Onsdag 25. januar kl. 19.00. Direktør ved Frammuseet, Geir Kløver, opnar eit rikt museums år i Brandal. Ishavsmuseet vil gjennom heile 2012 ha stort fokus på formidling av polarhistorie, og legg opp til mange spanande arrangement utover året.
Første foredragsholdar onsdag 25. januar vert altså Geir Kløver som er direktør ved Frammuseet i Oslo. Kløver er ekspert på Nansen/Amundsen og dei store polarferder. Han har hatt eit svært så travelt år i høve jubileet i 2011, og reist \»verda rundt\» med foredrag og arrangement. 17. januar var Kløver ved polarinstituttet på ærverdige Cambridge University, eit institutt som er kalla opp etter Robert F. Scott, og markerte 100-årsdagen for at Scott nådde Sydpolen.
Kløver er ein svært ettertrakta og dyktig foredragshaldar. Onsdag kveld gjestar han Ishavsmuseet med foredraget: Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen gjennom mannskapets dagbøker. Foredraget omhandlar Roald Amundsens sydpolekspedisjon, krydra med Amundsens eigne foredrags bilde, samt mannskapets private dagbøker og fotoalbum.