Ishavsmuseet vart for lite
Enorm interesse for polarkvelden med ishavsskuta «Polarbjørn». Dei 180 frammøtte under polarkvelden på Ishavsmuseet fredag fekk med seg to historiske filmar. Opptaka til filmen om bygginga av «Polarbjørn» vart gjort under heile byggeprosessen og syner eit vanvettig arbeid med svære dimensjonar på tømmeret, utan moderne løfteanordningar. Det gjekk med godt å vel 80.000 arbeidstimar til å bygge «Polarbjørn».














