Driftig

Andre namn"Veslemøy" 1931
Eigar1913 Anton, Iver og Edward Larsen, Ålesund
1918 A/S Sæl, Ålesund (Nils J. Ræstad)
1923 A/S Alfa (Edward og Iver Larsen), Ålesund
1928 A/S Driftig (Edward Larsen), Ålesund
1931 Selfangst og Havfiske A/S (Elling Aarseth, Edvard Leira og Peder Andresen)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 127 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftBolsønes, Molde
Byggeår1913
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår94,3 fot
Mål i breidde, byggeår22,8 fot
Mål i djupne, byggeår9,8 fot
Tonnasje121,68 brt 1913
120,42 brt 1931
Maskin, orginaltAalesunds MV 100 hk
SkipperarLeonhard Larsen (1914-1916)
Ragnvald Abrahamsen (1917-1919)
Vebjørn Landmark (1920første tur)
Bertel Chr. Landmark (1920)
Hofseide (1923)
Sofus Jørgensen (1926)
Ombyggingar Verft1931 Ein del ombygging av lugarar
ForlistForliste 5. april 1931 i Vesterisen
Utfyllande opplysningar

«Driftig» var på sin første ishavstur i 1914.

4. april 1931 ligg «Veslemøy», som skuta no heiter, på fangst i Vesterisen då dei får noko småis i propellen. Den eine vengen vart noko bøygd og tok i stilken, men ikkje verre enn at dei kunne bruke maskina. Men midt på dagen den 5. april kom sjøen brått veltande inn gjennomstilken. Hylsa stod då fleire tommar inn i maskinrommet. Sjølv om alle lenser vart sette i gong fortset vatnet og stige. Prøvar dei å bruke maskin så aukar det på. Det vert signalisert etter hjelp til «Brandal» og «Polaris», og etter ein time når «Polaris» fram. «Polaris» slepar «Veslemøy» til ei råk for nærare undersøkingar. Under slepinga auka lekkasjen kraftig. Dei prøvar å sette inn kilar og pakke det til med feitt, men dei lukkast ikkje. Skulle det vere von om berging trengte dei assistanse heile vegen heim til Noreg. Skipperane på «Polaris» og «Brandal» såg på dette som nyttelaust når skuta alt no hadde problem med å lense unna vatnet. Vinden var aukande og dønningen gjekk alt tungt. Skipperane meinte dei ville ha nok kvar for seg, utan ei skute som var søkkeferdig. Dei tilbaud å ta med mannskpet. I sju-tida på kvelden gjekk så 11 mann ombord i «Polaris» og 4 mann ombord i «Brandal». Klokka 22 var veret blitt slik at dei to bergingsbåtane måtte gå til havs. Då låg «Veslemøy» med dekket i vatn. «Veslemøy» gjekk ned med 1600 sel ombord.

Islandstur med forviklingar i 1916 med «Driftig»

Fortalt av Robert Drøsdal. 

Brørne Larsen hadde ei nokså ny prektig skute som heitte «Driftig».  I august tok skuta inn tønner, omlag 1000 i talet, og salt, for tur til Island etter sild. Utrustninga elles var snurpenot, og elles hadde ein og reiskap til å skaffe seg kokfisk med. Drøsdal var med. Det kunne vere meir og tene på ein slik tur enn på arbeid i land. Og eventyret lokka.

            -Veret var ikkje av det aller beste, og ikkje fann vi stort med sild heller. Vinden og sjøen auka på, skodde var det òg. Skipper Leonhard Larsen meinte det var best og gå opp under iskanten for å gå klar dei engelske marine fartya som patruljerte i området. Men engelsk mannen fann oss like vel når skodda letta. Det var ein liten engelsk kryssar. Heilt fri for sild var vi ikkje, og engelskmennene var redde for at lasta kom til å gå til Tyskland. Vi fekk difor ordre om å gå til Lerwick på Shetland. Skipperen bad om løyve til å gå til Siglufjord, så han fekk snakke med den norske konsulen der. Det fekk han. Men vi gjekk ut derifrå om natta i tungt ver, og såg ikkje meir til kryssaren. Glade var vi for det.

   Gleda varde likevel ikkje lenge. Det dukka opp ein engelskmann til, og no fekk vi pricemannskap ombord, ein løytnant og to menige. Det var kjekke karar, men ingen av oss kunne snakke noko særleg med dei. Det vart storm, full storm, og vi låg på veret i 4 – 5 dagar. Det var løyntnanten som var på brua, og han fekk trøbbel med navigasjonen og gav ein kurs som ville føre oss opp under Norge. Dette var skipperen vår oppmerksam på, men han sa ingen ting om dette til engelskmannen, men han informerte oss andre om det. Han hadde rett. Eg stod til rors då vi fekk det første glimtet av Marsteinen fyr. «Oh yes», godta engelskmannen seg. «Peterhead» (I skottland nord for Aberdeen). Vi let han vere i den trua, og heldt kursen innover mot land. Løytnanten kjende seg vist ikkje igjen og vart litt stuss, og ville endre kursen. Men det var for seint, vi var innanfor territoralgrensa. Vi kom opp under Skjellanger, og der låg kanonbåten «Fridtjof».

   No bar det nordover til Florø. Vaktbåten låg i Måløy, men kom sørover og avvepna engelskmennene. Dei vart sende med snøggruta til Bergen, og var vist i godt humør. Vi gjekk til Ålesund. Turen hadde vore spanande, men ikkje særleg innbringande.

I isen ulykkesåret 1917.

Søndag 23. mars gjekk «Driftig» frå Ålesund. Dei hadde blitt litt hefta. Mellom anna hadde tjuvar vore ombord og stole kompasset. Det var forbodstider, så spriten lokka meir enn kva godt var. Dei andre skutene hadde alt gått, og ein av reiarane var sur. -Ligg de her enno? Sa han. Så gjekk dei da den søndagen enda veret var stygt. Dei var 14 mann om bord. Skipper var Ragnvald Abrahamsen, ein overlag dyktig sjømann og real kar. Av mannskapet elles hugsar Drøsdal Harald Fransen frå Ålesund, Ola Tokle frå Eidsfjorden, Lars Larsen, son til Ivar Larsen, ein av reiarane, og Ola Rønning, som var 1. skyttar. Dei andre torer han ikkje namngi, det er snart 60 år sidan.

   -Ja, seier han, det var styggever då vi gikk, og det vesna på så snart vi kom ut om landet. Det var rasver heile vegen. Kolet som vi hadde i gangane og på dekk vart sopt på sjøen, alt måtte surrast og skalkast, varm mat og søvn vart det lite av. Det tok oss 11-12 døgn før vi kom til Jan Mayen.

Påskeaftan letta det, og vi gjekk inn i isen. Vi trefte «Aslak», ei anna Ålesundsskute og snakka såvidt med dei. Barometeret stod i botn. Skipperen fann det rådelegast og kome seg ut att or isen, så vi ikkje skulle bli nedskrua eller knuste til pinneved. Vi kom oss ut 2. påskedag, og hadde ikkje anna og gjere enn å lense unna uveret i rom sjø.

Sjøskvett som kom inn på dekk fraus til is med ein gong. Stag og trosser var tjukke som låra på ein mann, så islagde var dei.

Gangane for rorkjettingen fraus igjen, og vi hadde ikkje lenger styring på skuta. Vi hadde ute eit 30 kilos varpjarn som vi drog etter oss etter kvallina. Vi fylte sekkar med twist som var bløytt i olje og hengde utanbords for å dempe sjøane. Vi brukte fyringslampe for å tine hol i isen. Og gjekk så laust med øks og spett., og slik holdt vi på til veret gav seg. Maten måtte vi ta inn ståande, og holde oss godt fast. I lugaren var alt vått og klamt, vi sov ikkje, vi gjekk i ein døs alle, var ikkje or kleda heile denne tida. Vi var vel ikkje klare over alle at det var livet det galdt, men etterpå forstod vi det. Alle måtte henge i, arbeide det dei klarte og vel så det.

   Skuta heldt, men såg ikkje ut etter medfarten. Det var god sjømannsskap frå skipperen si side som berga oss. Det er det ikkje tvil om. No vart veret fint, stille sjø og sol. Vi fekk retta opp det verste og gjekk inn i isen att på 76 og ei halv grader nord. Enno kunne det vere von om fangst om vi fann gammelselen. Og det gjorde vi. Vi skaut og eit par isbjørnar og ein småkval.

Påskemysteriet i Vesterisen 1917