggeverftSolstads Båtbyggeri, Risør, bygg nr. 25
Byggeår1950
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår66,9 fot
Mål i breidde, byggeår21,4 fot
Mål i djupne, byggeår8,7 fot
Tonnasje70,65 brt 1950
Maskin, orginaltUnion 2 syl 100 hk
SkipperarAbel Bartholdsen (1950-1952)
ForlistForliste 22. mai 1952 ved Bjørnøya
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i Austisen 1950, og kom heim med ein fangst på 564 sel.

Under påskeorkanen i Vesterisen 1952, les meir her:, https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/fem-skuter-forsvann-sporlaust-78-mann-omkom/  heldt også «Ungsel» på å havarere. «Ungsel» vart av stormen ført sørover. Etter å ha kjempa seg ut av isen kom dei ut i høg sjø der storparten av reservelager for proviant og olje vart skylde på havet. Dei ville då freiste å kome seg inn til Island. Etter ei hard tørn over havet får dei maskinskade ved innløpet til Skagafjord, men dei lukkast med å få i gang igjen maskinen i isiste liten og kom seg velberga inn til hamn. Så langt hadde dei ein fangst av 600 sel inne. Skipperen meinte dette var lite å kome heim med, og gjekk tilbake til Vesterisen når veret løya. Dei fanga litt til, og hadde 910 sel inne då dei bestemte seg for å gå heim.

På heimturen la dei kursen innom Bjørnøya der dei kom 21. mai. Dei gjekk vidare om kvelden 21. mai, men rett før midnatt oppdaga dei ein stor lekkasje. Lekkasjen viste seg å vere for stor til at lensepumpene deira ikkje heldt unna. Etter ei tid stoppa maskina. Skuta var no 9 nautiske mil sør for Bjørnøya. Ein fekk kontakt med «Brødrenes Prøve» og «Hammerfjord» som begge sette kursen mot «Ungsel». Nokre av mannskapet til «Ungsel» vart sende i båtane med ein gong, og klokka 01.40 den 22. mai gjekk resten av mannskapet også i båtane og berre minuttar seinare sokk «Ungsel». Etter omlag ein time i båtane vart mannskapet på 13 plukka opp av «Brødrenes Prøve» og «Hammerfjord» og sett i land på Bjørnøya. Her vart dei seinare plukka opp avredningsskøyta «J.M. Johansen» og frakta til Hammerfest.