Vrakfunn av ishavsskute

«Kan ein islandsk trålar ha funne restar/spor etter dei forsvunne ishavsskutene frå 1952?»

Ishavsmuseet Aarvak – Ved Johannes Bjarne Alme

Helga 7-8 oktober fekk den islandske trålaren «Videy» delar frå ei selfangstskute i trålen.

Dagen etter fekk Ishavsmuseet Aarvak telefon og epost frå Island vedkomande trålaren «Videy» sitt funn.

Dette kan vere delar av skutesida på ei av dei fem selfangstskutene som forsvann sporlaust i 1952 i Vesterisen mellom Island og Grønland. Alle Foto frå: Gisli Snæbjörnsson

Funnet vart i følgje skipper Jon Frimann Eirikson gjort på om lag 66 grader N midt i mellom Island og Grønland, på ca. 370 meter djup. Det var vrakrestar, skuteside, eit ratt, ein dørkrok og ein god del selskinn. Desse skinna var i følgje skipperen (og bilda) av Klappmyss. Skinna var med spekk. Det var nærliggande å tru at dette er ei av dei mellom 20 og 30 norske skutene som forliste under sommarfangst i Danmarkstredet første halvdel av 1900-talet.

Selskinn som har lagt på havbotnen i mange tiår, skulle ein tru ville vere etne opp av mikroorganismar,  botndyr, håkjerring og liknande. Det stemmer ikkje i dette tilfellet. Skinna ser heile og fine ut og godt med spekk på, men dei lukta retteleg ille, sa skipperen.

Det er grunn til å tru at har skinna lagt godt platta nedst i eit lasterom eller aller helst i ein spekktank, og heller ikkje vorte rive utover når skuta trefte havbotnen, altså godt konservert.

Dei forliste skutene som fangsta i Danmarkstredet som vi har posisjon til, ligg eit godt stykke frå funnområdet. Alle ligg nærmare Grønland enn funnstaden.

Siste norske skute som forliste på fangst i Danmarkstredet var i 1935. Den tida spekka alle skutene på feltet. Det er altså mindre truleg at dette er funn frå skute som fangsta i Danmarkstredet.

Det var i påska i 1952 fangstskutene i Vestisen vart overraska av kraftig uver. Ishavsskutene «Buskø», «Pels», «Brattind», «Ringsel» og «Vårglimt» forsvann sporlaust. Desse fem skutene låg lengst vest i Vestisen og fangsta på klappmyss/blueback når uveret kom. Trass i leiting med skip og fly, vart det i praksis ikkje gjort funn som kunne kaste lys over tragedien. Fem skuter med 78 mann var for alltid borte. 98 umyndige born hadde missa far sin, og 46 koner hadde vorte enkjer.

Skinn av klappmyss med spekk på

Skinna som «Videy» fekk opp var av Klappmyss. Dette er arten det vart fangsta på i Danmarkstredet. Det er også arten som dei fem skutene lengst vest i 1952 fangsta på fram til stormen avslutta fangsten 3. april.

Årsaka til ein ser mot Vestisen og 1952 ulykka, er dei uspekka klappmysskinna, og posisjonen langt vest. Under vinterfangsten i Vesterisen, vart ikkje skinna spekka på feltet.

 

I boka «Alarm i Vestisen» er posisjonen til dei seks skutene som låg samla lengst vest når stormen kom, anslått å vere 68, 30 N og 19 V. I det vidare brukar vi denne posisjonen når stormen kom.

Av dei åtte skutene som låg lengst vest i Vestisen når orkanen kom, berga tre seg med å gå til Island. Ishavsskuta «Arild» låg saman med dei fem som forliste då stormen kom. «Arild» klarte med nød og neppe å snu skuta og begynte å sløre unna, så bars den ned gjennom Danskestretet i stor fart. Skuta fekk først eit glimt av sola 6.april, då var skuta 150 nm sør av Reykjanes på god veg ned i Atlanterhavet. Skuta brukte snart to døgn før den kom til land i Bildudal på Island.

Avstanden mellom funnstaden i 2023 og der dei fem ishavsskutene låg då stormen kom, er om lag 290 nm. Ser vi på retninga er kursen NNØ, som var vindretninga i aprildagane i 1952. Straumen i området går sørvestleg. Skutene lenger aust (nord) i Vestisen rekna med dei dreiv om lag to breiddegrader, altså 120 nm i løpet av stormen. Lengst sør var vinden kraftigare og avdrifta truleg endå større.

Roret som kom opp saman med vrakrestane er noko spesielt og kan kanskje kjennast igjen.

Når avhaldet forsvann, og skutene ikkje hadde maskinkraft til å klare å gå i mot veret, var alternativet å snu skuta og sløre unna veret. Dette likte skipperane dårleg, det var farleg med dei opne skutene, i dei enorme bårene og vind med orkan styrke. Alle dei fem skutene som forliste var opne under galgedekk.

Førsteskyttar Karsten Brandal på «Buskø» sa i samtale med skipper Aksnes på «Furunak» morgonen 4. april at «no slørar vi». Det var det sist ein høyrde frå «Buskø».

For ei skute som slører unna i dette uveret er det rimeleg å tru den heldt ei fart på minimum 5 knop, kanskje meir. Samanliknar vi med «Arild», så gjekk det raskare. Reknar vi at skuta flytta seg med 5 knops fart i 18 timar den 4. april, heile døgnet den 5. april for så å forlise ut på ettermiddagen den 6. april. Så er vi på funnstaden. (18×5, 24×5, 16×5 = 290) Totalt 290 nm. Dette er leik med tal, samstundes syner det at dette er mogleg.

Eit anna scenario er at skuta har gått under, men ikkje gått til botn med ein gong. Vidare vorte ført av uvêr, straum og vind eit godt stykke før den gjekk til botn.

Funnstaden er om lag der isgrensa for «fordelt is» var dei første aprildagane i 1952.

Det har forlist mange skuter i Vesterisen, både før og etter 1952.  i så fall mest truleg frå eit tidlegare forlis. Ein har mindre kunnskap om forlisposisjonane før andre verdskrigen.

Ingen kan i dag slå fast at funnet er vrak av ei av skutene frå 1952. Skinna med spekk på indikerer ei Vestisskute. Ut i frå posisjonen til skutene då stormen kom, vindretninga, straumretninga og kunnskapen om at «Arild» som sløra unna, kom ned Danmarkstredet, styrkjer det teorien om at dette kan vere ei av 1952 skutene.

For vidare sannsynleggjering av at dette er ei av skutene frå 1952, er rattet som vart teke opp det som i første omgang kan hjelpe saka vidare. Det er så pass spesielt at håpet er at nokon kan hugse om der var eit slikt om bord i ei eller fleire av dei fem skutene. Vidare kan/må bitane av skroget analyserast både visuelt og med C14 analyse.

Meir om Påskeorkanen i 1952:

https://www.ishavsmuseet.no/blogger/paskeorkanen-i-vesterisen-1952/

 

1 - Kommentarar

  1. Fantastisk spennende funn. Håper noen kan identifisere rattet, eventuelt fra gamle bilder. Du må legge ut etterlysning av bilder som det kanskje finnes. Good luck!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *