Skriv ut

Polarkveld med bokpresentasjon og boknasild på Ishavsmuseet 5. april kl. 19.00

«Fanget i polarisen»

rem_y.jpg

I 1921 gjekk ishavsskuta D/S «Remøy» ut på selfangst i Kvitesjøen. I tillegg til kampen mot skruinga i isen vert dei tekne i arrest av russerane som meinar dei er innanfor grensa. Dei vert heldne tilbake i 10 månadar. Det er dette som er det dramatiske bakteppe når forfattar Svend Otto Remøe kjem til Ishavsmuseet fredag 5. april for å presentere boka si «Fanget i polarisen».

Svend Otto er borneborn til den kjende ishavsskipper Sigvald Remøy. For nokre år sidan byrja han å studere historia om sin farfar og turane på selfangst. Svend Otto bur sjølv på Hamar og er spesialrådgjevar i Noregs Forskingsråd, men besøkte sin farfar kvar sumar ute på Remøya. Her fekk han høyre mang ei historie frå selfangsten som sette sine spor.

Kvitesjøen var eit nokså nytt fangstfelt i 1921 då denne hendinga i boka er frå. Marknaden for skinn og spekk hadde under første verdskrig vakse kraftig, og det var viktig og finne nye fangstfelt om ikkje det skulle bli tilbakegang for næringa. Dette var bakgrunnen for at det i 1918 var fleire skuter som gjekk ut for fangst i Kvitsjøen.

Skipper Sigvald Brandal med skuta «Helga» var først ut i den norske fangsten inne i Kvitsjøen, i 1911. Han tok seg inn gjennom isen og kom heilt fram til sjølve kastet. Det var Brandal sine erfaringar dei andre skutene støtta seg på då dei i 1918 gjorde framstøyt på dette «nye» feltet og vart starten på 20 år med eventyrlege fangstar i Kvitsjøen. Ikkje på noko anna fangstfelt har det forlist så mange skuter. I perioden 1924 til fangsten vart avslutta i Kvitsjøen i 1939 skjedde 60% av alle forlis på dette feltet. I 1928 forliste det her 11 (!) skuter på eit døgn.

Men fangsten i Kvitsjøen fekk også raskt ei anna utfordring, noko som boka til Remøe fortel meir om på ein framifrå måte. Kvitsjøen vart omstridt. Russland protesterte på denne norske fangsten inne i Kvitsjøen, sjølv om det vart framforhandla ein avtale med russarane som gjorde at Noreg, mot ei godtgjersle, kunne få fangste med ein viss totaltonnasje i Kvitsjøen. Svend Otto Remøe har lagt ned eit godt stykke arbeid som forfattar av denne boka. Boka tek for seg både den politiske delen, og fangstdelen på dette fangstområdet.

«Fanget i polarisen» er ei gripande forteljing om ei dramatisk historisk hending, og ei hylling til kvardagsslitet og vågemotet som var med på å bygge det moderne Noreg.

Etter foredraget til Svend Otto Remøe vert det servert boknasild og mjølkesupe med godt tilbehør i museumskafeen. Påmelding for middag.