Katalog over ishavsskutene

På nettsida til Ishavsmuseet vil du no finne ein link som heiter skutekatalog.

Her vil du finne dei fleste skukter som har delteke i selfangst, og nokre andre skuter som har delteke i polare ekspedisjonar.

Katalogen er på ingen måte komplett,  det vil vere stadige oppdateringar og nye opplysningar vil kome til etter kvart. Fleire skuter kjem også til. Vi har likevel valt å publisere det som no er klart. Mange av skutene manglar enno foto. Dette vil kome, men Ishavsmuseet manglar også foto av mange av skutene i arkivet. Vi set derfor stor pris på om du skulle ha foto av nokon av dei manglande skutene som du vil dele med oss.

Katalogen er søkbar, så det er lett å finne skutene du leitar etter.

Fryser I

Eigar: 1901 A/S Alekto (v/Trygve Meling), Stavanger 1917 Skibs-A/S Loddings Rederi (Trygve Lodding), Kristiania 1924 D/S A/S Alekto (Fritj. Siegwarth), Tønsberg 1927 D/S A/S Trio (Fritj. Siegwarth, Tønsberg 1928 A/S Obii (Joh. Sætveit), Bergen 1929 Lars Christensen, Tønsberg 1930 Norsk Havfiske A/S (Fr. Siegwart), Tønsberg 1930 Norsk Havfiske A/S (Brødrene Luhr), Tønsberg 1933 Norsk Frysecompani (Hans Tungvaag), Oslo
Heimehamn: Tønsberg - Oslo
Byggeverft: Knut Skaaluren, Rosendal
Byggeår: 1901
Forlist: Forliste 18. april 1934

Havfruen

Eigar: 1879 P.T Søholdt, Ørskog A/S Laurits Madson 1899 Nils S. Brandal, Brandal 1900 Ole S. Brandal, Brandal 1903 Laurits S. Brandal, Brandal 1910 Laurits S. Brandal og Hans Koppernæs 1913 Laurits S. Brandal og Peter S. Brandal 1918 Lars Ask, Ålesund og Jan Hess, Buskøy 1920 Jan Hess 1923 Aalesunds Kreditbank 1923 Lars Ask 1926 Johan N. Emblemsvåg 1947 Erling Vågsholm og Jørgen Vågsholm, Åsestranda 1948 Erling Vågsholm 1968 Thoralf Stephhansen og Oddmund Larsen, Hammerfest
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Jens Hammerås, Vestnes
Byggeår: 1879
Forlist: Forliste 25. februar 1969 i Persfjord

Minna (I)

Eigar: 1894 Olaf S. Brandal, Johan H. Brandal, Ole S. Brandal og Peter S. Brandal, Brandal Seinare vart Peter S. Brandal eineeigar
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Hans Mehus, Halsnøy, Hardanger
Byggeår: 1894
Forlist: Forliste i Stretet juli 1918

Minna (II)

Eigar: 1943 P/R Arktos, Brandal (Karl Karlsen og Bernt Marø) 1947 Martin Karlsen 1956 Martin Karlsen AS (Dina Karlsen, Karl Karlsen, Peter Karlsen, Josefine Karlsen og Borgny Karlsen Lunde) 1960 Karl Karlsen, Halifax 1970 (ca) solgt til ukjend eigar
Heimehamn: Brandal
Byggeverft: Smith & Rhuland, Lunenburg, Nova Scotia
Byggeår: 1937

Minna (III)

Eigar: 1960 Rederiet Ocean A/S, Esbjerg (J. Lauritzen, København) 1970 Rederi AB Nordfrakt (Waldemar Høglund) Mariehamn, Finland 1972 Karlsen Shipping Co.Ltd, Halifax
Heimehamn: Halifax
Byggeverft: Pusnes MV, Arendal
Byggeår: 1960
Forlist: Forliste 8. august 1974

Nils Liaaen

Eigar: 1890 Peter Thomas Sandborg, Ålesund 1905 Adolf Sandborg, Ålesund 1932 Ivar og Anna Øveraas, Vestnes 1937 Sandblåst, Skotheim m.fl., Vevang 1939 Gunvald Ottesen, Stord 1940 Knut Ness, Nøtterøy 1949 Reidar K. Olsen, Svelvik 1953 Ragnar Solås, Mosterhamn 1954 Brødrene Vik, Stamnes 1967 Nils Vik, Stamnes 1969 Nedrevåge/Huse 1970 Ragnar S. Hansen, Gildeskål
Heimehamn: Ålesund
Byggeverft: A. M. Liaaen
Byggeår: 1890
Forlist: Forlist under sandfrakt ved Repvåg juli 1971

Norrøna

Eigar: L.A. Devold og Mikal Landmark
Heimehamn: Brandal
Byggeår: 1895
Forlist: Forliste 1901 ved Grønland

Sleipner

Eigar: 1893 Jonas Fuglevik, Ålesund 1903 H. W. Sundt, Oslo (Sverre Sundt) 1905 Arne Christensen, Fredrikstad 1907 A/S Elf (S. Th. Sverre), Oslo 1910 Peder Pedersen m.fl., Tromsøysund 1917 Sigurd Tõllefsen, Tromsø 1924 Erik Thyholdt, Tromsø 1925 Bjarne Hoel, Karlsøy
Heimehamn: Ålesund - Oslo - Karlsøy
Byggeverft: Mehus i Skånevik
Byggeår: 1893
Forlist: Forliste ved Svalbard 3. juni 1926