Påskeorkanen i Vesterisen 1952

Påskeorkanen i Vesterisen i 1952 der 79 mann kom vekk, er eit av dei mørke minna ishavsnæringa ber med seg. Tilfeldigheiter saman med skipperane sin kunnskap gjorde at katastrofen ikkje vart større.

Av Johannes Bjarne Alme

Siste bilde av Buskø, Vesterisen 1952 før orkanen kom

Etter andre verdskrig var det stor etterspurnad etter den syrefrie seloljen, så både spekket og skinna var godt betalt. Det var stor optimisme i næringa og det var bygde nye skuter og mange skuter vart bygde om – i praksis ny skute. Og lottane til mannskapa var gode.

Sesongen 1951 var svært god, med store fangstar og rekordhøge priar. Dette skapte stor optimisme før 1952-sesongen. Totalt rusta 53 skuter med knappe 900 mann ut.

Det var Grønlandssel og Klappmyss ein fanga  i Vesterisen. Kvitungane (ungen til Grønlandsselen) var i tal lettast å få, men Bluebacken (ungen til klappmyssen) var den som gav mest av seg både i skinnpris og i spekkmengde. Så Bluebacken var ettertrakta.

Nedanfor er ein omtale av korleis Vesterisen typisk var på 50 og 60-talet:

Vesterisen er ismassen som har rive seg laus frå isen i Nordpolbassenget, og som kjem drivande med straumen sørover. Denne straumen, som går langs austkysten av Grønland, vert kalla Aust-Grønlandsstraumen. Polisen som den fører med seg, er mange år gammal, og dei største flaka stikk opp over vatnet i ei mannshøgd eller meir. Dette er det som vert kalla polarbaksen. Havområdet mellom Grønland og Svalbard frys til kvar vinter. Denne isen vert kalla vinter-is, og kan stikke opp til ein halv meter over havoverflata.

Polarbaksen driv av stad heilt inn til fastlandet på Aust-Grønland, der den møter fjell, og den vert masa i knas under eit øyredøyvande leven.

Frå Aust-Grønland breier det mektige beltet av drivande polarbaks seg austover – og dannar Vesterisen. Den største utstrekninga har Vesterisen i mars månad. På ekstra kalde dagar frys også vatnet til i områda omkring vinterisen og polarbaksen. Først dannar det seg issørpe, som så vert pannekake-is og sidan frys saman til større flak. Denne isen vert då kalla ny-is. All denne isen forsvinn på drifta sørover, og når den har passert Danmarksstretet, er mesteparten smelta. Berre isfjell finns lenger sør; isfjell er bitar av isbrear som har vorte danna på land, og som så har kalva i sjøen.

Når Vesterisen etter kalde og stille dagar vert utsett for opprørt sjø, vert ny-isen brekt opp, og det dannar seg sørpe-is, ein slags is-graut som kan verte opptil ein meter tjukk. Vinterisen som så står for tur, vert også brekt opp – lengst ute i småflak, lenger innover i større flak. Set det inn med storm som kjem på tvers av straumen, vert også den tunge polarbaksen påverka, og dei veldige ismassane vert brotne mot kvarandre og pressa i veret. Desse formasjonane som så oppstår, vert kalla skrugardar.

Den austre breidda av Vesterisen, der kantane strekkjer seg ut mot Norskehavet, er taggete i kantane. Dei største taggane vert kalla oddar. Dei kan stikke ti norske landmil (100 km) ut frå polarbaksen og kan vere opptil tre norske mil breie i rota. Men dei er vanlegvis mindre. Dei små og lausrivne taggane vert kalla strimlar. Dei vert ofte danna utanfor oddane eller i bukta mellom to oddar. Vanlegvis består oddane og strimlane av den oppbrotne vinterisen, men rota av oddane er ofte danna av polarbaks.

Dei flaka som dannar oddane, er nedsnødde – unntatt dei som ligg yst, for dei vert avvaska av sjøen. Dessutan er det ikkje berre snøen som forsvinn, også noko av isen vert tært ned av sjøen. Derfor er det berre delar av dei ytrast flaka som er synlege. Dei delane av desse flaka som ligg under vatnet, vert kalla isføter. Ein isfot er eit undervassframspring som stikk ut som ein finger eller som eit fotblad – derfor namnet.

Vesterisen med sin polarbaks, oddane og strimlane som kjem drivande mot sør, er ikkje konstant i si oppbygging. Når pålandsvinden set inn frå aust, vert dei drivande ismassane pressa saman. Oddane og strimlane vert til eit einaste samanhengande kvitt teppe som brer seg heilt inn til polarbaksen, og det oppstår ein rett kant imot sjøen. Denne iskanten vert kalla tett stråkant. Så snart vinden kjem frå Aust-Grønland, vert det på nytt danna oddar og strimlar. Vert denne vinden langvarig, driv isen raskt utover og det oppstår ”fordelt is”, som kan forville seg langt til havs. Den vinden selfangarane likar best, er enten med eller mot straumen. Under slike forhold er oppbygginga av strimlar og oddar rimeleg stabil. Når is er i drift, er det den største og tyngste isen som driv raskast. Eit isfjell er alltid ustoppeleg, og råka etter isfjellet avslører kva veg straumen går.

Kuling og storm set havet i rørsle, men den grove sjøen med kjempestore bølgjer og skumsprøyt når aldri inn i isen. Når det opprørte havet møter is, vert villskapen straks tamd, for is har den same verknaden på opprørt hav som det olje har. I isen merkar ein berre dønningen av infernoet utanfor; kraftigast nær havet og svakare og svakare dess lenger inn i isen ein kjem, inntil ein er så langt inne i isen at ein ikkje merkar noko.

Uansett kor kraftige dønningane er, er dei alltid berre ei stillferdig tillemping, og ishavsdønningane har den same freden over seg som ei sovande kjempe som trekkjer pusten med lange og stille andedrag. Det einaste ein høyrer, er ei sprø fisling frå is som gnissar mot is.

Om ein fangar eller leitar etter fangst, er ein alltid på vakt med omsyn til vind og barometertrykk. Vind frå nordaust gjer at oddane kan klappe saman, og om skuta er inne i ei slik bukt, kan ein verte sett fast i den tettpakka baksen og fryse inne. Nordausten er kald; den går med straumen, og drivisen får stor fart. Nordausten lagar strak kant og er den sterkaste, og også den farlegaste, vinden på dette feltet. Trass i alle hjelpemiddel som er i dag, har alle skipperane eit nærmast heroisk forhold til barometeret. Det reagerer med ein gong, og det som ikkje dét viser, kan ein sjå av skyene, vart det sagt tidlegare. Når stormen kom, var det viktig å finne eit avhald, dvs. ein plass der det er lite dønning, samstundes som det ikkje måtte vere så langt inne i isen at ein risikerer å verte fast. Påskestormane i Vesterisen var meir eller mindre årvisse; det var liksom ikkje påske før ein hadde hatt ein storm.

Vesterisen 1952:

  1. mars opna fangsten. I 1952 var skutene som fanga i Vesterisen treskuter med ein størrelse frå knappe 70 fot og opp til om lag 120 fot. Like eins varierte motorstorleiken frå 60–70 til 400–500 hk.

I veka før avgang var det stor aktivitet i Ålesund. Skutene låg side om side og gjorde klart til tur. Proviant skulle om bord, olje bunkrast, gevær, ammunisjon og dynamitt måtte på plass. Mannskapa gjorde sine private innkjøp. Fangstmenn frå fjordane kom med sjømannssekk på ryggen og tønne til saltkjøtt i handa. Fjordingane var varsame med krona, det var same utrustinga som åra før. Ungdommane som allereie hadde gjort seg nokre kroner på sildefisket, hadde vore hjå han Thor Dahle i Skansen og handla ny skinnhue og støvlar. Spenning og forventing låg i lufta.

Ein vaksen fangstmann hadde vore til legen, og fått forbod mot å reise grunna magetrøbbel. På veg om bord att gjekk han på ein kamerat, dei kom i prat og han tilbydde kameraten plassen sin om bord i skuta. Kameraten trong arbeid og hadde lyst å prøve selfangst, så han slo til.

Så tilfeldig kan livet vere. Ein vart sjuk og berga livet, medan han som reiste kom ikkje attende.

Den 12, mars var det utseglarfest med tale av ishavspresten Monrad Norderval på Fiskarheimen i Ålesund.  

Dei fleste skutene kasta laust og kursa vestover laurdag den 15. mars.

Sidan fangstdatoen var så seint som den 24., hadde skutene god tid til å leite etter Grønlandsselen og Klappmyssen. Det var ikkje stort å sjå, men etter kvart som det nærmar seg fangststart, auka spenninga og skipperane vert meir og meir på vakt kvar dei andre var.

Allereie 23. mars forliste Tjørvågskuta «Vestis»

Isen tok tak i roret og rorkjettingen rauk, skuta vart liggande i råka og isen sette saman og tok til slutt heile skuta. Etter ein tøff marsj over isen vart mannskapet plukka opp av ein fangstbåt frå  «Sjannøy». Alle mann vart berga.

«Vestis» forliste 23. mars 1952.

Ein del skuter gjorde tidleg brukbar fangst av blueback og klappmyss. Sidan hadde dei fleste skutene leita etter Grønlandsselen og dei nyfødde kvitungane. Nokre kom over enkelt nykasta, men ingen fant det store selkastet.

Det vert mykje leiting og køyring. Alle skipperane vakta på kvarandre og følgde med om det var skuter som var tause på radioen, det betydde ofte et dei låg i fangst.

Når nokre skuter trudde dei hadde funne selen og kasteplassen nordvest av Jan Mayen, gjekk selen i vatnet.

Dei erfarne skipperane kleiar seg i hovudet og utvekslar synspunkt på kvifor selen oppførte seg så tullete.

 «Ringsel» hadde vore taus lenge, nokre visste at den gjekk vestover (sør) som det vert sagt i Vesterisen. Fleire diskuterte om dei skulle ta turen vestover og sjå om der var noko å finne. Langt sørvest i Vesterisen er ein stygg plass, der er ofte største isen, hard avvaska blåis, og sterkaste vinden. Kjem uveret er der typisk stråkant utan råd å finne avhald.

Så var det den dårlege fangsten då. Det var for eit godt utkome alle var på fangst. Å kome heim med tom skute var ikkje bra korkje for skipper eller mannskap. Vêrmeldinga var ikkje å stole på for Vesterisen. Då var det betre å stole på eigne auger og barometeret. Barometeret slo aldri feil.

Ein del skuter tok sjansen og gjekk vestover. Før dei kom så langt at dei fant fangst, snudde dei fleste, mellom andre «Polstjerna»,  «Myregga» og «Asbjørn». Vartdalskuta «Buskø» og Tjørvågskuta «Pels» var blant dei som ikkje snudde. Dei heldt fram vestover. Dei gjekk seg rett inn i bluebackfangst. Ein veit med sikkerheit at der var samla seks skuter langt vest, i tillegg til Sunnmørsskutene var det «Vårglimt»«Brattind»  «Ringsel» og «Arild», alle frå Troms.

«Ringsel», skipper Terje Johnsen, hadde fangsta godt og var nærmast lasta når barometeret falt. Far til Terje, Julius Johnsen, var skipper på «Polis». Dei to prata når uveret hadde kome. Julius visste godt at «Ringsel» ikkje var ei spesielt god skute, så han var litt bekymra. Svaret Terje gav, var at dei var så godt som lasta og hadde funne eit godt avhald, så det var ingen fare. Desse orda var dei siste Julius høyrde frå sonen.

Ishavsskutene «Fangstmand» – skipper John Nedrelid, og «Eskimo» – skipper Bernt Brandal, var begge på tur vestover. Dei gjekk ikkje saman, men målet var fangsten i områder «Ringsel» låg. Sannsynlegvis var dei to skutene ikkje langt i frå einannan, og heller ikkje langt i frå dei seks andre skutene når dei snudde austover.

Bernt Brandal fortalte at «Eskimo» var på veg vestover. Bror hans, Angel, var førsteskyttar, og han kom og purra Bernt ut på natta til 3. april fordi vinden friskna på og barometeret fall kraftig. Bernt gav straks ordre om å snu skuta, og dei sette full fart austover i tjukk snøkave og vind imot frå nordaust. Dei var første og einaste skute som hadde radar, og på den såg dei etter kvart ei skute inne i isen. Dei gjekk inn til den, det var ishavsskuta ”Polarøy” – skipper Sørensen. Dei to skutene låg i lag, dønningen vaks og kanten vart riven utover. Etter ei tid måtte dei gå vidare nordvestover, det litt spenning når dei måtte gå gjennom ein isodde. Vidare var det dønning, sjøskvett og dermed ising. Og dei måtte gå unna iskanten for ikkje å verte knuste mot denne når vinden var så sterk at skuta ville leggje seg på sida.

Ola Jarle Bigset som var skyttar på «Fangstmand»  har fortalt omtrent det same. Dei var på veg vestover. Barometeret falt, trass i det ikkje var så kraftig vind då, så snudde skipper John Nedrelid og dei gav full peisar austover. Vinden auka på utover, og dei gjekk heile dagen og først ut på kvelden fant dei ein så pass bra odde at dei valte å legge seg til bak den. I løpet av neste natt bles det opp til full orkan. Det var grauttjukke snøkave, blanda med sjøsprøyt som slo innover skuta. Og det var isande kaldt. Karane som skulle over dekk og fram til lugarkappa kraup over dekk for at vinden ikkje skulle kaste dei over bord. Etterkvart som odden vert riven utover kom først dei små isane surfande, men så snart dei er borte var det store tunge isflak som kjem surfande på dønningane. Rormannen si oppgåve var å styre og regulere farta for å unngå at slike flak trefte skuta. Dette var svært krevjande, og det var berre dei mest erfarne som fekk tiltru til denne oppgåva.

Fangstmand

Storm på Newfoundland

Den første april har skutene som fangstar ved Newfoundland storm. Arnljot Brandal som var 1.skyttar på «Polaris» minnast at då den stormen passerte, så høyrte han skipper Guttorm Jakobsen på «Norsel» seie at denne stormen kjem dei til å få merke i Vesterisen også. Som tidlegare uteseglar og krigsseglar så kjente kaptein Guttorm stormane i Atlanteren godt. Beklageleg vis var det ikkje gode kommunikasjonsmoglegheitene mellom Newfoundland og Vesterisen den gongen.

I ettertid har det også synt seg at vêrmeldingane som vart sendt ut, først meldte for svak vind, for så å oppgraderte til storm og orkan etter vinden hadde vore på det sterkaste. Fenomenet polart lågtrykk vart først oppdaga på 60-talet når vêrsatellittane kom til. Dei er vanskelege å føresjå og med det også vanskeleg å melde. Det er ingen tvil om at 1952-stormen var danna av polart lågtrykk.

Polare lågtrykk er små, intense lågtrykk som dannast i arktiske luftmasse på nordsida av polarfronten om vinteren. Vanlegvis har de en diameter på mellom 150 og 600 kilometer, og de gir ikkje fullt så mye vind. I gjennomsnitt observerast det en vindstyrke på 21 meter per sekund (m/s) rundt et polart lågtrykk, men omtrent en fjerdedel av tilfelle har vind på full storm eller meir. Det kraftigaste som er observert i moderne tid hadde 36 m/s (orkan styrke) over en tolv timars periode. Polare lågtrykk dannast når kald luft frå de store is- og snølagte områdane i Arktis blir blåst ut over det relativt varmare havet. Når luftmassen får tilført varme og fuktigheit frå havoverflata, stiger den og dannar bye-skyer. Lufta vert gradvis ustabil, og bye-skyene bygg seg gradvis opp ettersom lufta strøymer utover opent hav.

Hovudtyngda av ishavsflåten låg nord (aust) i Vesterisen, i området kring Jan Mayen. Dei alle merka stormen, kulden og isinga. Som tidlegare peika på var det enklare å finne gode avhald lenger aust, så dei skutene som var i området nord for Jan Mayen når stormen kom, gjekk ut gjennom isen og fant seg gode avhald, der risikoen for å verte sette inne og med det verte faste var liten.

Skutene lengst vest fekk stormen først og truleg sterkast. Den andre april hadde dei fangsta blueback i gode forhold. Då dei gjekk til ro, var det i tru på at dagen etter vart ein ny god fangstdag. I løpet av natta falt barometeret raskt og vinden kom. Det vart snøkave og temperaturen falt.

Dei seks skutene som låg lengst vest var «Pels», «Buskø», «Vårglimt», «Brattind» «Ringsel» og «Arild». Av desse var «Buskø» den klart største. I ettertid har det kome fram at  «Buskø» hadde skade på propellen og ikkje kunne bruke full maskinkraft. Det har vore nemnt at også «Pels» hadde noko problem.

Desse skutene fekk været først, og dei måtte finne seg avhald. Første døgnet hadde dei truleg bra avhald, men set vi saman den vesle informasjonen vi har, så synes det som om at den fjerde april har avhaldet minka eller forsvunne. Skipper Aksnes på «Furenak» prata då med Karsten Brandal på «Buskø», han sa då at no slører dei, altså har dei gitt opp avhaldet og er på veg til havs. Denne samtalen overhøyrde også førsteskyttar Angel Brandal på «Eskimo».

Snart er uveret over heile Vesterisen. Det er slutt på fangstinga, no gjeld det å finne gode avhald, og halde skutene mest mogleg rein for snø og is. Frå kuling aukar vinden til storm og orkan. Temperaturen er ned i -30 grader Celsius. Og det bles valdsamt. Mannskapa høyrer den kraftige susinga i lufta, ulinga frå vinden i riggen og på skutene som ligg nærmast lågtrykket har folka eit sterkt trykk i trommehinnene. Skutene vaktar på avhaldet, og ikkje minst på teikn til at det forsvinn eller riv i frå fastisen. Om avhalda forsvinn må skutene finne nytt, og då er det ut i havet og gå mot vinden. Det er maskinkrafta som avgjer kor godt det lykkast.

Stormen herjar over Vesterisen i mange dagar.

«Pels» fotografert i Vesterisen 1952 før orkanen kom, «Pels» vart forlenga og ombygd hausten 1951.

Om bord «Flemsøy» om kvelden 7.april.

Mange av skutene som ligg lengst nordvest i Vesterisen ligg samla. Trass i sterk vind, ligg  «Brandal» på sida av  «Flemsøy» og om kvelden den 7. april går skipper Johannes M Brandal og student Per Øynes frå «Brandal» på besøk til skipper Karl Brandal på «Flemsøy». Karl Brandal var ein ung skipper, berre 29 år gammal. På kartbordet brukte han teiknestiftar for å følgje med kvar dei andre skutene var. For å vite når tid han sist hadde høyrt frå dei, hadde teiknestiftane ulike dagsfarge. Dette var det ingen andre skipperar som hadde, dei stolte på hugsen, ev. eit kort notat i kartmargen eller på ein papirlapp. Dei to gjestane vert teke fint i mot, verten Karl Brandal gjekk og reika mellom styrehuset og bestikken, han fant ikkje heilt roa.

«Det er lenge sidan eg har høyrt frå Buskø» og «Pels»» seier han vent mot skipper Johannes M Brandal.

Den eldre skipperen likar ikkje slikt prat, så han dreg på det før han automatisk seier «Ja….dei er vel i fangst?»

«No? I dette veret?»

Det er akkurat som skipper Johannes M Brandal kvepp til og vaknar, det litt kvasse i stemma til den unge skipperen har fått han til å skjøne at dette ikkje var ein vanleg tørrprat. «Nei… nei sjølvsagt»

Dei to studerer kartbordet, mens studenten nyfiken følgjer med.

«Vi får rope på dei» seier Karl Brandal, og går bort til radiosendaren.

Han kallar først opp «Buskø». Då han etter eit kvarter ikkje har fått svar, så kallar han på «Pels». Det er like stille i mottakaren.

Siste bilde av Buskø, Vesterisen 1952 før orkanen kom.

Dei set seg ned og pratar om anna enn skuter som ikkje gir livsteikn. I tankane trøystar dei seg med at det kan hende dei ligg slik til i uveret at dei har kontroll på mogleg fangst og ikkje vil gi livsteikn. Medan dei set slik, høyrer dei at ei av Tromsøskutene kallar på «Brattind» fleire gongar utan det kjem svar. Karl Brandal er rastlause og tek ei ny runde i radioen for å høyre om nokon har høyrt frå «Buskø» og «Pels» siste dagane. Ingen hadde høyrt frå dei, og nokre skipperar nemner også «Vårglimt» og «Ringsel».

Skipper Johannes M Brandal og studenten følgjer halvt med verten som stadig pratar med nye skuter, mens dei pratar om andre ting. I 23 tida nemner Johannes M Brandal at det kanskje er på tide å legge seg.

«Her må vere noko gale!» høyrer dei Karl Brandal seie over radioen før han avsluttar samtalen. Dei to kvepp til og kjenner uroa stikk i bringa.

«Det har ikkje hendt noko med «Buskø», kan du skjøne. Ikkje tale om!» Seier Johannes M Brandal.

Karl Brandal lar seg ikkje overtyde, og han går i gang og kalle på alle dei fem skutene. «Hallo «Pels», hallo «Buskø», hallo «Brattind», hallo «Vårglimt», hallo «Ringsel»….. «Flemsøy» kallar. Så ei kort pause og ny kalling.

Vidare la han til «Eg er bekymra for dokke, ver snill å svar meg på radioen, så sant de kan. Om antenna har blese vekk, bruk telegrafnøkkelen og sett radioen på full styrke, og eg skal lytte etter tre lange gjentatt med eit kvart minutt mellomrom… Over.»

Karl Brandal slo av sendaren og kopla antenna inn på mottakaren. Frå høgtalaren kom det ikkje ein lyd, det var som eteren var død og borte for alltid.

I bestikken til alle dei andre skutene sat skipperane å lytta. Det gjekk eit kvarter og det gjekk to kvarter. Dei fem skutene var like tause.

Dei to besøkande går i halv eitt tida attende til «Brandal». Studenten registrerer at skipperen ikkje går på lugaren men opp i bestikken. Då han ei stund etter tek turen på brua ser han skipperen sitje i skinnsofaen i bestikken bøygd framover med luta hovud og knepte hender. Det er heilt stille.

Brått vert stillheita brota av Karl Brandal på «Flemsøy»: «Hallo «Pels», hallo «Buskø», hallo «Brattind», hallo «Vårglimt», hallo «Ringsel»….. «Flemsøy» kallar. Så ei kort pause og ny kalling. Men ikkje anna enn susing kjem frå eteren.

Skipper Johannes M Brandal vart sitjande i bestikken til den lyse morgon….

«Flemsøy» i isskruing
  1. april

Dagen etter, den 8.april var det klarvêr og gode forhold. Skutene fangsta, men skipperane såg og tenkte på dei sakna skutene eller sat i bestikken og følgde med radioen. Karl Brandal varr heile dagen i radioen. Klokka 20 om kvelden kom Siglufjord radio på Island og spurte om det er noko gale, dei hadde lytta til den store radiotrafikken. Karl Brandal bekrefta då at fem skuter var sakna. Siglufjord foreslår at dei kontaktar den amerikanske flybasen på Keflavik og ber om at fly vert sendt ut for å leite etter dei sakna skutene. I løpet av natta klarte Karl Brandal via kontakt med andre skuter å gi oppdatert informasjon til Island over kvar skutene som ikkje var sakna låg. Det vart også gjeve instruksjonar om at det for det meste måtte leitast sør for dei skutene som ikkje var sakna, både i isen og i sjøen.

Den dagen, 8. april kom «Ungsel» , «Selfisk» og «Arild» til Island.

Ut på natta kom også Tromsø radio med spørsmål om det var noko gale, dei hadde fanga opp stor radiotrafikk, men hadde ikkje heilt fått med seg årsaka. Karl Brandal var varsam i svaret han gav.

Dagen etter, den 9. april, var to amerikanske, eit islandsk og eit dansk fly på leit. Dei amerikanske flya landa og meldte frå om at dei ikkje såg noko skute sør for dei ikkje sakna skutene. Flya vart beordra i lufta igjen. Ishavsskutene  «Polstraum»  og «Furenak» «Furenak» meldte frå at dei trakk seg frå fangsten og gjekk på leiting etter dei sakna skutene. Skipper Osvald Lillenes på «Polstraum» var bror til skipper Olaf Lillenes på «Pels».

Langfredag 11. april, var åtte fly – seks amerikanske, eit islandsk rutefly og ein dansk Catalina på vingane over Vesterisen og Danskestretet. Offisielt var seks skuter tekne ut av fangsten for å leite, i praksis var det nok fleire skuter som gjorde seg ærend vestover for å ta del i søket. Det var klar luft og god sikt. Stundom såg flymannskapet fotspor på isen, då måtte dei gå lavt ned, kvar gong vart dei skuffa, det var spor etter isbjørn. Like så når dei såg mørke skapningar på isen, måtte dei gå så langt ned at dei kunne slå fast at det var selskrottar og ikkje menneske som låg der. Flya leitte over eit stort område, frå sørlege delen av Vesterisen ned Danskestretet og langt til havs. Ingen funn som kunne knytast til dei fem sakna skutene vart gjort.

Det gjekk etter kvart opp for alle i Vesterisen at dette mest truleg var ei ufatteleg stor tragedie som hadde råka kameratane og næringa deira.

Ivar Vartdal f. 02.06.1927, som var fangstmann på «Hvalrosen» i 1952, fortalte at då skipper Bjørn Øvrelid kom ned frå tønna, kanskje akkurat denne dagen, så stoppa han opp, kika utover isen, før han stille sa «vi ser dei aldri meir att!»

Slik var det med fleire, etter kvart som ingen ting vart funne måtte dei ta innover seg at det utenkelege hadde skjedd. Ikkje eit rop om hjelp, ingen vrakrestar, kort sagt ikkje noko som kunne gi svar.

Ishavsskuta Arild:

Ishavsskuta «Arild» som var blant dei seks skutene som låg lengst vest, kom til Island den 8. april.

Eg lèt fangstmann Kåre Nilsen (fødd 31.8.1928, død 2.12.2002.) på «Arild» fortelje om den ville ferda frå Vesterisen til Island (frå Odd Magnus Heide Hansen sitt arkiv).

”Arild” 1952 – LPP 78,3 ft, B 20,3 ft, D 9,5 ft ,med ein Deutz dieselmotor på 185 hk.

«Vesterisen 1952: Det var dårlege forhold –med svær polarbaks. Skipperane vart einige om å leite etter fangst vestover; ein heil flokk med skuter gjekk vestover. Gjekk vestover i eit døgns tid, så snudde ”Polstjerna” skipper Halvdan Jakobsen. Då snudde mange skuter, men vi på ”Arild” og fire andre skuter, som forliste, snudde ikkje. Skutene snudde truleg av di dei trudde der ikkje var fangst. Men vi heldt fram.

Munkøy Ex Arild Seinare Kitak

Då kom vi i fordelt is. Der såg vi ”Ringsel” ligge inne i isen og fange. Vi gjekk inn, og der fann vi fangst. Vi begynte å fange og fekk noko slikt som 700 dyr første dagen – berre blueback, så dette teikna veldig godt. Solskin og fint vêr. Vi vart einige med dei andre skutene at vi skulle fange med fangstbåtar dagen etter. Vi gjorde fangstbåtane klare, men i løpet av natta bles det opp til nordaust kuling, snøfokk og frost. Kulingen aukar og snart er det storm, og vidare full storm. Mannskapet hadde si fulle hyre med å banke is og halde skuta fri for snø og is. Men dei ligg i eit avhald og kan av den grunn ikkje klage. Alle mann på dei seks skutene er opptekne med å halde skutene reine for snø og is. Sidan skutene ligg nær klappmysskastet, ønskjer dei ikkje at skutene som ligg lenger nord og aust skal få posisjonane deira, så radioen vert ikkje brukt. Dei har enno is i le, og ligg såleis godt til, sjølv om stormen no er oppe i sterk storm, truleg orkan.

Når Kåre Nilsen kjem på vakt morgonen 3. april (med å samanhalde med andre opplysningar, kan dette vere den 4. april – J.A.), har ikkje andreskyttaren gjort skuta sjøklar, men straks førsteskyttaren kjem på vakt, vert det gitt ordre om å skalke lukene og gjere skuta sjøklar. Det var nok på høg tid, for ikkje lenge etter er avhaldet vekk, og dei er ute på det opne ville havet.

Vinden er no oppe i orkan, himmel og hav går i eitt, framleis klarer skipperen å halde skuta på vêret, men dei brukar nesten full fart på maskina for å klare dette. Mange stygge brotsjøar skyl over skuta, og både skipper og skyttarane fryktar at skuta skal verte brekt ned. Det vert gjeve ordre om å fylle olje i bølgjedemparane og hengje desse ut akterut på skuta. (Bruk av olje som bølgedempar er ein måte å avgrense sjøgangen, mindre brottsjø og bevegelse frå bølgene. Oljen legg seg som ei tynn hinne over vatnet, som reduserer overflatespenninga, som hindrar bølgene frå å sette kam og bryte.) Skipperen ser at han neppe klarer å halde skuta opp imot vêret særleg lenge, så han bestemmer seg for å snu skuta for å få henne på lensing. Men før dei kjem så langt, får dei seg eit stygt brott som sender skuta langt nedover havet, og det er så vidt skuta klarer å løfte seg opp att. Og kjem skuta på sida, vil det truleg berre ta ei kort tid før sjøen knuser brua og anna som er over vatn. Først prøver dei å få skuta rundt, for å få henne unna vinden, men ho vil berre grave seg ned i havet. I siste liten får skipperen gjeve ordre om stopp i maskina; om ikkje hadde skuta gått seg ned gjennom havet. I staden klarer dei med å gi full fart akterover å få akterenden opp mot vêret, og på det viset klarer dei å få skuta unna vinden.

