LEO HEIDRA KVINNENE UNDER POLARKVELDEN PÅ ISHAVSMUSEET 8. MARS.
Atter ein gong kan Ishavsmuseet notere spengfullt hus i si formidlig av ekte polarhistorie. Med over 150 i salen vart dette ein ny suksess for museet. Styrar Webjørn Landmark ynskte alle polarvenar velkomne, og gratulerte alle kvinnene i salen med dagen.
Kveldens foredraghaldar var den kjende skribent og foredraghaldar Leo Oterhals fra Aukra. Han trollbatt forsamlinga frå første stund.
Han starta foredraget sitt med å fortelje historier frå sine første besøk i Brandal i møter med dei gamle ishavsskipperane som for eks. Bernt Brandal. Også om sine møter med Henrik landmark. Oterhals lovde å heidre kvinnene bak alle desse polarheltane, som det høver seg på sjølvaste kvinnedagen. Og han starta med Bernt sitt svar då han eingong vart spurd om kven som var helten hans. «Jau, det var mor mi det», svara han Bernt som 15 år gamal reiste ilag med far sin på sin første ishavstur, og mora sto att på kaikanten med sitt ansvar for hus og heim. Det kunne ikkje alltid vere enkelt.















