Nyhende

Fullt hus på Tjørvåg-kveld.

Fredag kveld var det duka for Tjørvåg-kveld på Ishavsmuseet Aarvak. Med føredraget ”Ein gong ei ishavsbygd”, om Tjørvåg, trekte Jarl Grimstad og Arnfinn John Klungsøyr Karlsen fullt hus.

 

Med eit frammøte på over 150 personar frå heile Sunnmøre, var det 75 av desse som nytta moglegheita for å få seg ein retteleg ishavsmiddag, Selkjøttgryte etter føredraget. Skal ein tru stemninga rundt bordet var også dette ein fulltreffar for Ishavsmuseet, som er i vinden som aldri før.

ISHAVSKJERRINGANE PÅ LERRET!  

Onsdag 14 mars er det premiere på dokumentarfilmen Ishavskjerringa på Ishavsmuseet Aarvak.

For første gong på film fortel kvinnene som venta heime mens mennene deira var på fangst i ishavet si historie.

Dokumentarfilmen blir vist på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal onsdag 14. mars klokka 19:00. Regissørane og to av dei medverkande vil vere til stede, og etter framsyninga vil det vere mulig å kjøpe filmen på DVD.

Filmen varer 27 min.

Vellukka polarkveld på Ishavsmuseet

Onsdag 25. januar var omlag 70 frammøtte samla på undervisningssalen ved Ishavsmuseet i anledning årets første polarkveld, og det som i følgje styreleiaren i museet, Willy Nesset, startskotet på eit aktivt år ved museet.

Året vart starta med direktør ved Frammuseet, Geir O. Kløver, som hadde teke turen til ishavsbygda for å halde foredrag om Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen.

Velkomen til årets første POLARKVELD!

Onsdag 25. januar kl. 19.00. Direktør ved Frammuseet, Geir Kløver, opnar eit rikt museums år i Brandal. Ishavsmuseet vil gjennom heile 2012 ha stort fokus på formidling av polarhistorie, og legg opp til mange spanande arrangement utover året.

Første foredragsholdar onsdag 25. januar vert altså Geir Kløver som er direktør ved Frammuseet i Oslo. Kløver er ekspert på Nansen/Amundsen og dei store polarferder. Han har hatt eit svært så travelt år i høve jubileet i 2011, og reist \»verda rundt\» med foredrag og arrangement. 17. januar var Kløver ved polarinstituttet på ærverdige Cambridge University, eit institutt som er kalla opp etter Robert F. Scott, og markerte 100-årsdagen for at Scott nådde Sydpolen.

Kløver er ein svært ettertrakta og dyktig foredragshaldar. Onsdag kveld gjestar han Ishavsmuseet med foredraget: Roald Amundsen og sydpolekspedisjonen gjennom mannskapets dagbøker. Foredraget omhandlar Roald Amundsens sydpolekspedisjon, krydra med Amundsens eigne foredrags bilde, samt mannskapets private dagbøker og fotoalbum.

Ishavskveld 19. oktober

Tradisjon tru vert det ishavskveld i forbindelse med Hareidsstemna også i år. Onsdag 19. oktober er det klart for ein ny hyggeleg ishavskveld i kjent stil.

Polarkveld med Mats Forsberg 25. mai

Onsdag 25. mai kl. 19.00 er det klart for polarkveld, foredrag og film, med Mats Forsberg. Mats var med på oppstarten av Svalbard Polartravel i 1990. Mats var ekspedisjonsleiar og guide ombord i M/S Polarstar i fleire år. På Ishavsmuseet vil han vise bilder og fortelje meir om denne tida. Han vil også fortelje om ekspedisjonar som han i dag er med på både til Svalbard og Grønland.

Boklansering søndag 7. november

Boka «Is, skuter og folk» – Isflaket 10 år, er snart klar frå trykkeriet. Søndag 7. november blir det boklansering på Ishavsmuseet med lett underhaldning og god mat.

Ishavskveld 20. oktober

Tradisjon tru vert det også i år ishavskveld i forbindelse med Hareidsstemna.

I år har vi vore så heldige og fått Ulf Prytz til å besøke oss med foredrag – Med seilbåt til Nord-Svalbard.

Grillkveld på Ishavsmuseet

Fredag 6. august inviterer vi til grillkveld på museet. Det vert grilla og solgt ymse grillmat, kaffi og kaker. Det er Ishavsmuseets Venner som saman med Ishavsmuseet steller i stand dette. Asbjørn Brubakk og Atle Gjerde står for musikalsk underhaldning.