Da jeg ankom Hvalrossbukta i Juni 1968, lurte jeg virkelig på hva jeg hadde gitt meg ut på.
Ett års kontrakt i denne ødemarka!?
Men etter kort tid endret dette synet seg totalt. Jan Mayens natur er vill og utilnærmelig. Svarte, skarpe lavaformasjoner stiger mot himmelen. Ikke en busk eller et tre som kan gi ly. Et tynt moselag gir et grønnlig skjær til de åsene der mosen har klart å klore seg fast. Om vinteren prøver stormene med alle midler å blåse alle «inntrengere» til havs. Men de dagene da skyene ikke ligger i bakkehøyde, eller tåka er tykk som suppe, eller snøfokket hindrer en å se fingrene på en utstrakt arm, da er det ubeskrivelig.
Å se Beerenberg strekke sitt mektige vulkankrater til 2277 m høgde, mens sola reflekterer lyset fra snøhvite breer, det kan ikke beskrives. Det må oppleves.
Gunnar Myklebust er første mann ut i ny runde polarkveldar ved Ishavsmuset denne hausten. Denne polarkvelden er også boklansering frå Samlaget med den rykande ferske boka til Myklebust, Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot.
Torsdag 1. mai stod Hareidsordførar Anders Riise for sesongopninga av Ishavsmuseet Aarvak. Nytt av året er mellom anna ein ny båthall, med bord frå ein sunnmørsk ottring på veggen, og ei heilt ny 4. etasje.
Ishavsmuseet opnar for ny sesong torsdag 1. mai. I år byr vi på mykje nytt, deriblant 200 kvadrat nye utstillingsrom. Museet er denne dagen ope 12-17, med foredrag og høgtidssam opning kl. 14.00.
Enorm interesse for polarkvelden med ishavsskuta «Polarbjørn». Dei 180 frammøtte under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag fekk med seg to historiske filmar. Opptaka til filmen om bygginga av «Polarbjørn» vart gjort under heile byggeprosessen og syner eit vanvettig arbeid med svære dimensjonar på tømmeret, utan moderne løfteanordningar. Det gjekk med godt å vel 80.000 arbeidstimar til å bygge «Polarbjørn».
I ei banebrytande vestnorsk filmsatsing har brørne Are og Sturla Pilskog i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak laga kortfilmen Ishavshanda, ein kunstfilm som utforskar korleis ver, vind og hardt arbeid formar hendene våre. I tillegg til å gå tett på hendene til fleire tidlegare fangstmenn, har dei to filma drivisen frå isbrytar og helikopter. Dette er ei poetisk og vakker reise inn i eit ”handskap” som har vore spesielt for Sunnmøre og resultatet kan du altso sjå den 25 april kl. 20.00 på Ishavsmuseet.
Etter filmen vert det servert middag, selkjøtgryte og kvelden vert avslutta med konsert med Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg. Det er begrensa med plass på middag og konsert, så påmelding til Ishavsmuseet i god tid kan vere lurt. Billett filmpremiære kr. 50,- Film, middag og konsert kr. 300,- Påmelding tlf 700 92 004 – webjorn@ishavsmuseet.no
Det er no utsolgt for billettar på middagsserveringa etter foredraget. Polarkveld på Ishavsmuseet 21. mars kl. 19.00 Ishavsskuta «Polarbjørn» (II) bygging og forlis.
145 frammøtte fekk med seg eit foredrag fullt av dramatikk når Tormod Jensen vitja Ishavsmuseet fredag 21. februar.
Hinlopenstredet, Svalbard, 19. juli 1958. Klokka har passert fem om morgonen. Tormod Jensen frå Tromsø, 16 år dette året, har nattevakt om bord på ishavsskuta «Forland». Det er mykje stor is rundt skuta.
Tormod var skuleelev, men om somrane har han teke sommarjobb på Ishavet. Sjølv om Tormod er ung, er det allereie hans andre ishavstur. Seinare skulle det verte 22 turar på ishavet, sommar og vinterfangst. 19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet.
Trygve Brandal trekte nær fullt hus då han kom heim til sine eigne i ishavsbygda 31. januar. Med seg hadde han føredraget «Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1800-1900.»
Ishavsskuta Forlands forlis og berging ved Svalbard i 1958. 19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet. Høyr historia frå ein av dei som var om bord!
Trygve Brandal vert årets første foredragshaldar i ei rekkje på 4 polarkveldar våren 2014.
Isflaket nr. 4-2013 er kome ut, og alle som abonerer på dette bør ha det i posten før julekvelden ringer inn. Er du ikkje medlem kan du melde deg og få dette nummeret + heile 2014 for kr. 250,- send ein mail til webjorn@ishavsmuseet.no
Det har vore stor pågang med utstillarar i år, og no gler vi oss stort til messa i helga.
Den populære julemessa ved Ishavsmuseet vert i år arrangert 16. og 17. november. Pr. i dag er 37 utstillarar påmelde med standar.
Fredag 1. november kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Venner på lutafisk og sosialt samvær på museet.