Nyhende

Polarkveld fredag 13. oktober kl. 19.00Eirik Raudes LandI spora etter Hallvard Devold og Helge Ingstad

Oddvar Svendsen kjem til Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 13. oktober kl. 19.00. Nordaust-Grønland var på 1900-talet eit viktig fangstterreng for norske og danske fangstfolk, her stod ein av Noregs arktiske vêrstasjonar, og her blei Eirik Raudes Land til då Hallvard Devold heiste det norske flagg og erklærte området for norsk i 1931. Helge Ingstad blei oppnemnt som sysselmann og i varetok norske interesser fram til Haag-domstolen i 1933 gav Danmark råderetten over heile Grønland.

Førehandsbestilling:Polarstar  Ishavets Grand Old Lady

Boka om Polarstar, Ishavets Grand Old Lady, vert lansert på Ishavsmuseet fredag 25. august kl. 19.00. Har du ikkje høve til å besøke Ishavsmuseet for å sikre deg eit eksemplar den første tida, kan du førehandsbestille boka og vi pakkar og sender bøker fortløpande frå den 28. august. NB: Det er eit begrensa antall bøker som vert lagde ut for førehandstinging. Kr. 398,- + porto.