Ishavsmuseet «Aarvak»
Vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag, og ca. 1600 registrerte gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, tre isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar.