Oljen i bølgjedemparane blæs bortover havet, så desse er det ingen nytte av. Sjølv om drivankeret ligg 500 meter bak skuta og motoren går med sakte fart, er det ein kamp å klare å styre skuta så ho ikkje grev seg nedigjennom sjøen. I blant når brotsjøane nærmar seg, vert det både gjeve full fart framover eller akterover for å klare å manøvrere skuta etter beste evne. Kvar mann klarer berre å stå ved roret i om lag ti minutt, då er ein heilt ferdig av å hale roret frå borde til borde i eit sett.»

Før ”Arild” kom over på lensinga, ser Kåre Nilsen ”Vårglimt” i le. «Den køyrer motoren så det står tung svart røyk ut av skorsteinen, likevel ligg skuta på sida av vêret. Det er ei stor skute, men dette ser ut til å vere meir enn kva motoren og skuta kan klare. Førsteskyttaren om bord i ”Arild” Ibert Mathisen, som hadde vore skipper på ”Ringsel” i fleire år, er sikker på at dette vêret er meir enn den skuta kan tole. Han hadde sjølv slutta fordi han meinte skuta ikkje var eigna til å vere i Vesterisen. Også ”Brattind” ser dei så vidt gjennom sjøroket. Skuta vert slengt frå side til side, og dei ser noko mørkt som flagrar gjennom lufta, truleg var det ei romluke. Om det stemmer, er det nok berre kort tid att før den er fylt med sjø og vil forsvinne nedgjennom havet. Vi hadde nok med oss sjølve, og kunne ingen ting gjere», seier Kåre Nilsen.

«Vårglimt» kom vekk i orkanen 1952

Etter nokre timar med lensing vert Kåre Nilsen og tre andre menn sende bak på hekken for  å ordne med bølgjedemparane, slik at ein kan få meir effekt av desse. Det vart stille, og dei to på babord side kjem seg inn, men dei to på styrbord, vart tekne av sjøen. Ein mann vert hengande fast i jollevaieren og kasta om bord att i skuta, mens den siste forsvinn i det opprørte havet. Han som forsvinn, er svigerfar til skipperen. Alt på båtdekket er skylt på havet; den nybygde skipperlugaren er heilt borte, og maskinrommet er halvfullt av sjø. Alle lenser går for fullt, også ei tretommars handpumpe vert brukt. Det heile ser mørkt ut; nokre av mannskapet gir seg over, mens andre prøver å arbeide seg gjennom heile krisestemninga.

Medisinkista som hadde stått på skipperlugaren, hadde kome deisande heilt ned i maskinrommet, og dei måtte dukke for å få fatt i gasbind og bomull som var på veg i lensene og pumpene.

Og formasta brotnar av, øvste delen med tønna kjem ramlande i dekk, så alle trur dette er spikaren i kista. Karane vert sende ut på dekk for å surre mastretoppen og bøte dekket, og dei finn at dekket er heilt. Materialen i dekket skulle vere av bongossi (hardt tremateriale) , og det har ikkje vorte knust av mastra, til karane si store undring.

«Ein mann hadde brekt lårbeinet og låg framme, men han ville akterut heile tida, så lugarkappedøra stengte vi frå utsida så han ikkje skulle kome seg ut på dekk. Vi surra tau rundt kappa. Han ville aldri kome seg levande akterover.»

Etter nokre døgn spaknar vinden, og sjøen roar seg så pass at dei begynner å få trua på at det finns ei berging.

«Skuta såg ramponert ut, maten var borte eller øydelagt, og ingen visste kvar vi var. Heldigvis fekk vi så pass glimt av sola at skipperen klarte å ta sitt bestikk, og han rekna ut kvar vi var: Vi var 150 nm sør av Reykjanes langt på veg ned i Atlanterhavet. Vi går imot Island i eit og eit halvt døgn, så er vi under Reykjanes på Island, ytterlegare eit halvt døgn før vi kom til Arnafjordur og vidare til ein plass som heitte Bildudal. Dette var då tre døgn etter vi gjekk frå iskanten. Vi får via radio og Frelsesarmeen vite at alle vi seks skutene var sakna. Vi gjekk til Isafjord for å reparere skaden. Førsteskyttaren vår vart då henta av fly og var med ut for å leite etter dei sakna skutene.

Kvar vart det av alle vrakrestane? Det vart leita i dagevis med fly og skuter, men ingen ting vart nokosinne funne.

Skuta ”Arild” var opphavleg tysk og heitte ”Sachsen”. Det var ei sterkbygd skute, og som eg nemnte, var luftinntaket oppe på motoren.»

Så langt ishavsskuta ”Arild”.

Brattind

I boka «Ein gong ei ishavsbygd» har Osvald Lillenes – skipper på «Polstraum» i 1952 og bror til skipper Olaf Lillenes på «Pels», delt sine tankar om kva han trudde hendte med «Pels». «Polstraum» var også på veg vestover, men snudde. Han trur «Pels» og dei andre fem skutene låg i synste enden av ein stor isodde og fanga. Når uveret kom gjekk dei inn i odden og hadde godt avhald. Det Osvald Lillenes seier er at han meina odden har slitna frå fastisen i rota, og utan at dei seks skutene var klar over det, var dei saman med odden på veg til havs. Etter kvart som stormen og dønningen åt opp odden forsvann småisen og det var berre stor avvaska blåis att. Hans teori var at skutene var sette inne, og dei vart knuste av store surfande isflak.

«Polstraum» og «Furenak» var dei første to skutene som offisielt starta å leite. Osvald Lillenes fortel at dei leita langt vestover, og at «Polstraum» gjekk ut gjennom havet, der dei trudde dei såg ei islysne. Det stemte, og den isen dei møtte var stor og tung.  Osvald Lillenes tenkte då at dette var restane av den odden skutene hadde lagt i. Når desse store isflaka tørna saman kunne dei knuse ei skute til pinneved. Det som var att var berre store avvaska livlause flak. «Polstraum» snudde og gjekk austover att.

Resultatlaus leiting.

Korkje leitinga med fly eller skuter gav resultat. Første påskedag, den 13 april går dei to korvettane KNM «Sørøy» og KNM «Nordkyn» ut frå Tromsø med kurs for Vesterisen. Dei skal leite frå isen og vidare vestover. Flyleitinga held fram.

Andre påskedag rapportera eit av flya om ein oljetank og ein del treverk i området mellom 64 og 65 grader N og 30-35 grader V.

Korkje korvettane eller flyleitinga gjer funn som kan knytast til dei sakna skutene.

Gullfaxi benyttet under letingen etter selfangerne april 1952. Her over Vesterisen 2. mai 1952

Skutene som er på heimveg frå Newfoundland, går opp langs kysten av Grønland, skutene frå nord går nord om Island for å søke, utan resultat.

Heime er sjølvsagt dei pårørande i sjokk og fortvila. Det vert framleis leita. I kyrkjene vert dei sakna teke med i bøner. Medan synske folk fortel at dei ser overlevande som vandrar på isen.

I korrespondanse mellom islandske og norske styresmakter mottek Noreg den 20. april ein rapport, som norske styresmakter ikkje offentleggjorde med ein gong. I rapporten viser islendingane mellom anna til styrmann Ibert Mathisen på «Arild» som hadde vore kjentmann for islandske styresmakter og sjølv også vore med i fly to dagar. Mathisen seier mellom anna at han er overtydd om at alt som sto i menneskeleg makt er blitt gjort, og meina at dei sakna båtane er gått ned i stormen utan å etterlate seg noko spor. Styrmannen grunngir dette med dei brota som hans eigen båt hadde å kjempe med, dei var dei største og farlegaste han hadde opplevd under 40 års segling på ishavet. Han meina at grunnen til at hans egen båt klarte seg, var at den var usedvanleg solid bygd og hadde glimrande dieselmotor som ikkje svikta eit augeblink, til tross for at den til dels arbeidet under vann. Viss maskinen hadde svikta, ville ein ikkje vært i stand til å styre med brota, noko som uvegerleg ville ha resultert i at båten var blitt brekt ned. Sjølv ved å manøvrere som ein gjorde låg likevel hans egen båt så djupt at han sjølv og kapteinen sto i vatn til livet på kommandobrua, utan å sjå anna av skipet over vatnet enn mastetoppane.

Selfangstskutene «Norland I» og  «Polarsel» vert leigd inn for å saumfare isen og kysten langs Grønland vestover, Ottar M Brandal var skyttar og han har fortalt korleis dei gjekk inn og ut buktene og fylgde  iskanten like ned til Kapp Farvel og opp til Jan Mayen.

Ein dag såg dei ein masteliknande gjenstand inne i isen, og nokre mørke flekkar kring om. Det var teit is og uråd å kome inn med skuta, så Ottar i lag med to andre rustar seg og går innover. Det synte seg å vere ein drivtømmerstokk frå Sibir som hadde reist seg og vorte frosen fast i isen. Kring om var selskrottar frå dyra som hadde vore fangsta nord om Jan Mayen før orkanen. I løpet av orkanen hadde desse drive om lag 1000 km.

I fem veker søker dei to skutene. Det einaste dei finn er ein leider og ei romluke som truleg kom frå ei av dei sakna skutene frå Troms.

Etter kvart som ishavsskutene kjem heim, vart det spørsmål om kva som har skjedd, og om det framleis var håp om å finne dei sakna. Svara var vage, det var ein kraftig storm, med tøffe forhold, men ein må sjølvsagt halde fram leitinga.

I samtale med Ivar Vartdal fortalte han om heimkomsten til  «Hvalrossen» . Då dei kom til Ålesund og skulle fortolle, så sto der to kara på kaia, det var Hans Sætre- tidlegare skipper på «Buskø» og Erling Nes – også tidlegare ishavsskipper. Dei hadde begge søner om bord «Buskø». Ivar var som han sa berre ungdommen og han sto til rors. Skipper Bjørn Øvrelid og skyttar Norvald Liavåg var i styrehuset. Dei såg dei to på kaia og kjente dei. «Kva skal vi svare dei då? Sa Bjørn litt tenkande til seg sjølv. «Desse to veit kva dette er, så her må vi berre seie det vi meina», slo Norvald fast. Ivar gjekk ned frå styrehuset då dei to fedrane kom om bord.

Etter kvart går det opp for dei pårørande, heile næringa, heile kysten, ja heile Noreg at det har vore ei stor katastrofe i Vesterisen.

Fem skuter med 78 mann er borte. Frå Sunnmøre var det «Buskø» frå Vartdal med 20 mann, og «Pels» frå Tjørvåg med 14 mann. Frå Troms var det skutene «Vårglimt» – 15 mann, «Brattind» – 14 mann og «Ringsel» – 14 mann. I tillegg missa ishavsskuta «Arild» ein mann i stormen på veg frå Vesterisen til Island. Totalt 79 mann

Ishavsskuta «Ringsel»

Blant dei omkome mannskapa var det mange som var i familie.

Om bord «Buskø» hadde skipper Peter Liavåg med to svograr, desse to var brør.

Olaf Lillenes på «Pels» hadde også med to svograr.

Om bord «Vårglimt» hadde reiar og skipper Alfred Hansen med seg to søner, ein svigerson og ein som var forlova med ei anna dotter.

I samtale med Petter Gudleik Liavåg f.13.07.1939, son til Petter Liavåg, skipper på ishavsskuta «Buskø», har han fortalt litt om korleis han som 13. åring opplevde 1952 ulykka.

«Det eg minnast som det verste, var kor ho mor gret. Det gjekk fole innpå meg at ho gret slik. Ho missa mannen sin og to brør. Det var fole sårt.

Familien fekk raskt vite at «Buskø» var ei av dei sakna skutene. Vi hadde eit håp om at det var ising på antennene eller noko anna, men etter kvart som dagane gjekk, så sank håpet.

Far var ute under heile krigen. Då var mor sin bror, han onkel Olav Solheim, mest som ein far for oss. Olav var nyforlova før han reiste i Vesterisen i 1952, og skulle gifte seg når han kom heim.

Når skutene begynne å kome heim det året, så minnast eg at det var sårt å sjå. Første tida fekk eg spørsmål på skulen om vi hadde høyrt noko, læraren min, han Ingolf Hareide spurte om vi hadde høyrt noko. Ingolf var svære med meg denne tida. Han brydde seg. Presten han Nilsen såg vi aldri. Han Otto Holmås som var prest her tidlegare, var no i Bergen. Så fekk han stilling som domprost i Nidarosdomen i Trondheim. På vegen nordover stoppa han i Ålesund, og kom til Hareid og besøkte henne mor. Det synets vi var veldig fint gjort.

Når mor døde, fekk vi løyve av Biskopen til å sette namnet til far på gravstøtta. Det måtte skrivast slik at ein forstod at han ikkje låg her. Det var eit stort ønske frå mor at far sitt namn skulle stå saman med hennar på gravsteinen. Hadde ikkje Biskopen akseptert det, så hadde vi nok gjort det likevel», legg Petter Gudleik til.

Den 7. mai vart namnelistene over dei antatt omkomne offentleggjort.

Dagen etter starta Aftenposten innsamlingsaksjonen Selfangerhjelpen. Den samlar inn 2,4 million kroner. Pengane gjekk til dei etterlate.

98 umyndige born missa far sin og 46 koner hadde vorte enkjer.

Seinare på sommaren var ishavsskuta «Polaris» på ekspedisjonstur på Aust-Grønland. Då dei kom inn til Angmagssalik, fekk dei høyre om nokre eskimoar på Kapp Dan som hadde funne nokre lasteluker. «Polaris» gjekk ut til Kapp Dan og fekk lukene. Tok dei så med til Ålesund og leverte desse på tollageret. Osvald Lillenes kom og kika på dei, men han kunne ikkje seie om det var «Pels» sine luker.

Alvoret forstod vi alle når ”Arild” kom til Island og melde frå

Eg har lese mykje og gjort mange samtalar med folk som var i Vesterisen i 1952. Alle fortel om ein veldig hard storm/orkan, sterk kulde, snøkave, stor dønning og utfordrande istilhøve. Vidare om den spesielle susinga i lufta, vinden si hyling i rigg og ræl og om eit kraftig trykk på trommehinnene. Mange har poengtert at dette er det verste uvær dei nokon sinne har opplevd.

Vidare har eg undra meg på kva dei som var i Vesterisen under uveret tenkte om dei sakna skutene. Etter kvart har eg skjønt at mange, spesielt dei erfarne, ganske tidleg skjønte at her hadde det hendt ei katastrofe. Ivar Vartdal var bestemt på at skipper Bjørn Øvrelid og skyttar Norvald Liavåg på «Hvalrossen» tidleg meinte dei aldri kom til å sjå dei sakna skutene att.

Like så har Idar Eklund lagt ut delar av faren, Magne Eklund – maskinist på «Myregga», si personlege dagbok frå turen i 52. Han skriv slik den 11. april:  Stormen raser med fornyet styrke barometret står på storm så vi vet ikke hva dette blir å ende med. Flyene har vært og lett etter de savnede skutene, men ingen ting å se. De har vel lagt øynene at for godt og det er ingen som vet hva de folkene har lidd, men det er vel så at ingen kan undra døden. Jeg håper at dem får det godt der dem kommer.

Paul Stark som var fangstmann på «Askelad I» fortalte at han og eit par andre ungdommar sat i messa å spelte kort og der kom noko bannskap. Dette hendte ein dag eller to etter stormen hadde gitt seg. Då kom skipperen, han gamle Kristoffer Angelsen og såg på dei: «Som dokker veit e æ ikkje spesielt religiøs av mæ, men i dag legg vi bort det der språket.» «Det var beskjed klar nok, han forstod nok at her hadde det gått mange liv,» la Paul til.

I samband med arbeidet med boka «ishavsfolk si erfaring» intervjua eg Bernt J Brandal – skipper på «Eskimo» i 1952. Han sa det veldig enkelt: «Alvoret forstod vi alle når ”Arild” kom til Island og meldte frå.»

Kjelder:

«Alarm i Vestisen» Nystrøm og Øynes. Strukturen i artikkelen er henta frå denne boka.

«Ishavsfolk si erfaring» Alme https://www.ishavsmuseet.no/produkt/ishavsfolk-si-erfaring/

«Når storstormen rasar» Ishavsmuseet https://www.ishavsmuseet.no/produkt/nar-stormen-rasar/

«Ishavsskutenes historie II» Odd Magnus Heide Hansen

«Ein gong ei ishavsbygd» Richard Bergh

Samtale med Ivar Vartdal 05.02.2020

Samtale med Petter Gudleik Liavåg 13.01.2020

Samtale med Paul Stark 17.01.2007

Samtale Bernt J Brandal 10.11.2006

Samtale Arnljot Brandal 07.11.2006

Opptak av Kåre Nilsen frå Odd Magnus Heide Hansen sitt arkiv.

Korrespondanse med Idar Eklund 2021 og 2022

Korrespondanse og telefonsamtale med Tor Arne Jakobsen 18.01.2022

1 - Kommentarar

  1. Ungsel var skuta til min far Halvor Bartholdsen. Den ble skadet, stormen reiv vekk begge fangsbåtene, og meldt savnet. Min mor født 1923 forteller at hun fryktet hun og var blitt enke. De berga seg til Island, under stor dramatikk. Skuta sank på tilbaketuren til Norge, alle ble berget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *