Då Martin Karlsen og Kristoffer Marø bestilte den nye skuta i Skottland, meinte dei at dei hadde funne eit feiande flott namn: Polarfart. Dei oppretta også eit selskap med same namn som skulle eige skuta. Men det var nok ein og annan verftsarbeidar som drog på smilebandet der dei måla namnet på skutesida.
Det har vore drive fangst av sel langs kysten vår i fleire tusen år. Selen var lett å fange og gav mykje næringsrik mat til eit veksande kystfolk, sjølv om det truleg var feittet som var det viktigaste, også den tida.
1898 vart eit merkeår for fiskarane frå Sunnmøre. Severin Brandal, far til Peter S. Brandal, gjekk i brodden for å få i stand selfangst frå Sunnmøre. Begge karane hadde under torskefiske på Finnmarka alt i fleire år merka seg at skøytene der kom inn lasta med skinn og spekk frå sel.