MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

50 år sidan «Sjannøy» sin rekordtur i Vesterisen.

sjann_y_is.jpg

30.mars er det 50 år sidan «Sjannøy» kom heim frå Vesterisen, fullasta etter berre 8 dagars fangsting.                                                                            

Av Johannes Alme – Prosjektleiar Ishavsmuseet Aarvak.                                                          

Etter andre verdskrig gjekk ishavsskipper Oskar Garnes (Ulstein kommune) saman med familie og grannar og fekk bygd ishavsskuta «Sjannøy» på Lindstøl Skips- og Båtbyggeri i Risør. Skuta hadde desse måla: Lpp 30,7 m, Bst 4,31 m Dir 3,555 m. Motoren var ein Crossley på 500 hk. Fleire har framheva «Sjannøy» som den ideelle skuta i Vesterisen. Sterkbygd, snerta å ta seg fram, og lett å skrue opp når isen sette saman.

Driftsgrunnlaget første åra var selfangst og sildefiske, torskefisket ved Vest-Grønland og ekspedisjonsturar til Grønland. I førstninga var Oskar Garnes skipper, sidan Jon Hamar, før son til Oskar, Ole Garnes tek over.

I 1965 får skuta montert kraftblokk, ei Rappblokk, og i 1967 fekk skuta ny motor, ein Wichmann på 750 hk. Samstundes får skuta vripropellanlegg. I 1969 vert gangane bygde att.

1970 er siste året med fri fangst i Vesterisen.

Utdrag frå «ARSBERETNING VEDKOMMENDE NORGES FISKERIER 1970 NR. 10 SELFANGSTEN 1970»

I 1970 deltok i alt 19 fartøyer i fangsten i Vestisen, 2 færre enn i 1969. Fartøyene var på gjennomsnittlig 156 bruttotonn. Den totale besetning var 290 mann, gjennomsnittlig 15 mann pr. fartøy. Turene varte gjennomsnittlig 41 døgn. Samlet fangst i Vestisen var 55 806 dyr. Gjennomsnittsfangsten pr. fartøy ble 2 937 dyr. Av totalfangsten utgjorde grønlandssel 18 096 dyr, herav 16 346 unger og l 750 eldre dyr. Den prosentvise fordeling på unger og eldre dyr var henholdsvis ca. 90 og 10. Av klappmyss ble det fanget 37 709 dyr, herav 25 208 blueback og 12 501 eldre dyr. Den prosentvise fordeling på blueback og eldre dyr var henholdsvis 67 og 33. Av samlet fangst i Vestisen på til sammen 55 805 dyr, utgjorde fangsten av grønlandssel 32,4% og fangsten av klappmyss 67,6 % . Den totale innklareringsverdi utgjorde kr. 10 777 000, gjennomsnittlig kr. 567 200 pr. fartøy. Det økonomiske utbytte ble meget tilfredsstillende, ikke minst takket være gjennomgående gode priser på skinnprodukter og spekk i 1970. For sammenlikningens skyld kan nevnes at i de relativt gode fangstår 1964-67 lå gjennomsnittlig innklareringsverdi pr. fartøy på kr. 354 280. Som hjelpeskip i Vestisen ble i likhet med i 1969 benyttet bjergningsbåt «Salvator».

«Sjannøy» dreiv kraftblokkfiske fram til klargjering for Ishavet. Som vanleg var det kort tid frå avslutta fiskeri til å få nota i land og ta om bord laustankane, bunkre og proviantere. Alt utstyret sto klart på Garnes, der Oskar Garnes hadde oversikt og full kontroll, ein streng, rettskaffen og omsorgsfull mann. Iskarta syner gode isforhold, og prisane er spådd å vere gode.

Fangststart er 20. mars, dei er framme ved iskanten eit par dagar før. Desse dagane brukar skipper Ole Garnes til å leite etter kastet til klappmyssen, medan det røynde mannskapet riggar skuta klar til fangst, skyt inn geværa og elles kjenne fangstiveren stige etter kvart som dei ser mørke prikkar på isen. Dei er ikkje aleine skute, der er fleire andre skuter i same området. Skipper Ole går «Sjannøy»  rett inn i eit området med mykje klappmyss. Det er full fangst frå første dag, dei fangar familiar, ikkje berre bluebacken. Det vert lange dagar, første dagen fangstar dei meir enn 1000 dyr, dei held på i 24 timar, og det er morgon før karane får seg to-tre timar på køya. Slik held dei fram med lange og gode fangstdagar. Karane får berre 2-3 timars søvn per natt, så det vert tyngre og tyngre å få liv i dei. Ein morgon kjem førsteskyttar Hilmar Vilnes med ei flaske konjakk og eit lite eggeglas når han purrar. Kvar mann får ein ørliten dram, så pass det riv i halsen og auga går opp.

Skinna vert kjølt godt av på dekket før dei vert platta ned. Sidan skuta gjekk seg rett inn i storfangst, får dei ganske raskt problem med å få plass til fangsten. Dei fleste laustankane i lasterommet er framleis fulle med brennolje. Dei toppar opp alle andre tankar, likevel er det for mykje. Ole Garnes er i radioen og spør om nokon andre skuter treng olje. Det er tidleg i sesongen og alle har rikeleg med olje enda. Problemet vert løyst, som ikkje var uvanleg den tida om slike problem oppstod, oljen vert pumpa på havet på nattetid. Det er ein god del kubikk som vert pumpa over bord, men ingen ser noko att av den lette oljen.

Fangstforholda held seg gode til torsdag 26.mars, skjærtorsdag, då er det kuling frå nord, med storm i kasta. Dei klarer likevel fangste litt, og dagen etter er skuta fullasta. Det er ikkje plass til alle skinna på tankane eller i lausfangstrommet, så 2-300 bluebackskinn vert plassert bake i gangen. Dei sluttar av fangsten, riggar ned fangstutstyret og sig ut gjennom isen. I timar medan dei går utover ser dei tusenvis av blueback på isen. Ole seier han aldri har sett noko liknande, korkje før eller sidan.

Det har vore strie døgn, med stor aktivitet, og lite søvn, så no får karane sove ut. Dei har inne meir enn 3300 feite blueback og vaksne klappmyss, så «Sjannøy» ligg tungt i sjøen. Spekkmenga syner seg etter levering å vere 104 tonn. Aktre del av dekket er under vatn både når dei går frå isen og når dei kjem til lands. Det gode er at det er stille og flatt hav, så fangstrestar og blod som er på fremste del av dekket, må spylast på havet før dei går til kai. Selfangarane kvitterer med å seie at hadde dei visst dei fekk ei så fin oversegling, skulla dei hatt 300 skinn til i gangane!

Påska er tidleg i 1970, dei kjem heim andre påskedag, 30. mars. Når skuta kjem til Garnes, står familie og vennar og tek mot dei på kaia.

Det perfekte tidspunktet for å fange blueback og klappmyss, dyktige og ærekjære fangstfolk og ein rask tur, gjer at fangsten vert karakterisert som eksepsjonell fin. Elling Aarseth kjøper fangsten, meir enn 3300 skinn, han seier han aldri har sett ein så jamn fangst med så god kvalitet. Dette kjem både skute og mannskap til gode. Mannskapslotten vert på heile 18 000 kroner.

Reiarlaget kostar ein god del på «Sjannøy» etter turen. Skuta går til Myklebust Mek. i Gursken og det vart lagt nytt galgedekk i stål. Det vert ny kraftblokk - Triplex not-vinsj, og ny not-binge ned på hekken. Elles vart det laga ny innreiing bak, ny messe, bysse og vaskerom med dusj samt ein ny lugar.

Også i 1971, 72  og 74  var «Sjannøy» første skute heim frå Vesterisen. Då var det kvoter, og det økonomiske resultatet vert mindre. (1973 fiska «Sjannøy» lodde, og var ikkje på fangst)

I 1974 bygde reiarlaget ny stor snurpar. Ishavsskuta vart seld til Paul Stark, Tromsø og vart døypt om til «Polarfangst». Han gjorde gode ishavsturar med skuta. Utanom vart skuta brukt til frakt til ute-stasjonane, andre fraktoppdrag og bruksvakthold. «Polarfangst» forliste for 40 år sidan, 16. april 1980, i Vesterisen.

Mannskap på turen:

Ole Garnes, Skipper, Hilmar Vilnes, 1.skyttar, Ingvald Johannessen, 2.skyttar, Arvid Bøe, Maskinist, Arne Haddal, Maskinassistent, Kåre Haddal, Stuert, Oddbjørn Leithe, Messegut. Fangstfolk: Frode Vilnes, Karl Johan Djupvik, Knut Johan Mikkalsen, Hans Slettmo, Jonas Sande, Håkon Håndlykken, Laurits Garen og Mads Sølsnes                            

Referansar

Ole Garnes - samtale 21.01.2020, samt diverse samtaler i Vesterisen 1992

Karl Johan Djuvik – samtale 26.03.2020

Frode Vilnes – samtale 26.03.2020

Kåre Haddal – samtale 26.03.2020

Boka «Is, skuter og folk, Isflaket 10 år»

|

AVLYST Polarkveld 20. mars kl. 19.00,

psm_2008-1x.jpg

Polarkvelden med Peter Schmidt Mikkelsen 20. mars er dessverre avlyst. Bakgrunnen er faren for smittespreiing av koronaviruset, og usikkerheita rundt dette. Ishavsmuseet følgjer utviklinga av situasjonen og vil kome med ny dato for denne polarkvelden seinare.

|

Fangstdameliv,                                        
Polarkveld 24. januar kl. 19.00,

a_linda_og_tundrak.jpg

Fredag 24. januar gjester Linda Bakken Ishavsmuseet Aarvak. Bakken held foredrag om fangstdameliv på Svalbard, samt om kvardagsliv i Ny-Ålesund, Longyearbyen og Sveagruva.

Linda Bakken har budd 12 år på Svalbard. Eit år levde ho som fangstdame i Mushamna ved Woodfjorden lengst nord på Spitsbergen.  Dette vart eit eventyrleg år med mange minnerike opplevingar. Grunna brot med kjærasten, vart Bakken åleine deler av året. Dette skapte ekstra utfordringar, men og ei større kjensle av nærleik til naturen og meistring  av utfordringar. Året i Mushamna med fangst, isolasjon, mørketid og lys blir hovudvekt i foredraget.

Bakken starta sitt Svalbardliv i Ny-Ålesund i 2005. Ishavsbyen som også blir kalla Brandal City, vart i si tid grunnlagt av folk frå Brandal. Ei lang tid med gruvedrift vart avslutta etter Kings Bay ulukka i november 1962. Staden er no ein forskingsstasjon med folk frå heile verda. Bakken budde i Ny-Ålesund i fem år, med flyplass og hamnedrift som ansvarsområde.

I 2012 byrja Bakken å arbeide for Store Norske Kullkompani i Sveagruva, der ho var operativ leiar i flytårnet. Ho budde då i Longyearbyen, og pendla på jobb med fly eller snøskuter. Når Bakken byrja i Svea, var det opp til 200 menneske der. På hennar siste jobbtur i november, var det totalt 12 stk. i  Sveagruva. Bakken fortel om nedlegginga av gruvedrifta, galskapen rundt ei gruve som aldri kom i drift, og den store endringa som har skjedd dei siste åra. 

Bakken bur no i Ålesund med sambuar og to born.

Du som kjem til Brandal denne kvelden, får servert filmklipp, bilete og forteljingar frå eit variert Svalbardliv. Klippfisk etter foredraget for dei som melder seg på til middag.

Velkommen!

|

BOK OG BALL.

folkestad_omslag.jpg

Boklansering med Torbjørn Folkestad på Ishavsmuseet torsdag 7. november kl. 18.00.

Folkestad vil lansere si ferske bok «Drømmen om selfangst og Grønlandsfiske», en skårunges beretning.

Torbjørn Folkestad hadde tidleg ein draum om å bli fangstmann og fiskar. Hans naturlege rollemodellar dreiv med fangst og fiskje. På øya der han vaks opp var havet ein naturleg arbeidsplass og havet hadde tidleg ei dragning på Folkestad. «Alle advarte meg», seier Folkestad, som med denne boka tar lesarane med på sin første tur på selfangst som 15 åring. Han fortel også i boka om turar han seinare hadde på linefiske ved Grønland og på Newfoundland.

Om bord i båtane trefte han mange forskjellige menneskje, alle fantastiske personar som hadde levd dette livet i mange år. Det harde og farefulle yrket hadde nok utvilsamt prega mange av dei, og også meg sjølv, seier Folkestad. I boka si skriv han om nokre av desse barske karane som var mykje vekke frå heim og familie. Då dei kom heim var det høgtid for mange – og for nokon, eit hardt liv.

Folkestad fortel også i boka litt av historia til eit av reiarlaga: Pr. Brødrene Davik. Historia fortel om ei dramatisk avgjersle i aprildagane i 1940 som grunnleggjaren av reiarlaget då tok om ei flukt vestover i havet, og om ein sterk kjærleik mellom to menneskje. Den som var leiar for flukta var ein innovative og handlekraftig person; reiar og skipper Nils Davik.

På Ishavsmuseet denne torsdagen får du høyre Torbjørn Folkestad fortelje om boka si og sine eigne opplevingar som skårunge på selfangst. Han fortel at han gler seg spesielt til å få kunne lansere boka si nettopp på Ishavsmuseet, i same bygget som han feira sin 16 års dag ved levering etter sin første tur på selfangst. Det vert sjølvsagt høve til å kjøpe boka. Ishavsmuseet serverer potetball med alt av godt tilbehøyr før boklanseringa, klokka 14.00-18.00. Velkomne!

|

Hjarteleg velkomen til julemesse på Ishavsmuseet 16. og 17. november 2019

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for messa er stolte av å kunne by inn til den største julemessa så langt ved Ishavsmuseet, med heile 59 utstillarar som byr fram sine fantastiske produkt. Dette skjer i messa sitt tiande år.

Heile programmet og oversikt over utstillarane finn du under her:

program_messa_2019.pdf

Familiesøndag.  

Søndag kan du prøve deg som båtbyggar
Søndag kan du prøve deg som båtbyggar

Søndag 20. oktober kl. 13-17 inviterer vi små og store til familiesøndag på museet. Ymse aktivitetar for borna, film frå polarområda og familiebuffet med varme og kalde rettar, kaffi og dessert. Velkomne til ishavsbygda søndag!

|

Sel, sild & supe.

Søndag 13. oktober kl. 13-17, 

buffet med selgryte, selkjøtkaker, sildekaker og mjølkesupe.

Sel, sild & supe var kvardagskost for 100 år sidan på våre kantar. Selfangst og sildefiske var dei viktigaste næringane i fleire ti-år etter 1900. Men selfangst har det nok vore langs kysten vår så lenge det har budd folk her.

På 1500- talet fekk sildefiske i Noreg ikkje lenger berre verdi som ein lekk i naturhushaldet, men no vart det mogleg å fiske langt større mengder fordi ein no fekk salte og utføre silda. Dette kom av at nye handelsinteresser gav betre vilkår for norsk sildefiske enn f.eks i mellomalderen. I 1699 kom vårsilda til Vestlandet og den vart ein stor årleg ressurs fram til omlag midten av 1780-åra. Særleg stor silde-tyngde skal det ha vore nord for Stadt i ein tjue års bolk frå 1736. I Noreg gjekk 1700 talet ut med tomme sildegarn og sildenøter.

Frå rundt 1806 til ca. 1870, hadde vi ein ny rik sildebolk med vintersild. Det var i denne bolken at skøytene vart utvikla og silda kunne takast lenger ut frå land. Dette førte vidare til at sildefiske ved Island vart ei ny stor næring.

Folk i Siglufjordur snakkar ofte om to norske landnåm. Det første då Tormod den sterke tok land i Siglufjordur rundt år 900, og det andre i 1903 då fleire norske fiskebåtreiarar kom med sine fartøy og la grunnlaget for ein stor sildestad i ein liten fjord yst i havgapet. Desse fiskarane kom frå Bergen, Brandal, Bømlo, Espevær, Hareid, Haugesund, Stavanger, Ulsteinvik, Vartdal, Vedavågen, Åkrehamn og Ålesund.

Under første verdskrig var det nesten heilt slutt på sildefiske igjen, men i 1919 tok sildefisket atter fart.

Vi skal ikkje gå så langt tilbake i tid før silda var svært vanleg i kvardagen. Der var sild til fleire måltid om dagen. I Trøndelag klokka kl. 10 stod det første kokte måltidet på bordet med Spekesild, kokte ureinska poteter, og supe. I Møre og Romsdal var det om morgonen kokte poteter og sild med flatbrød til, middagen var poteter og spekesild.

I tidligare tider var det silda som berga fiskarkona og ishavskjerringa til å ha mat på bordet medan mennene var på havet. Sild og havregrynssuppe måtte mette mang ein barnemunn i ei trong hushalding. Sild vert i dag brukt som festmat til både store og små.

|

Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 11. oktober kl. 19.00.

Vegar Brandal «I Nansens fotspor»

mai2011_128_vegard.jpg

Vegar Brandal «I Nansens fotspor»

Vegar er oppvaksen i og bur i Ulsteinvik. Han er utdanna frå Norges Idrettshøgskule med blant anna friluftsutdanning. Vegar har guida nokre turar blant anna i Russland og Kirgistan, og på Grønland. Han har vore på tur med både Cecilie og Truls, og både bestefar og oldefar er legendariske ishavsskipperar. Gradvis har polarinteressa til Vegar også fått utvikle seg. Dette har mellom anna materialisert seg gjennom eigne ekspedisjonar. Fredag vil Vegar Brandal fortelje om si sjølvopplevde kryssing av Grønland – i foredraget ”I Nansens fotspor”.

Foredraget Vegar kjem til Brandal med, vil handle om kryssinga av Grønlandsisen frå vest til aust, og litt om førebuingane til dette. Ruta som dei brukte under turen våren 2011 ligg litt nord om den ruta som Fridtjof Nansen brukte i 1888. Føredraget er lagt opp med bilder og film.

Eit spanande foredrag som vi gler oss stort til å få ta del i.

Tøffing

Vegar Brandal er ein friskus. Han er glad i naturopplevingar, noko som speglar seg i ulike gjeremål og stunt han utfører på fritida. Ikkje berre trivst 43-åringen i fri og frisk luft; han har også erfaring med å guide andre eventyrlystne under krevande naturforhold.

Vegar Brandal er glad i polarhistorie, og gjennom å ha tileigna seg kunnskap om ulike polarheltar sine bragder, vaks det fram ei eventyrlyst om å få smake på polarnaturen, han også. Is og kulde skulle uansett ikkje vere det største problemet for ein fyr med etternamnet Brandal. Likevel må det seiast, ei kryssing av Grønlandsisen – uansett kva retning det skal vere – er det heller få som maktar å utfordre. Vegar sitt turfølgje (eller ekspedisjon) valde å krysse isen frå vest til aust. Vegar var ein av tre guidar; Cecilie Skog var ein av dei andre guidane. Til saman 12 betalande kundar var med på turen.

Publikum får høyre Brandal fortelje om planlegginga og utfordringane på turen. Den visuelle delen av foredraget – som er sett saman av snuttar av levande bilde og fotoseriar signert hovudpersonen sjølv – viser den spektakulære naturen. Både i solskin og i styggevér. Det var aldri lange pausane. I snitt gjekk laget 35 kilometer per dag.

– Ein kan sjå på det som monotont. Men vi gleda oss over nyansane i landskapet. Dagane då det var strålande sol og ikkje eit vindpust var sjølvsagt heilt ubeskrivelege. Men det var også godt å oppleve at gruppa funka då snøstormen rasa. Høgdepunktet var å sjå fjella den siste dagen. Det var heilt spesielt, seier Vegar Brandal.

Ishavsmuseet byr som vanleg på middagsservering under polarkvelden, og denne gong er det bacalao-buffet med kvit og raud bacalao på menyen. Denne gong vert det buffet frå kl. 17.00 til kl. 21.00.

Påmelding for middag. Billett foredrag og middag kr. 300,- kun foredrag kr. 100,- kun middagsbuffet kr. 225,-

|
vanylven_blandakor.jpg

Søndag 29. september: Søndagsmiddag med sosakjøt og riskrem kl. 13-18. 
Vanylven Blandakor frå dekk på Aarvak kl. 18.00

Festkveld for og med Marie Lovise Widnes.

Utvalde dikt arr. for kor av Robert Skeide med fleire.

|
sommer_trio.jpg

Konsert med Sommer trio frå dekk på Aarvak.

Mandag 23. september kl. 19.00

Sommer Trio består av felespelar Ingeborg Ulberg Sommer frå Røros

i Trøndelag, durspelar, trekkspelar og akkordeonist Marius Berglund frå

Skodje i Møre og Romsdal og akkordeonist og trekkspelar Kristina Farstad

Bjørdal frå Tennfjord i Møre og Romsdal.

Desse tre har spelt sammen i fleire år og dei har for anledningen sett saman eit repertoar som skal vise likskap, skilnadar og tradisjonslinjer mellom bygdedans- og runddanstradisjonen i Trøndelag (med fokus på Rørosområdet) og Møre og Romsdal. Både i Trøndelag og i Møre og Romsdal finn ein ein veldig rik folkemusikktradisjon, og det er mykje nedskrive materiale. På nasjonalt plan har tradisjonen frå Møre og Romsdal ikkje kome så godt fram i lyset, og dette vil Sommer Trio gjere noko med. Sommer Trio vil spele slåttar som er kjende frå før, men vil ha størst fokus på nytt materiale som ikkje er blitt spelt så mykje før. I tillegg vil dei spele tradisjonsstoff frå Røros og som byggjer opp under vandringa musikken har gjort gjennom landet. F.eks er det mange polsar i Trøndelag som har det samme tonespråket som Springarar i Møre og Romsdal, og det er heilt tydeleg at det har opprinnelse i samme melodi. Blant anna vandra Fel-Jakup frå Lom mykje både i Trøndelag og i Møre og Romsdal. 

Sommer Trio vil ta med publikum på ei verbal og musikalsk reise som underbyggjer desse

tradisjonslinjene. Trioen vil også ta fram heilt nytt lokalt stoff frå Møre og

Romsdal frå Stavsetsamlinga, og Jøssvollsamlinga som er ei samling med slåttar som er veldig lite kjent. 

Røros har ein veldig godt belyst, dokumentert og mykje spelt folkemusikktradisjon, spesielt  når det gjeld dansetypen pols. Likevel kan ein finne mykje anna stoff frå Røros som er verdt å ta vare på. Det er mykje gode reinlendere og valser fra Røros og mykje av det repertoaret ynskjer Sommer Trio å ta i bruk.

Utøverne: 

Ingeborg Ulberg Sommer vert sett på som ein av dei aller best i sin tradisjon til å føre vidare denne tradisjonen frå sin heimplass, og har ei rekkje gode resultat på Landskappleik bak seg. Ho er akkurat ferdig med ein master i utøvende folkemusikk

på Noregs musikkhøgskule, der ho har hatt fokus på ulike spelestiler i tradisjonene frå Rørostraktene. Ho speler i mange forskjellige grupper med fokus på tradisjonsmusikk og nykomponert folkemusikk. 

Marius Berglund er for tida tilsett i ei 40% stilling hos Sunnmøre Museum, der stillinga er oppretta akkurat i den meining å styrke og formidle folkemusikktradisjonen i Møre og Romsdal. Han har i denne stillinga, og ved bachelorgrad på Noregs Musikkhøgskule og Landslinja for folkemusikk på Vinstra, tilegna seg stor kunnskap om dei ulike tradisjonane. Han trakterar akkordeon, trekkspel og durspel på nasjonalt nivå, og har mange medaljer frå NM og DM i Trekkspel på CV-en. I tillegg har han vore med å vunne lagdans på Landskappleiken.

Kristina Farstad Bjørdal har spelt runddansmusikk frå ho var 6 år gamal, og er brennande engasjert i å bevare og formidle folkemusikktradisjonen frå sitt heimfylke. I tillegg til dette har ho snart fullført ei mastergrad i Akkordeon frå Det Kongelege Danske Musikkonservatorium, der ho skriv hovedoppgave om korleis folkemusikktradisjonen i Noreg er linka opp mot akkordeontradisjon og undervisning. Ho spelar i fleire gammaldansgrupper, og turnerer i inn-og utland med blant anna akkordeonduoen Storm Duo (Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir).

 

Inngangsbillett 200 kr

 

|

Polarkveld om «Maud» på Ishavsmuseet 20. september kl. 19.00.

maud_slep_2018.jpg

«Maud», ekspedisjonane, forlis og berging.

«Det er ikke min akt å håne den edle drue. Men allerede nå skal du få føle litt av ditt rette element. For isen er du bygget, og i isen skal du tilbringe din beste tid, og der skal du løse din oppgave. Med vår dronnings tillatelse døper jeg deg «Maud»».

Med desse orda døypte Roald Amundsen si nye polarskute «Maud» på Vollen i Asker sommaren 1917 ved å knuse ein isklump mot baugen. «Maud» var Amundsen si skute, og var bygd for ekspedisjonen gjennom Nordaustpassasjen. Med si lengde på 120 fot og med ein semidiesel på 240 hk vart «Maud» den største av dei berømte polarskutene. Det var båtbyggar Chr. Jensen i Vollen i Asker som bygde «Maud». Etter at «Maud» var sjøsett bygde han på same slippen ishavsskuta «Veslekari», dels på overskotsmateriell etter Amundsen si skute. Korleis ekspedisjonen med Amundsen gjekk i Nordaustpassasjen får vi vite meir om under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag 20. september.

Foredragshaldar denne dagen er Jan Wanggaard. Wanggaard har vore prosjektleiar i Tandberg Eigedom som har stått bak prosjektet ««Maud» returns home».

Etter mang ein kamp med drivisen enda «Maud» opp i Cambridge Bay der ho sokk i 1930. I 1990 vert det nedsøkkte vraket etter «Maud» kjøpt av Asker kommune for 1 dollar. Maud Returns Home er eit prosjekt sett i gong av eigedomsfirmaet Tandberg Eiendom AS for å hente «Maud» heim til Vollen og Norge, etter 80 år på havets botn i Nordvestpassasjen ved Iqaluktuutiaq, Canada.

Tandberg Eiendom AS overtok eigaransvaret av «Maud» frå Asker kommune april 2011. Sommaren 2016 vart skroget heva i Cambridge Bay.

Slepet frå Cambridge Bay starta 1. september 2017 då isforholda var gunstige. Slepet overvintra ved Aasiaat på vestsida av Grønland. Vraket vart deretter slept over Atlanterhavet sommaren 2018. 19.august 2018 kjem ho for første og siste gong på besøk til Uranienborg (Roald Amundsens heim) på Svartskog før ho fortsette til Tofte i Hurum der den ligg i påvente av bygging av eit «Maud»-hus i Vollen.

Foredragshaldar Jan Wanggaard vil fortelje og vise film og bilde frå både Amundsens ekspedisjon og arbeidet med hevinga og slepet av «Maud». Vi får sjå og høyre om ein svært så spanande og krevjande jobb.

Etter foredraget vert det servert middag, og denne gong er det biff av sel med fløytepoteter og omnsbakte grønsaker på menyen. Påmelding for middag.

|

Polarkveld om Arktisk Jaktsafari på Ishavsmuseet

kjell_kj_r.jpg

Fredag 30. august kl. 19.00 er det Kjell G. Kjær som opnar haustens runde med polarkveldar på Ishavsmuseet, med føredraget «Arktisk jaktsafari 1859 – 1909» Frå byssa på museet vert det, passande nok, servert steik av moskus.

Kjell Kjær har kome med bok om jaktsafari i arktis i perioden 1859-1909, og føredraget på Ishavsmuseet vert også ein bokpresentasjon.

Kjell-G. Kjær kjem frå Tromsø, og har studert historie ved Universitetet der. Han er forfattar av ei rekkje artiklar i årbøker og i «Polar Record» som vert gjeve ut av Universitetet i Cambridge, og Kjær har hatt fleire artiklar i Isflaket. Tema i artiklane har vore Ishavet, skip, arktiske ekspedisjonar og fangst.

I 2012 gav Kjær ut boka Tragedien i Svenskhuset saman med Ulf Aasebø, og  i 2016 kom boka Ishavsfarerne 1859 – 1909. 

Europas aristokratar var dei første turistane på Svalbard

I foredraget på Ishavsmuseet får vi høyre at det i første omgang var britiske adelege med erfaring frå storviltjakt i Afrika, Asia og Sør-Amerika som ville nordover på jaktsafari. Etter kvart melde adelege og kongelege på kontinentet seg på, og då dei meir organiserte jaktcruisa kom i gang etter 1890, vart tilbodet også attraktivt for rike amerikanarar. Dei kom nordover å leigde ishavsskuter til sine jaktturar, andre hadde eigne yachtar. Dei leigde gjerne inn erfarne skipperar til islosar og skyttarar. Kvaliteten på fangstskutene dei leigde kunne også skape konflikt. Adelen frå Europa var oppvoksne i luksus og lite imponerte over både størrelsen og lukta i dei trange lugarane. Det var heller ikkje mykje krystall med høg stett om bord ishavsskutene.

Den skotske godseigaren James Lamont var ein av dei første som let seg inspirere av Dufferins skildringar. Han gjennomførte i alt fem jaktekspedisjonar til ishavet, og skreiv fleire bøker om turane.

Det var fleire profesjonelle selskap som marknadsførte dette, til dømes Vesteraalens Dampskibsselskap og Arktisk Sports Bureau i Tromsø, men aller størst var turistverksemda til William Bade.

Kjær vil fortelje om mange ishavsjegerar med fine titlar, mellom andre markien av Ormonde, baron Henry Gore-Booth, keisar Wilhelm II, grev Otto von Zedlitz og grev von Westerholt, men den som tok kaka, meiner Kjær, var hertugen av Orléans.

Hertugen var eksilkonge av Frankrike, men gjorde likevel alt for å leve opp til statusen som statsoverhovud. Da han i 1905 ville leige polarskuta Fram, sa styresmaktene først ja, men tvert nei da hertugen insisterte på å segle under fransk flagg.

Hertugen hadde med seg både kammerherre, livlege og butlar på turane. Det var skikkeleg stil. Da han felte ein isbjørn, serverte butlaren champagne, og det franske flagget gjekk til topps mens butlaren stemde i den franske nasjonalsongen, fortel Kjær.

I foredraget på Ishavsmuseet får vi også høyre historia om den første kvinna som skaut isbjørn på Svalbard.

Desse første adelege på jaktsafari til Svalbard sette også mange namn på øygruppa som framleis er i bruk.

Det vert høve til å få kjøpe signerte bøker etter foredraget. I kafeen på museet står det steik av moskus med godt tilbehøyr på menyen. Påmelding for dei som ønskjer middag.

 

|

Under Brandalsdagane i veke 35 byr Ishavsmuseet på mange spanande rettar:

Torsdag 29. august kl. 14-18 potetball med mykje godt tilbehør.

Fredag 30. august etter foredraget til Kjell Kjær kl. 19.00 vert det servert steik av moskus

Laurdag 31. august kl. 13-17 byr kafeen på rjomegraut

Søndag 1. september kl. 13-17 ishavets viltgryte med selkjøt.

|
img_1238.jpg

«Polarstar» går ut på nye eventyr: -

Avseglarfest på Ishavsmuseet fredag 14. juni kl. 19.00.

Etter at denne Ishavets Grand Old Lady gjekk gjennom ei omfattande restaurering i Polen er skuta no klar for ny drift igjen. Laurdag førstkomande seglar den mot nord på nye eventyr.

Men før vi kan la henne segle må det skipast til avseglarfest etter gamal tradisjon. Ishavsmuseet inviterar til avseglarfest fredag den 14. juni med selbiff og fløytepoteter på menyen. Ein god dessert høyrer også med. Her får vi også høyre meir om kva skuta skal gjere dei komande åra. Det vert nok ikkje selfangst, men mange spanande turar vil det bli. Lux & Lano vitjar oss med eit utdrag av si populære teaterframsyning der «Polarstar» hadde ei av rollene. Ingen avseglarfest utan trekkspel, og Knut Selvåg vil spele til oss utover kvelden.

Etter nokre rundar har reiaren kome til at den mest fornuftige bruken av skuta i ei periode framover vil vere reiseliv, gjerne ekspedisjonsturisme. Mats Forsberg og Ivar Haugen vil no ta henne til Tromsø som vil vere utgangspunkt for denne satsinga. Dette vil også vere i eit tett samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak, der vi saman skal utvikle skuta til å vere eit levande dokumentasjonssenter for norsk polarfangst og historie. Ishavsmuseet vil såleis nå enno lenger ut med si formidling.

Med rundt 50 turar på selfangst og ei rekkje andre spanande oppdrag i nordområda, mangla det ikkje på dramatiske episodar i brottsjø og skruis. Likevel var det  første del av 2000-talet som var mest skremmande då «Polarstar» vart berga frå opphogging to gongar. Første gong av Lars og Bjarne Brandal. «Polarstar» var slita då Willy Nesset fekk hand om skuta og redda den frå opphogging i 2008. I 2013 går «Polarstar» til Polen for restaurering i nært samarbeid med Riksantikvaren, ved VS Poland og Marine Constructions, Szczecin, sine anlegg.

  1. august 2017 kjem skuta heim til Brandal til ein folkefest med nær 2000 menneske som applauderte skute og reiar til kai.

 «Polarstar» er ein juvel som for komande generasjonar skal minne oss om den store og dramatiske ishavshistoria som for landet vårt har hatt så stor betydning.

Laurdag ettermiddag seglar den ut på nye eventyr og du er velkomen til å vere på kaia å sjå den vel av gårde.

Påmelding til museet om du vil delta på avseglarfesten fredag. Billett for mat og underhaldning er kr. 300,-

|

Bli med "Polarstar" på ekspedisjon!

polarstar_kjem_heim_fr_restaurering_i_polen_.jpg

Unik sjanse

Bli med segnomsuste «Polarstar» på sitt første passasjercruise langs norskekysten!

  1. juni - 20. juni / Brandal – Tromsø (en vei)

6 Dagar / 5 netter

Sjå pdf for meir informasjon.

ms_polarstar-brandal-troms_.pdf
|

Store Forlis.

img004_forland_forlis.jpg

Talet på forliste selfangstskuter har i alle tider vore høge.
For 95 år sidan, i 1924, forliste det 11 skuter på eit døgn i Kvitsjøen.
Mannskapa på alle skutene vart berga.
Fotoet syner ishavsskuta «Forland» som vert skrua ned i Kvitsjøen 25. april 1924.

|
polarstar_ut_fr_hj_rungav_g.jpg

Bli med «Polarstar» på fjordtur!

Søndag 19. mai avgang  kl. 11.00 frå Brandal

Fantastisk flott fjordtur frå Brandal, inn fagre Hjørundfjorden, Urke, Øye, Sæbø, og tilbake til Brandal med ankomst ca kl. 17.30

Billett kr. 1.000,- pr. pers, inkl. lunsj

Påmelding til Ishavsmuseet post@ishavsmuseet.no tlf 700 92 004

Arr. Ishavsmuseet og Ishavsmuseets Venner

|

Velkomen til oss 17. mai!

17. mai er Ishavsmuseet ope kl. 11-17. I kafeen byr vi på stor 17. mai buffet med varme og kalde rettar frå kl. 13-17.

Polarkveld med bokpresentasjon og boknasild på Ishavsmuseet 5. april kl. 19.00

«Fanget i polarisen»

rem_y.jpg

I 1921 gjekk ishavsskuta D/S «Remøy» ut på selfangst i Kvitesjøen. I tillegg til kampen mot skruinga i isen vert dei tekne i arrest av russerane som meinar dei er innanfor grensa. Dei vert heldne tilbake i 10 månadar. Det er dette som er det dramatiske bakteppe når forfattar Svend Otto Remøe kjem til Ishavsmuseet fredag 5. april for å presentere boka si «Fanget i polarisen».

Svend Otto er borneborn til den kjende ishavsskipper Sigvald Remøy. For nokre år sidan byrja han å studere historia om sin farfar og turane på selfangst. Svend Otto bur sjølv på Hamar og er spesialrådgjevar i Noregs Forskingsråd, men besøkte sin farfar kvar sumar ute på Remøya. Her fekk han høyre mang ei historie frå selfangsten som sette sine spor.

Kvitesjøen var eit nokså nytt fangstfelt i 1921 då denne hendinga i boka er frå. Marknaden for skinn og spekk hadde under første verdskrig vakse kraftig, og det var viktig og finne nye fangstfelt om ikkje det skulle bli tilbakegang for næringa. Dette var bakgrunnen for at det i 1918 var fleire skuter som gjekk ut for fangst i Kvitsjøen.

Skipper Sigvald Brandal med skuta «Helga» var først ut i den norske fangsten inne i Kvitsjøen, i 1911. Han tok seg inn gjennom isen og kom heilt fram til sjølve kastet. Det var Brandal sine erfaringar dei andre skutene støtta seg på då dei i 1918 gjorde framstøyt på dette «nye» feltet og vart starten på 20 år med eventyrlege fangstar i Kvitsjøen. Ikkje på noko anna fangstfelt har det forlist så mange skuter. I perioden 1924 til fangsten vart avslutta i Kvitsjøen i 1939 skjedde 60% av alle forlis på dette feltet. I 1928 forliste det her 11 (!) skuter på eit døgn.

Men fangsten i Kvitsjøen fekk også raskt ei anna utfordring, noko som boka til Remøe fortel meir om på ein framifrå måte. Kvitsjøen vart omstridt. Russland protesterte på denne norske fangsten inne i Kvitsjøen, sjølv om det vart framforhandla ein avtale med russarane som gjorde at Noreg, mot ei godtgjersle, kunne få fangste med ein viss totaltonnasje i Kvitsjøen. Svend Otto Remøe har lagt ned eit godt stykke arbeid som forfattar av denne boka. Boka tek for seg både den politiske delen, og fangstdelen på dette fangstområdet.

«Fanget i polarisen» er ei gripande forteljing om ei dramatisk historisk hending, og ei hylling til kvardagsslitet og vågemotet som var med på å bygge det moderne Noreg.

Etter foredraget til Svend Otto Remøe vert det servert boknasild og mjølkesupe med godt tilbehør i museumskafeen. Påmelding for middag.

|

Quiz-kveld fredag 22. mars kl. 19.00.

Ishavsmuseets Venneforeining byd inn til quiz-kveld på museet fredag 22. mars kl. 19.00. Førehandspåmelding av lag, 2-6 pers, til museet.

Quizmaster Sindre.

|
1234...11Neste

 

Opningstider

April, Mai, September & oktober
Frå 15. april til 20. oktober
Kvardagar 11:00 – 16:00
Laurdag & søndag 12:00-16:00
Juni, Juli & August
Alle dagar 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 90 / Born Kr. 40


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS