Nyhende

Ishavskveld 17. oktober 2007

Onsdag 17. oktober er det duka for Ishavskveld på museet. Programkvelden er ein del av Hareidsstemna. Til Ishavsmuseet kjem Svalbard legenda Per Johnson og kåserer. Ishavskvelden tek til kl. 19.00

Positiv utvikling for Ishavsmuseet

Eit år går mot slutten og museet kan oppsummere med ei fin auke i besøkstala, og aktivitetar generelt. Det står enno igjen litt før vi når opp til besøkstala for dei to første åra, men dette året har vore det best besøkte på mange år. Det har også vore ei fin auke i besøkande som legg arrangementa sine til museet så som firmaturar, selskap, blåturar og konferansar. Dette er vi svært glade for då vi er avhengig av desse arrangementa for å halde drifta i gang.

Isflaket ute med julenummer

Redaksjonen for medlemsbladet Isflaket, organ for Ishavsmuseets Venner, er ute med nr. 4 for 2005. Isflaket har vorte eit viktig organ for formidling av polarhistorie, og nytt frå museet. Isflaket kjem i eit opplag på 500 eks. Årets siste utgåve, i den 7. årgang, er no utsendt. Ønsker du å motta Isflaket? Send oss ein mail og tegn deg som medlem. Medlemsskap innkludert 4 nr. av Isflaket fritt tilsendt kr. 150,- pr. år.

Då Brudeegget kom til Brandal

Tradisjonen tru var det førjulsfest på museet siste fredagen i november. I år fikk museet besøk av sjølvaste Brudeegget. Rett nok ikkje siglande frå Ålesund, men spanande nok likevel. 

God stemning under syng med oss

Brandalskoret og Venneforeininga for Ishavsmuseet arrangerte også i år ”Syng med oss”.

Tilstellinga fann stad søndag den 20. november, med godt frammøte og god stemning.

 

Kjend eventyrar på museet i haust

Onsdag 19. oktober var dagen då Carl Emil Petersen heldt foredrag om ein tur til Vesterisen med nordlandsskuta «Svaløy» i 1976. Han viste lysbilete og fortalde frå turen. Det var mykje folk i salen; om lag 150 hadde møtt fram. Ikkje så mange under 40 år.