70 år sidan “Vestis” forliste i Vesterisen.    

Fortalt av Helge Ødegård

Datoen for forliset var søndag 23. mars, året 1952.

På den tida var eg maskinist på “Sjannøy”. «Vestis» og  «Sjannøy» var på ein måte kameratskuter. Det var gjerne slik den tid at eit par skuter heldt lag. Eit slikt lag var ofte praktisk, skipperane kunne samrå om saker og ting.

"Vestis" forliste 23. mars 1952

Det var dette med å finne fangst, Vesterisen var stor, og fangsten kunne ligge både i sør og nord. Men dei eldre skipperane hadde sine teikn, dei såg på isforhold og bygde på erfaring. Når ein fekk snakke med ein kollega så vart uklare forhold omsnakka og ofte oppklart. Dette med “kameratskuter” gav også tryggheit. Skulle det hende noko var der ei skute ikkje lang unna. Dette med kameratskuter har vel berga menneskeliv også vil eg tru.   

Tilbake til 1952, alle skutene var på leiting etter fangst. Dei fleste Sunnmørsskutene  var samla i ein flokk. Vi høyrde «Veslekari» hadde funne klappmus litt lenger vest. Men det var før lovleg fangstdato. I Vesterisen var der lovleg og fangste etter ein bestemt dato. Eg trur den datoen var 23 mars. Vi var mange skuter som var på leiting. Så tidleg på året blir der mørkt om natta i Vesterisen. Om natta var det vanleg og legge stilt. Det hjelper lite å leite etter fangst i nattemørkret.    

Sjannøy i isen.

  

Ein kveld vi la stilt, var  dei fleste skutene frå Sunnmøre samla.  På selfangstskutene gjekk vi to vakter. 2. skyttar hadde vakt frå kl. 00.00 til kl. 06.00, då gjekk 1. skyttar på til kl. 12.00. 2. skyttar gjekk så til kl. 18.00 og 1. skyttar til kl. 24.00. Maskinfolk hadde same vaktordning, maskinisten hadde vakt saman med 1. skyttar. Maskinassisten var på vakt saman med 2. skyttar. Den vakta frå kl.00.00 til kl. 06.00 var som oftast ei stille fin vakt. Hadde vi hatt fangsting om dagen skulle skinna spylast og stellast, elles var det lite å gjere på nattevakta. Men vi som låg akterut kjende ofte “eim” av matlukt frå byssa. Dei som var på den vakta hadde ofte eit godt nattmåltid.         

Ja, skutene la stilt og kl. 24 var det vaktskifte. Dei fleste skipperane hadde stått i tønna heile dagen og skulle stå der også neste dag, så dei kraup tidleg til køys. Men “Store-Kvien” på  «Kvitungen» hadde trøbbel med radioen, så han var vaken. Kvien merka at isen forandra seg, begynte å sette saman. Så «Kvitungen» gjekk lenger ut. Då Kvien fekk radioen i orden begynte han å kalle på skutene og fortelje om den nye situasjonen. Skutene begynte å gå til ein sikrare plass. Men det hadde nok teke litt tid før Kvien hadde fått i stand radioen. Då han kom med sin advarsel var isen tung og teit. Personleg søv eg godt, men den natta vakna eg av tung “bauing”. Såg på klokka og undra meg over 2. skytteren som brukte skuta så hardt om natta. Men sovna til igjen og sov til eg vart purra kl. 05.30. Vi låg ennå stilt, det var for mørkt til å leite etter fangst. Då vi kom i messa fekk vi vite grunn for den harde “bauinga”. Det var nok litt meir dramatisk enn eg var klar over.  Skipperen (Jon Hamar)  vart purra og for opp i riggen litt lettkledd. Så det var han som brukte skuta hardt den natta. Hamar fortalde seinare, «eg fekk ein isfot, så eg måtte ta ein sjanse. Det hadde knapt gått med ei anna skute, men ho (“Sjannøy”) “vere” propellen så godt».     

Kvitungen i Vesterisen 1958

Då vi låg der kalla “Vestis” på oss og bad oss ta det med ro ei stund, dei hadde blitt fast der inne. “Vestis” fekk is på roret og sleit rorleidninga. Det tok litt tid og få denne reparert, og i mellomtid vart skuta fast. Skipperen på “Vestis” trudde det skulle gå å få skuta laus og ut av knipa. Ja, vi tok det med ro og venta på “Vestis”. Då vi hadde  frukost kom 1. skyttaren med gladmelding, no kjem ho, sa han. Det tok litt tid for skuta kom, men det var ikkje “Vestis”, det var “Grande” som kom. Den skuta var også litt hardt ute, ho hadde fått ein del  skade, men dei kom seg ut. 

 «Vestis» låg framleis fast. Isforholda vart verre og skipperen på “Sjannøy” tok til å bli litt uroleg.

“Eg trur dei snart må forlate skuta skal vi berge mannskapet”, sa han. Det var ikkje lett for Hamar å forslå dette for skipperen på “Vestis”, men han sa korleis det var der vi låg. Isen la fort på, og der var svær isbakse utanfor. Avstanden til “Vestis” berre auka. Skipperen på “Vestis” måtte berre gi opp vona om å få skuta ut. Den hadde fått mykje skade. Maskinisten fortalde at då han skulle i lugaren og hente diverse utstyr, var skutesida komen så langt inn at det var snaut han fekk opp lugar-døra. I maskinrommet var bunkerstankane komne nesten inn til motoren.        

Klokkeslett kva tid dei forlet skuta huskar eg ikkje, det måtte vere rundt middagstider. Dei hadde langt å gå før dei nådde iskanten. På “Sjannøy” låra vi ein fangstbåt. Den låg ved iskanten og plukka opp mannskapet frå “Vestis” etter kvart som dei nådde så langt. Det tok litt tid for alle kom seg fram. Der var dei som var unge og spreke, dei kom først. Der var også litt forskjell på kor mykje personleg utstyr dei drog på, nokre hadde lite, andre meir. Litt låg vel igjen når folk vart slitne. Så vidt eg huskar var Lervik (Skipperen) ein av dei siste vi fekk ombord.  For Lervik var dette eit hardt slag. Han i lag med maskinisten eigde skuta, så her var det personleg økonomisk tap. “Vestis” var ei fin skuta. Dei hadde hatt mange gode turar og kosta på skuta ettersom dei makta. Dei hadde skifta motor og gjort andre forbedringar på skuta. Då Lervik sette seg på luka, heilt utsliten etter marsjen, såg vi tårer i augo  hans. Eg forstår godt korleis han hadde det i den stunda. Skuta han var glad i, og den litt uvisse framtida.          

Ja, no  var vi to mannskap ombord i “Sjannøy”. Dette med dobbelt mannskap er litt problem. Men på selfangstskutene er der “kutyme” for slikt. Det forliste mannskapet tok i bruk køyene til dei som hadde frivakt. Fangstmennene tok frivakta sine køyer forut og dei andre akterut. Vi skøya med dette, no slapp vi å legge oss i kalde køyer. Stuerten fekk litt hjelp i byssa, det vart litt mykje arbeid og koke til dobbelt mannskap. Men alt dette gjekk greitt.            

Då vi låg å venta på folka frå “Vestis”, var Hamar ofte i riggen, isen la fort på kanten. Der var også mykje is utanfor den råka vi låg i. Det var stor tung is og dønning. Mesteparten av mannskapet på  Sjannøy” stod på halvdekk og følgde med dei som kom over isen. Eg var der ilag med dei andre. Hamar kom og stod der ei stund. Han gjorde eit lite teikn, ville snakke med meg.                          

 Vi gjekk over til andre sida av kaisinga. Hamar sa: ” Isen set fort i hop, eg skal få skuta ut, men det er ikkje sikker ho blir  heil”. Når eg slår full fart vil eg ha alt motoren tåler. Då forstod eg litt av alvoret. 

Straks vi hadde fått alle ombord slo Hamar full fart. Men han slapp å bruke skuta hardt. Hamar hadde funne seg ei smal råk, so vi kom uskadde klar isen. Då vi var på veg ut kalla “Furenak” på oss, dei hadde naturlegvis følgt med på radioen og var glad alt gjekk godt. Aksnes, skipperen på “Furenak”, fortalde at der dei låg var det godt “avhold” og trygt å ligge. Vi tok peiling på “Furenak” og stemde ditt. Då vi kom fram fekk vi sjå nokre få skuter i fangst. Dei hadde funne eit lite selkast. Aksnes meinte vel vi skulle ha litt premie for berginga av mannskapet på “Vestis”. Det var derfor han kalla på oss. Når eg skriv dette har det er gått 50 år, så eg skal vere forsiktig, men eg trur vi fangsta nesten 300 kvitungar i dette kastet. 

Furenak

 Mannskapet på “Vestis” vart ombord hjå oss nokre dagar. Men på ein måte hadde dei flaks. “Veslekari” hadde fått skader så dei måtte avbryte fangsten å gå heim. Vi leverte det forliste mannskapet til “Veslekari” og den gjekk til Ålesund. Vil tru der vart same fordeling av køyplass på  “Veslekari” som det vi hadde på “Sjannøy”. 

Ein ting vil eg fortelle. Der var heilt stilt på fiskeribølga. Heile fangstfloten var spent på korleileis  det gjekk med folka på «Vestis». Ville «Sjannøy» klare å berge alle?   

1952 var det store katastrofeåret i Vesterisen. Mannskapet på “Vestis” var heldig, dei kom frå det med livet i behald. Seinare  forliste der 5 skuter det året, mannskapet på dei skutene fekk alle ei våt grav. Men det er ei anna historie.              

Eg kjende godt skipperen på “Vestis”. Bror min (Hans Ødegård), hadde fleire turar vore mannskap på “Vestis”. Noko av det første Erling Lervik sa til meg, då han kom ombord  til oss var: Han var heldig bror din som ikkje vart med oss i år. Broren min var med “Buskø” i staden for “Vestis”. “Buskø” var ei av dei skutene som forliste nokre dagar seinare, der var det ingen som berga livet.

Der var fleire skuter som fekk skader denne natta til den 23. mars 1952. Det var ei lei natt.

Helge Ødegård

Meis om «Vestis» kan du lese her: https://www.ishavsmuseet.no/skutekatalog/vestis/

1 - Kommentarar

  1. Stor takk til Helge Ødegård for den informative artikkelen om denne,hendinga i Vesterisen i 1952. Helge var ein flott representant for Ishavsnæringa som eg var heldig å bli godt kjend med i tida hans ombord i Sjannøy,og hans mange artiklar m.a.i Isflaket stadfester at han hadd kvalifikasjonar ut over det å halde Crosslyen i sikker driftsmessig stand. Idenne samanhang vil eg også gi takk og honør til skipper John Hamar for,innsatsen både i denne samanhang og for åra ombord i Sjannøy, han var ein av dei store ishavskipperane i næringa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *